Amerikahuset

«Amerikahuset» er et våningshus fra 1934 i Skjåk.

Sted

Skjåk

Verdiskaping

Verdiskaping

Præriehuset frå 1934 i Skjåk vart til bustad for Helene og barna.

Simen Bjørgen trivst svært godt i arbeidet sitt som direktør i Norsk Kulturminnefondet. Dette gjev han klårt uttrykk for på tur til Skjåk kommune der Helene Flåten har flytta inn med barna i det renoverte præriehuset sitt.

Helene og dottera Lisa viser Simen Bjørgen den nye ljose stugu i andre høgda.

Tale på søknader til fondet aukar kvart år

– Eg er heldig som møter så mykje trivelege folk, som deler dei same interessene og målsetjingane som Kulturminnefondet med å ta vare på og bruke kulturminne og kulturmiljø til oppleving, utvikling og verdiskaping. Etter at Kulturminnefondet vart oppretta i 2002 har fondet fått inn 16.497 søknader om tilskot og 7.138 har fått positivt svar. Om lag 43 % får innvilga tilskot. Dei fleste får mindre enn dei søkjer om, og tilskota våre har hatt ei spennvidde frå 2.200 kr. til 4,2 mill. kr. I år har vi ei økonomisk ramme på 130 mill. kr. I fjor auka søknadene med 70 %, og vi ser same tendensen i år. I Kulturminnefondet har vi 16,2 årsverk som skal ta seg av denne statlege tilskotsordninga for private eigarar av verneverdige kulturminne, og vi er   direkte underlagt Klima-og miljødepartementet.

Det er andre gongen direktøren i Kulturminnefondet er på tur til Helene Flåten i Skjåk. Fyrste gongen, i februar i 2021, kom han overraskande på besøk i eit «komplott» med lokalavisa Fjuken i Skjåk. Litt overrumpla, men svært glad kunne Helene Flåten den gongen ta imot ein «sjekk» på 350.000 kr frå Kulturminnefondet til restaureringsarbeidet som ho hadde planar om. Denne gongen har Simen Bjørgen med seg ein plakett som Helene vil feste på veggen sin som eit synleg teikn på at Norsk Kulturminnefond har støtta opp om restaureringa av huset hennar.

Helene Flåten (43 år) er marknadsansvarleg i lokalavisa Fjuken. Dei har sitt eige mediehus i Bismo i Skjåk der ho blir plukka opp og guidar eit lite stykke vidare vestover og opp bakkane i solsida heim til Flåten. Når ein ser det nye huset frå utsida blir ein nokså overraska når ein kjem inn i gangen. Her blir ein møtt av to fine store foto på tømmerveggen: Det eine av eit gammalt hus og det andre av ein skjeggete mann med pipe og topplue. Helene får fort kaffe med biteti på bordet før ho fortel samanhengen:

Præriehuset

– Eg vart fødd i Nordfjordeid med etternamnet Starheimsvik, men mor er frå Skjåk. Fyrst litt om huset: Det er Hans Flåten, onkelen til bestefaren min, som bygde dette huset og eit fjos i 1934. Huset liknar på hustypen som nybyggjarane sette opp ute på prærien, spesielt takkonstruksjonen som blir kalla mansardtak. Hans var no påverka av byggestil i meir sentrale strok som han blanda med lokal byggeskikk. Han hadde sikkert lagt seg opp noko pengar, for han sette opp dei to husa på to år. Fjoset vart teke av vinden for eit par år sidan og vi reiv resten, så det er borte. Hans gjekk bort i 1968, og mor som nok hadde same draumen som eg fekk ikkje gjort noko med huset. Mannen med pipe og raud topplue er Magnus. Han var ein kjenning av oss og budde i huset frå 1969 til 1991. Han brukte stort sett berre kjøkkenet og betalte 42 kroner i månaden i husleige. Eg hugsar at eg fekk buljong og Riegel-sjokolade kvar gong eg stakk innom. Eg har faktisk kalla opp att sonen min på  12 år etter han, fortel Helene og viser oss foto av Magnus på veggen. Eg har også ei dotter, Lisa, som er 14 år gammal. Ho var den fyrste som sov i huset, eit par netter før eg og broren kom etter.

