Storbåten fra Mari-Jens garden

Prosjekt: Storbåten fra Mari-Jens garden, «Mari»

Hvor: Sogndal

Eier: Indre Sogn Kystlag

Prosjektet med istandsetting av «Mari» har som mål å hente fram og bruke et gammelt kulturminne til allmennhetens beste og har som sådan stor verdi. Kulturminnefondet prioriterer prosjekter som reparerer og bevarer mest mulig av eksisterende bygningsdeler, og der skadde og ødelagte deler skiftes med samme teknikker og materialer av kvalitet, dimensjon og utforming slik de opprinnelig har vært. Kulturminnefondet innvilget inntil 110.000 kroner i støtte til ulike tiltak:

  • fornying av saum i bordgang og kjøl med tetting av suer
  • reparasjon av råteskade i bord/band
  • lage og tilpasse tilfar
  • tjærebehandle skroget
  • male ripa hvit
  • reparere/behandle mast
  • lage nytt ror (kopi av det gamle)
  • lage seks 4 meter lange årer og nytt råseil (etter mal av det gamle).

Sted

Grindanaustet, Kaupanger

Båt og fartøy

Båt og fartøy

Døypte Mari (140): – Tradisjonsbåten er viktig for å forstå kor me kjem frå

– Sjøen var sjølve vegen, og tradisjonsbåten var fundamentet for alt folket levde av.

Det sa Per Haugen då den 140 år gamle føringsbåten frå Mari-Jens-garden på Nornes vart døypt på sjølve Kulturminnedagen 2020.

Og i tråd med opphavsgarden fekk båten sjølvsagt namnet «Mari».

MÅLET NÅDD: Etter ein lang og omfattande restaureringsprosess, kunne styret i Indre Sogn Kystlag med fadrar endeleg døypa «Mari», den 140 år gamle storbåten frå Mari-Jens-garden på Nornes. F.v. Arne Jon Barlinn, Hallstein Ese, Per Haugen, varaordførar Vibeke Johnsen, leiar Tove Aurdal Hjelnes i Forbundet Kysten, leiar Marny Tønnessen i Indre Sogn Kystlag, og Svein Ove Bergseth. Foto: Bjørn Sølsnæs

Vern gjennom bruk

– Den norske tradisjonsbåten er eit viktig kulturminne for å forstå kor me kjem frå, og kystlaga har vern gjennom bruk som motto, sa Haugen, og la til:

– Me bruker båtane aktivt til å ro og sigla på Sognefjorden, det er både aktivt og sosialt.

KONTINUITET: Noko av det fascinerande med slike båtar er den tusenårige kontinuiteten med same sort båtar, som var i bruk like fram mot siste verdskrigen, meiner Per Haugen, som på Kulturminnedagen tok sterkt til ordet for å verna om denne arven. Foto: Bjørn Sølsnæs

Han trekte fram det gode samarbeidet med Fjordmuseet som eit viktig utstillingsvindauga for kulturarven vår her i fjordbygdene, og minna om at den klinkbygde tradisjonsbåten nyss er nominert til UNESCO si verdsarvliste for immaterielle kulturminne.

– Å sigla får ein ekstra dimensjon i ein tradisjonsbåt – det må opplevast! konkluderte Haugen.

PÅ FJORDEN: – Å sigla får ein ekstra dimensjon i ein tradisjonsbåt – det må opplevast! seier Per Haugen i Indre Sogn Kystlag. Foto: Bjørn Sølsnæs

Lang forhistorie

Arne Jon Barlinn trekte linene attende til båten vart bygd kring 1880 på Henjesanden på Systrond, og gjorde grundig greie for prosessen frå Kystlaget fekk båten i hende for fem år sidan og fram til dagens dåp.

Sogn Avis har tidlegare omtalt jomfruturen i midten av juli, då båten endeleg var sett i sjødyktig stand att.

– Me har lagt ned 786 dugnadstimar totalt, og laget har hatt store utlegg, sa han, og slo fast:

– Dette er eit stort lyft for eit lite lag, og me hadde aldri greidd det utan støtta frå mellom anna Kulturminnefondet, kommunen og Sparebankstiftinga.

DÅPSFYLGJET: Det vart ei nesten heilag stund i Bukti då 140 år gamle «Mari» vart døypt sist sundag, og dei frammøtte fekk kjenna på både historisk kontinuitet og framtidstru på vegner av tradisjonsbåten. Foto: Bjørn Sølsnæs

Held i hevd

– Me planlegg å bruka båten til opplæring og hyggje, med vekt på opplæring i sigling med råsegl, avslutta Barlinn, som fekk stor ros frå Marny Tønnessen, leiaren i laget.

– Det er han som har gjort det store arbeidet med å søkja midlar, eit arbeid så stort at folk ikkje skjønar det, sa ho.

Øyvind Hatlevoll frå Ornes Båtbyggjeri, som har spelt ei viktig rolle gjennom restaureringsprosessen av den gamle storbåten, slo fast at slike prosjekt er viktige for å formidla kunnskapen om tradisjonshandverket vidare til nye generasjonar.

– Me ser det som svært viktig å ta vare på dette handverket, og dette er fint arbeid å læra den yngre garde, sa Hatlevoll, og heldt fram:

– Denne båten har frakta folk, dyr og varer, og det er viktig at han vert brukt. Det gjev ikkje den same kjensla om han vert ståande på land.

Ekte eldsjeler

Og brukt vert nok båten, for så snart han var døypt, bar det rett utpå Bukti for fulle segl.

AVDUKING: Fadrane Tove Aurdal Hjelnes frå Forbundet Kysten og Vibeke Johnsen frå Sogndal kommune lettar på sløret over namneskiltet, etter at «Mari» er døypt i saltvatn frå fjorden. Foto: Bjørn Sølsnæs

– Dette er eit viktig prosjekt for å vita kven me er og kven me har lyst å vera framover, både som einskildpersonar og samfunn. Tusen takk for innsatsen, og gratulerer med dagen, sa varaordførar Vibeke Johnsen, som saman med nestleiar Tove Aurdal Hjelnes i Forbundet Kysten fekk æra av å døypa 140 år gamle «Mari» i saltvatn frå fjorden.

– Eg tenkjer som med språket, at sognebåten er ein dialekt av klinkbåttradisjonen, sa Hjelnes, og avslutta:

– Det er dei aktive medlemene i kystlaga som er Forbundet Kysten, og eg håpar de held fram det gode arbeidet.

FOR FULLE SEGL: Etter dåpsseremonien i vindstille og sol, la ein del av fylgjet ut på fjorden då det vart god seglvind. Foto: Bjørn Sølsnæs

Tekst og foto: Bjørn Sølsnæs. Teksten har stå på trykk i Sogn avis.

Les om flere inspirerende prosjekter støttet av Kulturminnefondet.