Olufhuset i Sel

Olufhuset be brukt som møtested for Milorg under andre verdenskrig. Huset var opprinnelig bygd som eldhus i 1915, men ble etter hvert benyttet til bolig. Som krigsminne har huset en svært spesiell kulturminneverdi, og det er viktig at historien til huset blir formidlet og ivaretatt gjennom istandsetting.

Kulturminnefondet ga i 2014 tilskudd på 150.000 kroner til istandsettingen av Olufhuset.

Sted

Sel kommune, Innlandet

Landbruk

Landbruk

Kulturminnefondet gjev støtte til krigsminne

Olufhuset blei brukt som møtestad for Milorg under andre verdskrig. Det var dramatikk i Verkensbakkane i Sel natt til skjærtorsdag 1945. 

Tekst og foto: Kjell Nyhus, foto: 

Det er svingete og bratt opp bakkane frå Selsverket nordvest for kommunesenteret Otta i Sel kommune til garden Øvre Havn. Frå Øvre Havn er det panoramautsikt sørover og ned mot Otta og Gudbrandsdalen. På oversida av jordvegen på Øvre Havn, inn mot den gamle furuskogen ligg «Oluf-huset». Huset som truleg vart bygt tidleg på 1800-talet var opphavleg eldhuset på garden Øvre Havn.

Milorgbase

Under den andre verdskrigen budde Oluf Havn her. Han var depotsjef for Milorg, og Oluf-huset var hovudbasen til Milorg i Sel. Etter at tyskarane og Rinnanbanden hadde torturert eit par motstandsmenn på Dombås fekk tyskarane greie på at Oluf-huset var base for den lokale motstanden.

Oluf og Marit framfor Olufhuset ca. 1943. Historisk foto sendt inn frå Stein T. Havn Karlsen

Tidleg om morgonen den 29. mars 1945 hadde tyskarane teke seg opp Verkensbakkane og lagt seg i posisjon nedanfor Oluf-huset. Med væpna tyske soldatar på trappa vart det ropt inn i huset at Oluf måtte koma ut. Inne i huset låg også Johannes Elvestad frå Tretten og Einar Boyesen frå Oslo.

– Dei tre karane spratt opp berre kledd i undertøyet, og Johannes Elvestad fekk kasta ein granat ut døra samtidig som han skaut ut mot tyskarane, fortel Stein T. Havn Karlsen.

Sjefen for dei tyske soldatane, Obersturmführer Georg Adams døde momentant av det norske motangrepet. Oluf Havn og Einar Boyesen hoppa ut gjennom glaset i det vesle huset og sprang oppover mot skogen. Her vart båe to skote av tyskarane og Oluf Havn døde like ovanfor huset sitt. Boyesen vart teke til fange og døde tre dagar seinare etter tortur på lasarettet på Dombås. Elvestad flykta ut ei bakdør i Oluf-huset og kom seg inn i skogen og ned til bygda att. Dette var ved påskeleite med skareføre, og utan sko på føtene sprang Elvestad for livet nedover dei bratte bakkane. Kampen for livet overgjekk sikkert smertene i føtene, trur Stein Havn Karlsen. Han fortel at det skulle eigentleg ha vore to personar til i Oluf-huset denne natta, men dei hadde andre oppdrag så dei reiste ned i bygda att kvelden før dramaet på Øvre Havn. Det foregjekk ein annan aksjon på same tida i samband med eit flyslepp inne i fjellet innanfor Øvre Havn.

Stein Havn Karlsen peikar på eitt av kulehola i veggen i Oluf-huset. Foto: Kjell Nyhus

Kulehola sit i vegg og tak

– Her ser du kulehola, fortel Stein, og peikar på fleire plassar på veggane og i taket inne i Oluf-huset. Hjørna på pipa vart også skada, men den har eg pussa opp att, men ikkje finare enn at du ser restane av skaden.

Stein er i slekt med Oluf Havn. Bestefar til Stein var bror til Oluf, og i 1943 gifta Oluf seg med Marit som var søskenbarnet hans. Ho var frå nabogarden, Nedre Havn. Oluf hadde ei søster som heitte Ragnhild, og det var ho som dreiv garden. Heilt fram til ho døde i 1977 passa ho også på «Reiret» som var den lokale gøymestaden til  motstandsfolka. Stein hadde heile barndomen sin på Selsverket og gjekk på skulen der. Han var eitt år fyrste gongen han var på Øvre Havn, og sidan har han vore mykje der. Da han var 14 år flytta familien til Oslo, og for nokre år sidan overtok han plassen der Oluf-huset står. Han er svært interessert i historia rundt Oluf-huset, og han har derfor restaurert heile huset i lag med Arne Bergum. Det hadde ikkje vore gjort noko med huset sidan 1920, så det vart mykje arbeid.

