Ukategorisert

176 000 kroner til norsk skulehistorie

Dei nye eigarane på Kvie i Vang ønskjer å setje i stand husa på garden. Først ut er det gamle skulehuset som representerer ein viktig del av norsk skulehistorie. Kulturminnefondet er positive til istandsettingen, og gir 176 000 kroner i stønad.  

Tidlegare “omgangsskule”

Bygningen har tidlegare blitt brukt som omgangsskule. Omgangsskuleordninga oppstod etter innføringa av den første norske skulelova i 1739. Når det ikkje var praktisk å samle elevar i ein fast skulebygning, reiste lærarane rundt og underviste på omgang.
 «Fastskulelova» frå 1860 påla kommunane å etablere permanente skular som skulle erstatte omgangsskulane.

Å setje i stand huset er viktig for at skulehuset skal kunne bevarast for framtida. Kulturminnefondet ser positivt på at eigarane ønskjer å ta vare på historia og bygningane på tunet, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Dette skulehuset er ein av dei bygningane som står på sin opphavlege plass. Nokre av husa på garden blei på eit tidspunkt flytta til Valdres Folkemuseum, der dei no utgjer ein viktig del av samlingane.

Dette skal 176 000 kroner frå Kulturminnefondet gå til:

Tilskotet blir gitt til jekking av bygget, senking av terrenget, riving av støypt trapp og muring av ny trapp i naturstein, utbetring av kledning, spunsing av skadd tømmer, utbetring av skader på himlinga ved pipa, reparasjon av glas over dør og restaurering av vindauga.

Foto: Privat, frå søknaden til Kulturminnefondet