Draumen var å restaurere præriehuset

– Hadde det ikkje vore enklare å sjå for seg å bygge nytt i staden for renovering ?

Helene har sidan ho var barn sett for seg å renovere «præriehuset». Det same hadde mor hennar gjort utan at ho kom så langt. I januar i fjor fekk Helene overta huset som hadde vore våningshuset på plassen Vetl-Harsheim. Plassen høyrer nå til garden Flåten der onkelen til Helene bur, og huset med tomt vart frådelt til Helene som tok i bruk Flåten som etternamn.

– Ja, foto av huset slik det det såg ut før eg tok fatt på restaureringa fortel om eit hus som det ikkje hadde vore gjort noko vedlikehald på dei siste 80 åra. Heldigvis var det mykje betre innvendig, og tømmekassa var intakt. Berre eit tilbygg som vart brukt som inngangsparti hadde synlege roteskader, fortel Helene. Det største problemet for Helene i starten var den dårlege grunnmuren på blaut og ustabil grunn. Ho ville fløtja huset 20 meter opp på ny grunnmur, snu huset 180 grader og byggje ny våtromsavdeling med bad og vaskerom. Bygningsvernrådgjevar Håvard Syse ved Gudbrandsdalsmusea vurderte det slik at viktige kulturminneverdiar ikkje ville gå tapt om dei flytta huset til ny grunnmur på ein turrare plass på tomta. Denne løysinga gjorde at det restaurerte huset vart utan kjellar.

Ikkje rart at mor og dotter finn seg godt til rette i det renoverte huset.

Søkte Norsk Kulturminnefond fire gonger

Da Helene sette i gang med planarbeidet sitt laga ho mange utkast til løysingar og operererte med ei total kostnadsramme på 2,5 millionar kroner. Sjølv om ho hadde ein bra eigenkapital var det vanskeleg å få lån i lokal bank med berre ei årslønn som grunnlag. Derfor vart ho svært glad da Simen Bjørgen uventa kom innom fyrst på fjoråret med «sjekken» på 350.000 kroner frå Kulturminnefondet.

– Men du måtte søke fire gonger før du fekk positivt svar !

– Ja, det er ein eigen kunst å søke om midlar. Eg er ikkje tøff, men eg er jælma sta, innrømmer Helene, som nok ein gong fortel om den store interessa for det gamle huset.

Simen Bjørgen er ærleg og fortel at administrasjonen i Kulturminnefondet var innstilt på avslag. Det var Trine Sundtoft, styreleiaren i Kulturminnefondet som tenkte litt utanfor boksen og ville at vi skulle sjå på søknaden ein gong til. Kulturminnefondet såg det som positivt at den nye eigaren ønskte å ta i bruk huset som bustad. At huset skulle brukast som bustad byggjer oppunder slagordet om «vern gjennom bruk». Det ville også trygge framtidig vedlikehald, og det er kanskje berre dette huset i Ottadalen som har det spesielle mansardtaket som eit spesielt kulturminne.

Det var sist i februar i 2021 at Kulturminnefondet fatta følgjande vedtak:

Helene Starheimsvik gis tilsagn om tilskudd inntil kr. 350.000 til prosjektet Vetl-Harsheim. Tilskudd gis til istandsetting av våningshus på Vetl-Harsheim i Skjåk. Tiltakene omfatter å drenere ny tomt, støpe ny plate og grunnmur, enten å krane huset eller å demontere det og sette det opp igjen på ny mur i en annen vinkel, kle og isolere huset utvendig, rive råteskade påbygg og bygge opp på nytt for å huse våtrom, sette i stand tak og skifte ut leireisolasjon med trefiberisolasjon.

– Gode gammaldagse snekkarar

Helene Flåten er raus med lovord om Flaten bygg i Skjåk.