Demontering av Olufhuset. Foto: Stein T. Havn Karlsen

Minimuseum frå krigen

– Eg måtte ta bort heile golvet, og da såg vi at vi også måtte mure opp att kjellaren, fortel Stein. Mykje var rote, men heldigvis var taket nokonlunde tett. Det hadde nok berga huset frå å ramle saman. Nye tremateriale vart kjøpt inn frå Randsverk sag, for der har dei tettvokse furu som gjev svært haldbare materiale. Innvendig kledning og golv vart forsiktig demontert, og det vart sett opp att utvendig og innvendig kledning, reparert tak og heile huset vart måla med linoljemåling. Heldigvis fekk eg tilskot på 135.000 kroner frå Kulturminnefondet.

Kulturminnefondet såg verdien av at Oluf-huset skulle vera ope for skuleklassar, studentar, lokallag, turistar og foreiningar.

Og på den måten fekk Olufhuset ein allmennyttig og kulturhistorisk verdi. Huset har dessutan eit lite innslag av sveitserdetaljar tilpassa lokal byggeskikk. På grunn av pandemien har det ikkje vore så mange besøk i Olufhuset siste året, fortel Stein.

Opning av Olufhuset 19. juni 2017. F.v. Arne Bergum, Simen Bjørgen, Wilhelm Otto Moberg Nilssen, Gunne Becker, Stein T. Havn Karlsen og Ingrid Havn.

Det var offisiell opning av Olufhuset att den 19. juni 2017, og da hadde Stein reparert Olufhuset for rundt fem hundre tusen kroner. Rundt førti personar hadde møtt opp på opningsdagen. Wilhelm Moberg Nilssen klipte snora framfor inngangsdøra til dei to romma i Olufhuset. Direktør Simen Bjørgen i Kulturminnefondet overrekte den nasjonale plaketten frå Kulturminnefondet til Stein Havn  Karlsen.

Både Stein og kona Gunne har teke godt vare på mange minne etter Oluf Hamn. Både inne og ute er det lagt godt til rette med informasjon om dramaet ved femtida om morgonen den 29. mars 1945 på Øvre Havn. Gjennom mange foto med påskrivi informasjon formidlar dei informasjon både om Oluf Havn, slekta hans og andre personar som hadde sentrale roller under krigsåra 1940-45. For Stein er dette både eit krigs- og eit familie-museum.

Bautaen som vart avduka den 4. august 1946. Frå bautaen ser ein godt ned på Oluf-huset og Øvre Havn. Foto: Kjell Nyhus

Minnestein reist i 1946

Den 4. august 1946 vart det avduka ein bauta over dei to Milorg-karane som vart skote ved Oluf-huset året før. Sokneprest Nils Berg heldt avdukingstala som han innleidde med bibelorda: – Om disse tier, skal stenene tale.

På bautaen i Øvre Havn står det inngrave: HS mann Oluf Havn, fenrik Einar Boyesen falt her 29.3.1945 for Norge. Soknepresten gav bautaen til Sel kommune, og ordførar Kristian O. Lien tok imot og lova på vegne av kommunen å verne om den. Oluf Havn vart fødd i 1889, og han vart tidleg med i Heimefronten. Øvre Havn vart etter kvart hovudkvarter for Heimefronten i Norddalen. Det var der dei møttest dei som hadde gått i dekning, og andre som dei skulle koma i kontakt med. Oluf køyrde byggemateriale, mat, våpen og kurérpost til setra og til gøymestader ovanfor garden sin.

Einar Boyesen vart fødd 30. mai 1924 i Oslo. Han kom inn i Kompani Linge og vart sendt til Sverige i januar 1945. Derfrå gjekk han på ski til Gudbrandsdalen der han hadde eit oppdrag. Etter dramaet på Øvre Havn døde han på Dombås 2. april 1954. Han er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo. Etter frigjeringa vart det halde jordfesting over Oluf Havn ved kyrkja i Sel.

Frå Oluf-huset og Øvre Havn er det panoramautsikt ned mot kommune-senteret Otta i Sel kommune. Foto: Kjell Nyhus
Stein Havn Karlsen har teke godt vare på fleire fine minne etter Oluf Havn. Foto: Kjell Nyhus