Stueflotten hotell

STUEFLOTTEN er et gammelt tradisjonsrikt sted, og var før jernbanens og bilveiens tid «skysstation», der de reisende kunne ta inn og nyte datidens komfort. Det var i sin tid det største turiststed mellom Åndalsnes og Lillehammer, og hadde 13 hester med kjøretøyer til disposisjon. Celebre personer som f.eks. Alexander Kielland og Bjørnstjerne Bjørnson besøkte stedet utallige ganger på sine reiser gjennom Romsdalen og Gudbrandsdalen. Prinsesse Ingeborg, og prins Carl av Norge og Sverige finnes også i gjestebøkene. Vår egen Kong Haakon VII og Kronprins Olav var her sammen med regjeringen i 1940. Men det var ikke bare i forrige århundre – i de engelske storfiskernes tid at Stueflotten var et kjent sted. – Det er nå blitt et sentrum for skisporten og et aktuelt turiststed om sommeren.

Sted

Lesja

Verdiskaping

Verdiskaping

Raumabana som opna i 1924 hadde stopp ved Stueflotten stasjon som også var eit populært reisemål for sunnmøringar som ville opp frå regn og skodde til Bjorli der det «alltid» var sol og klårt vêr. Stueflotten var eit sommarpensjonat, og som regel opna til påske og stengde seint på hausten. Turistverksemda heldt fram til fyrst på sekstitalet. Med biltrafikk og E 136 kom nye samfunnsmessige endringar. Etter kvart gjekk dei over til sjølvhushald før overnattingsdrifta tok heilt slutt på syttitalet. Eit forsøk med skianlegg og innvendig oppgradering vart ikkje løysinga for hotellet. Siste gongen det var noko festivitas i det gamle hotellet var for snart tredve år sidan da Per feira 50-årsjubileumet sitt.

Stueflotten hotell, Lesja

– Det var oldefar min, Endre Johnsen, som sette opp dette staslege huset i sinklaft og sveitserstil den gongen i åra 1895-1900 fortel Per Stueflotten (80). Det var ein lafteteknikk som kom sist på 1800-talet. Det var skysstasjon her frå 1863. Nå er han og dottera Silje (40) i gang med å restaurere bygget som i si tid tok imot velståande fiske- og turinteresserte engelskmenn og andre langvegsfarande.

 

Tekst og foto: Kjell Nyhus

- Berre å bera vatn opp på alle romma var arbeidskrevjande før det vart lagt inn vatn, fortel Per.

Norsk krigshistorie vart skrivi i Stueflotten hotell

I seinare tid har det vore fokus på «kongens nei» gjennom filmatisering av Kong Håkon VII og kronprins Olav sin flukt frå Oslo i aprildagane 1940. Frå Elverum gjekk fluktruta oppover Østerdalen, Folldalen til Hjerkinn. Tog ned til Otta og bil opp til Vågå, med nokre dagar på Sandbu i Vågå. Tyskarane hadde så smått etablert seg med fallskjermsoldatar over Dombås, så vegen frå Vågå mot Romsdalen var etter kvart risikabel og farefull. To andre fluktvegar vart derfor presentert for kong Håken på Sandbu. Det var å bli frakta med skikjelke over Slådalen mot Lesja, eller alternativt over Sognefjellet. Til dette svara kongen eit nytt nei. Han ville ta sjansen på å bli køyrd via Dombås og vidare vestover Lesja mot Åndalsnes og vidare til England. Etter ei natt på Lesjaverk gard vart Stueflotten hotell den 22.april neste stopp for

kongen med følgje. Der vart så mange av medlemmane i regjeringa samla, med statsminister Nygaardsvold i spissen, at dei var vedtaksføre som statsråd. Med tyske fly i lufta over Bjorli og Stueflotten, og bombing like bak hotellet, vart Nortraship-avtala underteikna. Gjennom denne avtala kunne norske båtar bli rekvirert for den norske regjeringa og dei allierte. Nortraship (Norwegian Shipping and Trade Mission) vart med denne avtala verdens største rederi som frå London kontrollerte tusen båtar og tretti tusen sjøfolk utanfor tysk kontroll. Vedtaket på Stueflotten blir sett på som eitt av dei viktigaste vedtaka under krigen, og skulle sikre forsyningar og støtte krigsoperasjonar. Rundt hotellet er det i ettertid registrert 65 bombekrater. Restauranten og lokstallen på Bjorli vart øydelagt av dei tyske bombene. Dette var det siste statsråd på norsk jord før konge og regjering flykta til England.

Per Stueflotten og dottera Silje kan fortelja meir om dramatikken den dagen.

– Det var fullt med soldatar her den dagen, for IR 11 (Infanteri 11 Møre og Romsdal) skulle overta ansvaret for kongen med følgje vidare. Dei hadde sett opp fleire vaktpostar med maskingevær og mitraljøsar. Like bak huset her ligg Merraberget, oppkalla etter ei merr (hohest) som hadde ramla ned der. Det seks meter fjellet skrår utover så det blir liksom eit tak over. I forkant av det skrå berget hadde soldatane sett opp bjørkestammar som ein vegg. Da flyalarmen gjekk flykta kongen med følgje inn under berget. Det er da Kronprins Olav skal ha spurt kvar budeia var. Da han fekk høyre at ho var i fjoset sprang han ned og henta ho inn i gøymestaden under Merraberget. Budeia var Toline Kleiven frå Heidal.

