Sognefæringen Liv
Sted
Sognefjorden
Båt
Nytt liv til sognefæringen Liv
Eg er ufatteleg takksam for støtte frå fondet. Utan støtte hadde denne kulturskatten hamna på eit St.Hans-bål. Det er sjølve sanninga, seier Sigri om støtta ho fekk frå Kulturminnefondet.
Lengta etter ro
Samlaget.no: “Sognefjorden er ein lang, bratt dal fylt av havvatn og forma av isbrear gjennom millionar av år. Sigri Sandberg er ei rastlaus tobarnsmor som bur fleire stader. Uroa veks med ei hanglande verd og sjukdom og død i nær krets. Ho lengtar etter ro.Sandberg bestem seg for å ro Sognefjorden, dei over tjue milane i verdas lengste farbare fjord, i ein gamal trebåt. Ho startar ytst i havet der ho budde som lita, og ror innover mot garden der ho delvis bur no.”.
Det var kystlaget Indre Songs kystlag som tipsa Sigri om båten, i forbindelse med at ho skreiv boka “Ro: om Sognefjorden og ein lang rotur heim” I boka ror ho inn fjorden i ein lånt Oselvar – og fortel om natur- og kulturhistoria til vår lengste fjord. Ho intervjua blant anna sogningar, forskarar, historikera og marinbiologar under dette prosjektet. Viare samarbeida ho med Indre Sogn Kystlag som viste ho båten, og lurte på om ho var interessert. Om boka står det påFor det er dette Sigri, som pendlar frå Oslo til Luster vil nytta Liv til – å koma seg heim til den veglause eplegarden, Ytre Eikjo. «Liv skal også brukas til å koma seg i kring kommunen, på det som opprinneleg var vegen, fjorden,» skreiv Sigri i søknaden til Kulturminnefondet.
Nytt liv
«Båten er blitt så vakker, men vi skal ikkje vere redd for å bruke han,» seier Sigri. «Det er målet. Vi skal ro og vere synlege i denne fjorden og kanskje vekke gode minne hos nokre og medvitet hos andre, for alt som har vore treng ikkje gå tapt. Og det er noko ufatteleg godt med å reise langsomt, ved hjelp av handemakt.
Like ved båtbyggeriet ligg Urnes stavkyrkje, der er det også i gang eit storstilt arbeid med ein verdsarvpark, kanskje vil «Liv» også få ei rolle her i framtida, kven veit.«