Sygard Grytting i Sør-Fron

Storgården Sygard Grytting er en levende gård i full drift. Gjestevirksomheten på garden blir i dag drevet som et historisk hotell.

Eierne har fått tilskudd fra Kulturminnefondet flere ganger, blant annet til istandsetting av en stor, laftet stall fra 1780 og våningshuset.

Sted

Sør-Fron kommune, Innlandet

Landbruk

Landbruk

Gammal storgard og historisk hotell

Når ein køyrer oppover gardsvegen til Sygard Grytting opplever ein fort at dette blir ein kulturstopp. Garden ligg så fint til i solsida i Sør-Fron i det området som blir tidlegast grønt om våren i Gudbrandsdalen.

Tekst og foto: Kjell Nyhus

Det er godt skilta til Sygard Grytting langs den gamle E6 mellom Harpefoss og Hundorp i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Eit stort treskilt med påmåla Sygard Grytting med Olavsrosa til Norsk kulturarv på toppen fortel at vi er på rett veg. Tre store reklameskilt fortel både om Sygard Grytting og Gudbrandsdalsvegen, og oppkøyringa til garden er innramma av ein pen skigard og forseggjort smijarnsrekkverk mot gang- og sykkelvegen som går nedanfor garden.

Stig og Hilde Skurdal Grytting på trappa framfor mellomalderloftet. Foto: Kjell Nyhus

På høgre sida av oppkøyringa går det ei bru over ein bekk og der står ein av dei 21 lange og smale figurane med glasaugo støypt i bronse laga av kunstnaren Gitte Dæhlin. Tre hundre meter lenger nede på jordet til Sygard Grytting står resten av dei 21 figurane Flokk som er laga i Mexico og som er ei gåve til Sør-Fron kommune frå Sparebankstiftelsen DNB. Grytting har stilt med tomt for skulpturane.

Skulpturstopp

Skulpturane Flokk er varsla langs den gamle E6 med skilta Skulpturstopp. Når ein køyrer oppover gardsvegen til Sygard Grytting opplever ein fort at dette også blir ein kulturstopp. Garden ligg så fint til i solsida i Sør-Fron i det området som blir tidlegast grønt om våren i Gudbrandsdalen. Majestetiske tømmerhus med skifer på tak og kvitmåla vindskier, loftsetasje, glas og veranda reiser seg bak ein frodig hage.

Ein tur innom Sygard Grytting inneheld både ein kultur- og skulpturstopp. Foto: Kjell Nyhus

Eit nytt lafta bygg er i ferd med å koma på plass bak eit anna stort tømmerhus. Etter å ha køyrt forbi ein stor låve kjem fjoset til syne på høgre sida. Taket på fjoset fører tankane fort til nåtida. Riksantikvaren hadde ikkje innvendingar mot at det vart lagt solcellepanel i skifermønster på solsida av fjostaket, noko Stig Skurdal Grytting hevdar var ei god investering samanlikna med skifertak. Einaste minuset han ser er at platene naturlegvis er noko blankare enn ekte skifer.

Kufjoset er omgjort for sau, og på garden dyrkar dei elles poteter, frukt, bær og grønsaker som inngår i matkulturen på garden. I fjellet hentar dei fisken, og dei supplerer med lokal vare frå produsentnettverket Gudbrandsdalsmat.

Hovudhuset som vart restaurert i 2004. Foto: Kjell Nyhus

Slektstradisjon

Stig Skurdal Grytting tok over garden i 1898, og han er minst 16. generasjon frå 1534 som driv Sygard Grytting. Men garden har truleg vore i same slekta sidan 1300-talet.

Stig er utdanna sivilingeniør og opptatt av bygningsvern og formidling av kulturhistorie. Han er gift med Hilde som er utdanna ergoterapeut og som formidlar gode mat- og sanseopplevingar gjennom lokale råvarer, blomar og miljø. Dei ønskjer å ta vare på kulturarven og dele godene med gjestane sine. Ekteparet har tre gutar, og dei fortel at innan eit år skal eldstesonen Halvor ta over garden. Han har også byggkompetanse, så bygningsarven på Sygard Grytting ser ut til å vera i dei beste hender i nok ein generasjon. Ikkje nok med det. Som ein ekstra bonus for eigarane av Sygard Grytting har dei to andre sønene også kjøpt seg gardar i den same sørvendte lia som Sygard Grytting ligg i.