Kulturminneplan for Lesja kommune

Det var vedtaket i Lesja kommune om å prioritere Stueflotten hotell på fyrsteplass i den kommunale kulturminneplanen som sette fart i planane om å restaurere Stueflotten hotell for tre år sidan. Kommunen ser på hotellet som eit kulturminne av nasjonal verdi, og i samarbeid med eigarane vil dei gå for fredning og restaurering. Kulturminnefondet har gjeve tilsagn om tilskot på inntil 400.000 kroner til prosjektet Stueflotten hotell og ser på hotellet som eit viktig kulturminne frå den spede starten av norsk turistindustri. Hotellet og historia til hotellet fortel om utfordringane med omstilling frå eliteturisme før andre verdskrig til masseturisme deretter. Både Bjorli som nyare turiststad og etableringa av Nortraship er moment som Kulturminnefondet har lagt vekt på. Direktør i Kulturminnefondet Simen Bjørgen seier at prosjektet er spennande fordi potensialet i området er så bra. Med restaureringa kan det gamle hotellet på nytt kunne bli ein viktig del av turistnæringa om alt går som det skal. Det er ei mengd private hytter på Bjorli, men svært lite tilbod om overnattingsplassar. Planar om utviding av skianlegg vil kunne gjera Stueflotten meir sentral som nedfartsmål.

Her har det vore ein dødskamp for dei to bukkane som sette seg fast i kvarandre med horna.

Smykket på Stueflotten hotell

Bygningsvernrådgjevar ved Gubrandsdalsmusea Håvard Syse hjelper Per og Silje med å ta vare på Stueflotten hotell for framtida. Dei har gått over kva som må gjerast med bygningen, og Syse har laga ein tilstandsrapport. Restaureringa blir omtala som viktig av omsyn til antikvarisk, landskapsmessig og funksjonell verdi. I tillegg til Kulturminnefondet sitt tilsagn om fire hundre tusen kroner har Norsk rederiforbund støtta restaureringsarbeidet med seksti tusen. Med fyrste prioritet i den kommunale kulturminneplanen forventar eigarane at både kommune, fylkeskommune med fleire vil støtte restaureringsarbeidet økonomisk. Hausten 2021 starta restaureringa med sørveggen, og planen er å ta ein og ein vegg med båre restaurering og maling. Dette for å spare mykje arbeid med flytting av stillas. Det er flotte dekorasjonar fleire plassar på hotellet, men sørsida med den spesielle verandaen blir sett på som smykket i bygget. Bærebjelkane hadde rotna og verandaen var på bikken. Med nye bjelkar, nye golv og tak og glasruter og ny måling står verandaen snart fram i full glans. Dei vil ta tilbake den gulaktige farga på ytterveggane. Dei fine utskjeringane på verandaen får kvit farge med grøn innramming

Inne i verandaene får veggane ei ljos engelsk raudfarge. Det blir brukt linolje som blir blanda av Møretyri, og Kulturminnefondet krev bruk av linolje i tilsagnsbrevet sitt.

På baksida av hotellet er det og interessant historie. Per guidar rundt i andre høgda og peikar på enden av ein lang korridor der det i bygget si glanstid var to dører inn til to like store rom. Det var dei to «utedoane» for kvart kjønn, ein toseter i kvart rom!

Per kan fortelja at da mor hans, Ingeborg dreiv, var det vanskeleg å få nokon god økonomi ut av drifta. Dei store soveromma med dobbeltsenger vart delt opp i fleire mindre rom og tømmerveggane vart kledd med plater og tapet. I ettertid kunne nok Per gjerne sett at dei store romma hadde vore intakt. Garden var heller ikkje så stor, sjølv om skogeigendom på fire tusen mål var av dei største på Lesja. Halvparten var lauvskog og det var mykje berg, myr og låg bonitet. Dei hadde dyr på garden for å sikre seg med mjølk og kjøt gjennom sesongen, men garden har aldri hatt seter. Som skysstasjon med mange hestar måtte garden skaffe seg mykje for. Derfor gjekk det fleire menn med ljå og slo gras omkring der det var mogleg å hente litt for.

Per er glad for den støtta dei har fått, men det må nok til ei runde til med søknad for det innvendige arbeidet. Det utvendige er kostnadsrekna til to millionar kroner, og Per reknar med minst det same når det gjeld det innvendige arbeidet.

