Mylnå AS

Mylnå ligger i Volda.

Daglig eier er Elias Moe.

Stedet held kulturavren aktiv i gang.

Sted

Møre og Romsdal

Verdiskapning

Verdiskaping

Ei av dei siste bygdemøllane

Volda Elektriske Mylne AS (Mylnå) frå 1937 har ei drift som knytter seg heilt attende til 1864. Det unike kulturminne heldes fremleis i gang og besøkande kan vitna korleis man kverna korn på gamle måten. 

Mylnå held kulturarven vedlike med aktiv produksjon på den gamle måten. Foto: Line Lyngstad/Kulturminnefondet

Mylnå held kulturarven vedlike med aktiv produksjon på den gamle måten.
Foto: Line Lyngstad/Kulturminnefondet

Mylnå er den siste bygdemølle som driv med kommersiell matproduksjon med møllesteiner, platetørker, valsestol og skallmaskin i frå 1930-tallet. Her tek dei aktivt vare på gammelt handverk og tradisjonar i produksjonen av ulike mjøltypar.

Mylnå AS levarar eit mangfold av ulike meltypar. Foto: Line Lyngstad/Kulturminnefondet

Mylnå AS levarar eit mangfold av ulike meltypar.
Foto: Line Lyngstad/Kulturminnefondet

Produksjonen har bestått av ulike typer matmjøl, samt byggrøpp og valsa havre til dyrefor. Slike møller som Volda Elektriske Mylne var vanlege i dei fleste kommunar, men ny teknologi med hammarkverner og valsemøller utkonkurrerte steinkvernene, særleg frå 50-talet og utover, så etter den tid har så godt som alle tilsvarande anlegg enten vorte moderniserte eller nedlagde.

I Mylnå er dei beviste på å bevare dei gamle produksjonsmåtane. Foto: Line Lyngstad/kulturminnefondet

I Mylnå er dei beviste på å bevare dei gamle produksjonsmåtane.
Foto: Line Lyngstad/kulturminnefondet

Med støtte frå Kulturminnefondet i fleire omgangar

Kulturminnefondet har tidlegare gjeve tilskot til Mylnå. Fyrst til arbeide med mølleanlegget med kroner 500 000, deretter vart det gjeve tilsagn om tilskot til tekking av tak på 217 000 kroner. Det siste tilskotet skal gå til arbeidet med å støype nytt slitelag på tre møllesteinar.

 

Det er prisverdig at møllesteinane nå vert sett i stand, for så å bli teke i bruk til næringsverksamhet samtidig som gamle tradisjonar bevarast, sa direktør for Kulturminnefondet Simen Bjørgen da han overrakte tilsagnsbrevet.

Direktør for Kulturminnefondet Simen Bjørgen overrekte den glade boskap til Elias Moe, daglig eier av Mylnå. Foto: Line Lyngstad/Kulturminnefondet

Direktør for Kulturminnefondet Simen Bjørgen delte ut tilskotet til Elias Moe, daglig eier av Mylnå.
Foto: Line Lyngstad/Kulturminnefondet

Nyleg vart Mylnå godkjent som Économusée, eit internasjonalt nettverk der handverksbedriftar er tilrettelagt slik at besøkande får sjå handverkarane i arbeid med produksjon og produkt.

Dette er viktig for framtida vår, sa Elias Moe daglig leder av Mylnå. Da Bjørgen delte ut tilskotet til Møllesteinane.