Hilde og Stig flankerer pilegrimane Petter Heiberg frå Moss, Stine Jacobsen frå Son og Tor Sørby frå Moss. Foto: Kjell Nyhus

Historisk hotell

Hilde og Stig er raske til å servere kaffe ute i det vakre inntunet, men brått kjem tre pilegrimar med tunge sekkar inn på tunet. Det er Petter Heiberg frå Moss, Stine Jacobsen frå Son og Tor Sørby frå Moss. Dei starta frå Oslo 13. mai og hadde som mål Nidaros 28. juni. Tor er prest i Moss kyrkje og har gått pilegrimsleden fleire gonger med følgje.

– Kva forventar de å oppleve her på Sygard Grytting ?

– Karaoke, kjem det spøkefult frå Petter, humørspreiaren på den lange fotturen.

– Det som vi blir møtt med her og nå, svarar Stine. Fred og ro. Det er så utruleg vakkert her. Dette er noko anna enn byen, og så kjem vi til det eldste overnattingshuset på turen. Her er det rom for å vakne i ei annan tid.

Stig delegerer fort til kona Hilde å ta imot pilegrimane og få dei i hus. Det blir derfor naturleg å spørja Stig kva for omfang pilegrimstrafikken representerer for Sygard Grytting.

– Vi hadde eit toppår med fire hundre pilegrimar i 2019. Dei to tidlegare åra var det rundt tre hundre kvart år. I det siste har pandemien sett ein stoppar for dei utanlandske pilegrimane som har dominert. Det er spesielt pilegrimar frå sentraleuropa, Tyskland, Nederland og Belgia. Vi tilbyr dei overnatting og ein spesiell pilegrimsmeny. Dei aller fleste varslar på førehand for å vera sikre på å få plass. Vi har plass til 18 personar fordelt på to store loftsrom med to store hemsar og eit soverom i fyrste etasje. Langloftet frå før svartedauden er den største tømmerkjerna og det einaste herberge frå mellomalderen i Norge som er teke vare på. På svalgangen er det to innpassa bad. Bad i 700 år gamle freda trebygg skal ein leite lenge etter, smiler Stig Grytting. Det er tenkt mykje på fukt, vekt og visuell utforming.

Våningshus frå 1680 vart reparert i 2016–2019. Foto: Kjell Nyhus

Kulturminnefondet støttespelar

Orienteringa om mellomalderloftet som er det einaste freda bygget på Sygard Grytting fører oss inn på ærendet vårt for gardsbesøket:

På kva måte har Kulturminnefondet støtta opp om å ta vare på bygningsarven her på garden?

– I tida mellom 2004 og 2020 har Kulturminnefondet støtta opp om restaureringa av i alt fire bygg med totalt 759.000 kroner, seier Stig som innleiingsvis fortel at han alltid har hatt eit greitt og bra samarbeid med Kulturminnefondet.

– Du må like å skrive søknad, og det kan til tider vera krevjande å koma gjennom. Ein dårleg søknad kvalifiserer ikkje til noko bidrag korkje til eit godt eller dårleg prosjekt, og omvendt. Etter at fylkeskommunen fekk bygningsvernrådgjevar i eit samarbeid med Maihaugen og Gudbrandsdalsmusea har det vore ei god hjelp. Fyrste prosjektet her på garden som Kulturminnefondet støtta var omtekking av skifertaket på nedre hovudbygningen. Her var det ikkje undertak og planen var å bruke opp att skiferen på taket. På sørsida var derimot ti prosent av skiferen så dårleg at vi måtte kjøpe nye skiferheller  frå Otta som vi klipte til. Takkonstruksjonen med isolasjon vart slik at vi kunne få på plass att vindskier i same dimensjon som originalt.

