Ukategorisert

Ein halv million til kulturminne i Sauda sentrum – no skal huset bli bebueleg

I Sauda sentrum, ved Rådhusplassen, står “Fagerborg”. Dette huset har blant anna vore bolig, kafé, frisør og butikk sidan 1928. Bygningen som er oppført i nyklassisistisk stil, har stått ubrukt over fleire år, og ber difor preg av tidens tann. 

No har styret i Kulturminnefondet vedteke å støtte med ein halv million kroner for å hjelpe med restaureringa av Fagerborg.  

Næring: Byggets første etasje er næringsareal, medan resten av huset er boligdel som ikkje er bebueleg. Foto: Google maps 2019

Skal bli bebueleg

Byggets første etasje er næringsareal, medan resten av huset er boligdel som ikkje er bebueleg.  

Eigarane ynskjer å restaurere og bruke huset som framtidig bustad, og samstundes få tilbakeført det til sin opphavlege arkitektur.

Til Kulturminnefondet opplys eigarane at 

Me ynskjer å ta vare på historia, samstundes som me gjennom restaurering, tilpassing og moderne komfort får bygget opp på eit høgt byggteknisk nivå.

Bevaring: – Me ynskjer å ta vare på historia, samstundes som me gjennom restaurering, tilpassing og moderne komfort får bygget opp på eit høgt byggteknisk nivå, opplyser eigarane til Kulturminnefondet. Foto: Google maps, 2019.

Kulturhistorisk miljø

Bygningsmassen har stor verdi som del av eit kulturhistorisk miljø.  

Fylkeskommunen slår fast at Sauda sentrum, i tillegg til Åbøbyen, er eitt av dei viktigaste samanhengande kulturmiljøa i kommunen. 

Både bygg, gateløp og hagar er viktige element som saman fortel om staden si opphav og utvikling.  

Samstundes fortel miljøet mykje om dei aktivitetane og tradisjonane ein har hatt på staden. 

Kulturminnefondet finn det positivt at bygningen ynskjest bevart, og prosjektet er lagt opp til at dei historiske verdiane vil bli godt ivaretatt, seier Hanne Jakhelln som er styreleiar i Kulturminnefondet. 

Dette skal 500 000 kroner frå Kulturminnefondet gå til:

Tilskot vert gjeve til utskifting av utvendig kledning, nye lekter, utskifting av vindauge og restaurering av 4 ytterdører. 

Kulturminnefondet har tidlegare gjeve tilskot på 500 000 kroner til bytte av tak og til drenering i 2022.