– Dei har vore jælma greie, seier Helene, dei er nokre kunstnarar i tillegg til handverket som dei kan godt. Dei støtta meg også da er leigde inn eit kranselskap som i løpet av ein lang dag lyfta heile huset i to delar på plass på den nye grunnmuren. Det var spennande timar innrømmer eg. Det er liten tvil om at tilskotet frå Norsk Kulturminnefond gjorde det greiare for meg å få på plass andre brikker i økonomiplanen min. Startlån frå Skjåk kommune på kr. 900.000, Norsk kulturarv 40.000 frå «Ta eit tak» aksjonen, og til slutt innvilga også Sparebank 1 Lom & Skjåk byggelån. Men det var utfordrande å ha brukt 1,5 mill. kroner før alt dette kom på plass, vedgår Helene. Fyrste spadetaket vart teke 5.mai 2021 og vi flytta inn i juli i år, så det har vore eit travelt år.

Arbeidet med drenering og ny stabil tomt fordyra prosjektet med ein halv million ekstra, og så har Helene som alle andre opplevd stor prisauke på diverse materialinnkjøp. Men ho ser at ho likevel skal greie seg under 3,5 millionar for heile prosjektet.

– Eg er svært oppteken av gjenbruk. Det gjeld både materiale frå det gamle huset og innkjøp som eg har gjort. Mellom anna det store badekaret gjorde eg godkjøp på gjennom Finn.no.

Helene på tur opp trappa der ho ser inn i den nye stugu gjennom eit gammalt glas.

Likar å ha eit mål

Det blir ei triveleg stund rundt kaffebordet i lag med Helene og Simen, der Simen legg godt merke til alt det gamle inne i huset som Helene har teke vare på. Over bordet heng ei spesiell lampe som Helene har laga sjølv, og gjennom den opne løysinga ser ein eit ljost kjøkken med ei kjøkkenøy der det nye går godt saman med det gamle. Under den gamle trappa opp til andre høgda har Helene ordna seg med eit lite spiskammers. Eit moderne romsleg bad har Helene også fått på plass på grunnplanet, og gamle skjeker langs trappeoppgangen leier oss opp i andre høgda. Der har Helene sett inn store glas mot aust og fått ei romsleg stor stove med sofa, gode stolar og TV-krok. Ikkje rart at Lisa gjev klårt uttrykk for at her trist ho.

Helene likar å drive på med ting, særleg når ho har klåre mål med arbeidet. Ho likar praktisk arbeid og vedgår at det har vore mange lange dagar dette siste året. Med både maske og vernebriller fekk ho fjerna 30 cm med leire, sagflis og gamle aviser som var brukt som isolasjon i andre høgda. At det var så mange golvlister i eit hus var ei ny oppdaging, og nokre brukte ho som gelender i andre høgda ved sida av trappa. Den nye lange trappa ute opp til huset har ho også laga sjølv. Helene har delt foreldreansvar med faren som bur i Lom. Dei har barna kvar si veke, og faren som er snikkar har også vore til god hjelp i restaureringsprosessen.

Etter å ha fullført grunnskulen i Skjåk tok Helene kokkeutdanning på vidaregåande skule på Otta utan å fullføre med lærlingetida. Etter å ha praktisert innan reiselivet fleire plassar i Sør-Norge bygde Helene på med grunnfag og arbeidde som assistent i både skule og barnehage i Skjåk og Lom. Nå er det lokalavisa Fjuken som har kommunane Skjåk, Lom og Vågå som dekningsområde som er arbeidsplassen hennar. I tillegg har ho marknadsansvaret i lokalavisa Vigga i kommunane Lesja og Dovre.

– Sjølv om det har vore eit hektisk år har eg aldri hatt det så bra som nå, fortel Helene, som alltid gler seg til å koma heim att til «præriehuset» med alle dei gode minna som eg har teke med meg her.

Til slutt blir Helene med ut av huset ved inngangsdøra der ho peikar på kvar ho ønskjer at plaketten som Simen Bjørgen har med seg frå Norsk Kulturminnefond skal festast. Eit synleg vitnemål om at Kulturminnefondet har vore ein aktiv samarbeidspart gjennom å støtte prosjektet til Helene i eit samarbeid mellom private og offentlege aktørar i målsetjinga om vern gjennom aktivt bruk.

På tur ned frå Flåten og mot den flaumstore Ottaelva er det lett å tenkje på Ole H. Bremnes si tekst:

Det ska bo folk i husan

Husan e som folk

Folk treng hus

Og hus treng folk

I aill si tid