Stig Grytting fortel at da dei skulle bygge om den gamle tørrstugu i 2008 og 2010 med nye installasjonar og eit tilbygg fall dette utanom Kulturminnefondet sitt verkeområde. Vi søkte fire gonger. Kulturminnefondet såg dette likevel som eit viktig tiltak i pilotprosjektet «Pilegrimsleden» og næringsutviklinga på garden ved at dei gav støttefunksjon til mellomalderbygningen. Kulturminnefondet gav tilskot til istandsetjing av tømmerkjerna som skulle brukast opp att i bygget.  Fylkeskommunale og regionale utviklingsmidlar kom også til god hjelp i prosjektet.

Mellomalderloftet er einaste freda huset på Sygard Grytting. Foto: Kjell Nyhus

I åra 2016–2019 vart eit våningshus frå ca. 1680 reparert. Svalgangen hadde glidd frå tømmerhuset, og dørstokk og nedre kvarvet hadde rotna. Kulturminnefondet meinte at bygget representerte ein bygningstype som det var viktig å ta vare på, særleg når dette låg i eit heilskapleg bygningsmiljø. I tillegg til reparasjon av mur og laft vart også skifertaket lagt om att. Dårleg skifer vart bytta ut med skifer frå Gålåområdet. Bygningsvernrådgjevar hadde gjeve ei positiv uttale til prosjektet, og søknaden var styrka av at bygget er planlagt brukt til kulturbasert næringsverksemd. Innvendig viser Stig Grytting fram ein spesiell klebersteinpeis der både koke- og steikeomn er integrert i århelle og vange. Stig kunne nok tenke seg å få reparert både den og golvet i same rommet.

Siste prosjektet på Sygard Grytting som Kulturminnefondet har støtta med 120.000 kroner er reparasjon av ein gammal stall som er ein viktig del av kulturmiljøet på Sygard Grytting. Taket er lagt om med ny taktro, kledning og golv er reparert og veggane tetta med mose. Alt er utført i tråd med opprinneleg materialbruk og metodar. Arbeidet med å reise eit nytt servicebygg inntil stallen er kome langt, og dette glir godt inn i resten av bygningsmiljøet på garden. Samla vil desse to bygga styrke både landbruksproduksjonen med foredling av sau og gjestedrifta på Sygard Grytting. Stig er ein forsiktig person, men i samtalen skin det godt gjennom at eigeninnsatsen i alle restaurerings- og byggeprosjekta på garden har vore ekstra stor. Og med den solide fagkunnskapen som han sit inne med er det ein god garanti for godt utført arbeid.

Etter OL på Lillehammer 1994

Det var spesielt etter OL på Lillehammer i 1994 at vertskapet på Sygard Grytting tok opp att å ta imot gjestar på garden sin. Dei har ein filosofi om å ta vare på kulturarven som dei ønskjer å dele med gjestane sine. Garden blir i dag i tillegg til gardsdrifta drive som eit historisk hotell med tilbod om overnatting med måltid i ei autentisk historisk ramme. Med totalt 46 sengeplassar og plass til alle rundt same bordet, kan Stig og Hilde skreddarsy opplegg for grupper med ulik storleik, representasjonar, møte, selskap og bryllaup. Ja, større grupper kan til og med få disponere heile garden åleine.

Under Peer-Gynt stemnet har dei spesielle opplegg som inkluderer transport til å frå teateret på Gålå. I den travlaste årstida sysselset Stig og Hilde mange lokale ungdomar frå bygda, og Stig gler seg over å sjå utviklinga hjå ungdomane som for mange har sin fyrste arbeidsdag på garden.

Stig og Hilde lever på mange måtar både i nåtid og i fortid, men har eit stødig blikk inn i framtida. At Sygard Grytting i 2019 vart tildelt Folkets reiselivspris i gull dokumenterer den allmenne verdisetjinga av garden som eit framifrå reiselivsprodukt.

Sygard Grytting ligg i eit fint kulturlandskap i Sør-Fron kommune og er både ein gammal storgard og eit historisk hotell med losjitradisjonar tilbake i mellomalderen. Foto: Kjell Nyhus