Håvar Syse skriv i statusvurderinga si følgjande:

Det er stabile grunnforhold. Øvre del justerast og skader utbetrast. Takvatnet bør ledast ut frå huset med nedløp, utkast og ei drenerande grøft. Pussa muroverflater fornyast med ny kalkbasert pussmørtel. Terrasse med inngang reparerast og tilpassast øvrig bygning. Maling av vegger med lys farge, hjørnekasse, omramming og vindskier – kontrastfarge. Vindauge kittast og malast med kvitmaling. Det bør kun brukast linoljemaling. Taket bør ettersjåast. Plater festast og nedløp reinskast. Takvindauge må tettast med manglande ruter og ev. anna sikring mot lekkasje. Vurdere å skifte ut skifer med bølgeblikk på aktuell del,

Ein allsidig familie 

– Er eg pensjonist, smiler Per når det blir prat om kor gammal han er. Som gutunge var han med når dei med hest og slede henta påskegjestane på Stueflotten stasjon. Turistane kom med tog og gjekk i tog, mimrar han, når «toget» på bortimot femti personar gjekk oppover mellom høge brøytekantar opp til hotellet. Seinare i livet har eg arbeidd som maskinentreprenør i Statens vegvesen og hadde fleire menn og maskinar i arbeid da Mardøla var utbygd. Protestaksjonen med lenkegjengen oppe på fjellet var spesiell, hugsar han. Eg trudde ikkje at eg skulle bry meg meir med dette huset etter at eg vart pensjonist, fortel Per, som i fyrste omgang ser det slik at det viktigaste nå er å hindre meir forfall på hotellbygget. Det gamle tømmerhuset på garden var sett saman av fleire tømmerhus, og Per såg det ikkje som aktuelt å ta vare på dette som dermed vart teke ned. Men Per er ein entreprenør som likar å bygge opp. I tillegg til gardsdrifta og maskinfirma har han bygt eit minikraftverk som vart sett i drift i 2006 

– Da er du sikkert vorte millionær, så dyr som straumen er nå for tida ? 

– Nei, kjem det kjapt frå Per, som fortel at han leverer straumen til Fjellnett, og med dei låge prisane det har vore i området her har det nesten ikkje vore lønsamt å produsere straum. 

Barnebarnet Per Martin (6) som har starta på skulen i haust kjem med ein liten død fugl på ein spade i lag med søstera Oddbjørg (4). Han har prøvd å grave eit hol som grav for fuglen, men jorda var for hard. Da er det godt å ha ein bestefar som kan kunsten med å grave hol i jorda – og som meir enn gjerne vil hjelpe til. Men fyrst må vi inn på låven der ei mengd gevir fortel om jegeren Per. Det er spesielt to reinshorn som er fletta inn i kvarandre Per vil syne fram. – Her har det vore ein hard kamp mellom to bukkar, fortel han, der båe måtte bøte med ein tragisk død. Kanskje Skogbruksmuseet på Elverum kan tenkje seg å stille dei ut, seier han litt spørjande. 

Inne i huset til Silje rundt kaffebordet fortel ho at ho heile tida sidan ho var ung har sett for seg å ta over på Stueflotten. Ho har både ein eldre og ein yngre bror som det ikkje har vore aktuelt for å ta over for, så etter at ho har vendt heim att frå Oslo har ho fatta meir interesse for det ærverdige hotellet. Ho har ein bachelorgrad innan programmering, og etter å ha prøvd fleire arbeidsoppgåver i lokalmiljøet er ho i gang med utdanning innan økonomi og rekneskapsføring – ein kompetanse som er etterspurt i regionen. 

Fyrste turguiden i landet ? 

– Hadde det gamle hotellet stått her ferdigrestaurert og utan stor gjeld hadde eg ikkje vore i tvil om at eg ville satse innan reiseliv. Bjorli er eit spennande område innan reiseliv, og her på Stueflotten kunne vi by fram ei heilskapleg opplevingspakke med kulturoppleving og god mat. Museum, catering og naturopplevingar er også stikkord i tankane mine framover. Sjå berre her, seier ho med entusiasme, og viser fram det som kanskje er den fyrste turhandboka her i landet. Ein lakseglad og naturinteressert engelsk gjest som var på Stueflotten fleire gonger har i den minste detalj skrivi ned turguide for over tjue fotturar til kjende fjelltoppar frå Stueflotten, med lengde, tidsbruk, proviant og utstyr for turen. Denne turguiden vart gjeve til hotelleigaren i 1903, oversett til norsk i 1906 og kan brukast den dag i dag som turguide frå hotellet her. 

Ein guidatur gjennom dei fleste rom i det gamle hotellet dokumenterer at mykje av det gamle inventaret framleis er i hus i tillegg til mykje av antikvarisk verdi. Når Silje også kan vise fram eit par svært verdifulle vovne teppe etter Ingeborg Stueflotten (1877-1961) er det liten tvil om at det gamle hotellet på Stueflotten om nokre år kan få eit nytt spennande liv dersom alle kulturinteresserte krefter kan dra i fellsskap i same lei. Det er berre å drøyme om korleis den store opningsdagen kan bli ! Noko å sjå fram til for alle som vil hjelpe til.   

Familien Stueflotten med Per, Silje, Per Martin og Oddbjørg framfor det 125 år gamle huset.