Galde Mølle

Mads Jarle Vole (75) er svært oppteken av å ta vare på viktige kulturminne etter forfedrane sine som bygde opp både tørrstugu, mølle, kraftstasjon og snikkarverkstad.

Sted

Lom

Verdiskapning

Bolighus

Kulturminne i Bøverdalen i Lom blir teke vare på

Mads Jarle Vole (75) er svært oppteken av å ta vare på viktige kulturminne etter forfedrane sine som bygde opp både tørrstugu, mølle, kraftstasjon og snikkarverkstad. Telefonsentralen låg også på heimplassen til Mads Jarle Vole. Mads har flytta tørrstugu litt lenger frå rv. 55 gjennom Bøverdalen og inn på tunet der han voks opp og framleis bur ved sida av den brusande elva Bøvra. På andre sida av den blågrøne elva står eit hus med tre høgder som vart bygt i 1929. Det var bestefaren Christian og faren hans, Jo, som fekk sett opp huset med vassrenne frå Geidden lenger oppe i elva. I dette huset vart det bygt opp kraftstasjon og mølle over tre høgder med energi frå vatnet i den freda elva Bøvra.

Tekst og bilete: Kjell Nyhus

Mads viser fram riva som dei raka i kornet når det låg til turk på «skjeillen».

Norsk Kulturminnefond ser heilskapen i kulturarven

Mads Jarle Vole har teke vare på protokollane frå da Galde Mølle var i drift frå 1930-åra. Det var eit krav frå Statens kornforretning at denne aktiviteten skulle skrivast ned og dokumenterast.

– Eg tykkjer det er både verdifullt og artig å ta vare på kulturskattane som forfedrane mine var med og bygde opp, fortel ein engasjert Mads Vole når han både viser rund i tørrstugu og på mølla, og viser alle dokumenta som han har teke vare på. I dag har vi både korn- og energikrise i Europa, men svært lettvint på mange måtar. Kanskje har vi godt av ei lita krise for å få augo opp for kor sårbare vi er av import på mange område, kjem det forsiktig frå Mads. I eldre tider var sjølvforsyninga mykje betre, men også mykje meir arbeidskrevjande. Da Galde Mølle kom i drift på 1930 talet tok dei på seg leigemaling av korn for gardane i heile Bøverdalen frå Borgen lengst nede i dalen og til dei øvste gardane. Alle som leverte mjølk til ysteriet her i Bøverdalen var stort sett med på denne ordninga. På den tida kunne det vera opp mot 50-60 bruk, fortel Mads Vole, som legg til at møllarane også kjøpte opp korn sjølve som dei mol på mølla og selde til butikkane på Galdesand, i Lom eller til Holø-butikken i Garmo. Stor-stabburet i Lom var eit lokalt kornlager.

Noen år senere mens han bodde i USA våknet han plutselig en natt, og tenkte at hva om den går av og huset brenner opp.

Neste tur hjem ble granaten tatt frem, båret forsiktig ut, rodd ut på fjorden og dumpet der.

Et annen granatskudd gikk inn gjennom ei dør på loftet, sneiet trappegelender og ble stående i veggen. Denne har stått der siden den gangen, men er i disse dager tatt vekk og ligger på nå krigsmuseet i Korgen.

På andre sida av Bøvra står Galde Mølle og kraftstasjon.

Tørrstugu og mølle

Norsk Kulturminnefond har sett heilskapen i tørrstugu, mølle og dei gamle malingsprotokollane, og har gjeve 150.000 kroner i tilskot til istandsetjing av tørrstugu og nokre oppgåver i mølla. Nokre stokkar i tørrstugu på sør- og vestveggen hadde legi under terrenget og fått roteskade og måtte skiftast ut. Det same galt fire botnstokkar og ein kinnung på austveggen. Raftlægje måtte skiftast, taktro til fyrste ås, og det vart laga nye torvvoler festa med kolver. Til slutt vart taket tekt med never og torv. Tilskotet kunne også nyttast til å reparere betongoverflata på golvet i mølla, samt andre skadar på kledninga mot terreng. Ferdigstilling av køyrebru med dekke og rekkverk inn til mølla høyrde også med i denne totalvurderinga.

Mads har sjølv smidd den nye dørlåsen til tørrstugu

Det er ei stor tørrstugu Mads har renovert med hjelp av Ulf Ryen og firmaet Stokk og stein i Lom. Han har også fått god hjelp av Halvor Dalen med papirarbeid og oppattsetjing av tørrstugu. Det er seks hyller, eller «skjeille» som det heiter lokalt inne i tørrstugu, og på «skjeillein» ligg det store skiferheller på om lag 2 x 4 meter. Mads meiner dei vart frakta med hest og slede frå eit skiferbrot innanfor Netoseter. Når Mads får spørsmålet frå ein uvitande om han skal mure ferdig omnen med pipe, smiler han og svarar:

– Nei, det var ikkje pipe her. Dei kunne tette omnen på toppen med denne jernplata, viser han, for å få mykje røyk og varme inne i rommet. Holet i taket er ein ljore som slepper inn litt ljos og kanskje noko røyk ut. Alderen på tørrstugu er eg ikkje heilt sikker på, for den er bygd opp av stokkar frå andre hus med fleire ulike årstal innskravert.

Mads har mura opp att den gamle kleberomnen som hadde stått lagra i den gamle OKB-garasjen på Leiurmoom.

Galdesand ikkje berre eit vegkryss

Mads Jarle Vole møter opp ved parkeringsplassen ved kyrkja i Bøverdalen – like ved Brustugu der han bur. Like nedanfor ligg vegkrysset opp til Juvasshytta og Glittertind og Klimaparken 2469. På den ruta ligg turistverksemda Raubergstulen med leirskule og klatrepark, og lengst oppe Juvasshytta og sommarskisenteret. Nede på Galdesand er det på gang utbygging av den lokale butikken ved sida av samfunnshus med servering, og i nærleiken er det tilbod om overnatting i vandrarheim og hytter med tilsaman rundt 90 senger. Dei som er historisk interesserte vil også kanskje ta turen opp til Storhaugen der Jørgine Slettede Boomer kom frå for overnatting. Ho var husmannsjenta frå Bøverdalen som vart millionær og vertinne på Waldorf-Astoria i New York, eitt av verdas mest kjente hotell.

– Eg kunne gjerne sett for meg at mølla, kraftstasjonen og gjerne tørrstugu vart eit ope museum, seier Mads, som er interessert i at turistane gjerne må bli ei ekstra natt til når dei er i Lom. For både her og mange andre plassar i Lom har vi mykje å tilby dei tilreisande. Firmaet Lom Bryggeri har lykkast bra med ølproduksjonen sin, og for ei tid sidan tørka eg 700 kg korn til dei. Da brukte eg berre dei nedste «skjeillein» inne i tørrstugu, så det går fint å turke minst 1,5 tonn korn der om gongen, fortel Mads.

På tur frå tunet og mot brua over Bøvra passerer vi ein kjempestor stein inne på tunet til Mads. Denne fortel at det har vore og er sterke naturkrefter i sving i området. På andre sida av elva gjekk det eit større jordras for nokre år sidan, og går vi lenger tilbake har Bøvra teke med seg nokre mindre kvernhus i storflaumar. Mads viser kor stor Bøvra har vore når ho er på sitt største. Da nærmar ho seg brua som går over elva.

Den store steinen i tunet hjå Mads fortel om sterke naturkrefter i Bøverdalen.