Aktuelt

Ukategorisert

Vitja Hardangerrådet

Frå v. varaordførar Frode Nygård Kvam herad, David Johannes Sandved Vestland Fylkeskommune, Hanna Geiran Riksantikvaren, ordførar Jens Olav Holven Ulvik herad, Ordførar Roald Aga Haug Ullensvang kommune, ordførar Timo Knoch Eidfjord kommune, dagleg leiar Jostein Eitrem Regionrådet og Simen Bjørgen Kulturminnefondet.

Riksantikvaren, Vestland fylkeskommune og Kulturminnefondet var nyleg på vitjing i Hardangerrådet.

Dette skjedde under rådets oktobermøtet i Eidfjord.

På agendaen stod kulturminna som ressurs i regional utvikling. Det vart eit møte med fokus på engasjement og moglegheiter.

Riksantikvar Hanna Geiran

–        Dette er ein region med ein nasjonalt viktig og spesielt flott kulturarv, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Kulturmiljøforvaltninga har eit samarbeid om verdiskaping på kulturmiljøfeltet. Med møtet i Hardangerrådet ynskjer ein å forsterke dette arbeidet i regionen framover.

Difor var det viktig å møta dei folkevalde tidleg i perioden.

Kulturminna våre kan være viktige byggjesteinar i stedsutvikling, næringsutvikling og ikkje minst med tanke på folketalsutvikling.

–        Vi er glade for at vi vart så godt mottekne og ser fram til det vidare samarbeidet med regionrådet om dette, avsluttar Geiran.