Losbåten Kvitsøy 1

Losskøyta «Kvitsøy 1» ble bygget i 1939 ved Christensen Båtbyggeri i Risør. «Kvitsøy 1» ble bygget til og var i bruk som losfartøy fram til 1976. Med unntak av en periode på 10 år med base i Skudenes, har fartøyet vært hjemmehørende i øysamfunnet Kvitsøy i Rogaland.
«Kvitsøy 1» gikk ut av bruk for Losvesenet i 1976 og var i perioden 1980 til 2010 nyttet som fritidsfartøy. Fartøyet sto i perioder svært sentralt i folks liv fordi det i tillegg til å føre los også ble nyttet til andre formål som f.eks. syketransport, transport av jordmor og lignende.

Sted

Kvitsøy, Rogaland

Båt og fartøy

Verdiskaping

Losbåten Kvitsøy 1 får no nytt liv, etter ein periode der forfallet hadde teke til å ta overhand

Losbåten Kvitsøy 1 – på veg inn i ei ny framtid

Tekst og bilde John Jastrey, Foreningen Kvitsøy 1, Kvitsøy

Losbåten Kvitsøy 1 får no nytt liv, etter ein periode der forfallet hadde teke til å ta overhand. I dag står han i ein verkstadshall på Ryfylke trebåtbyggjeri på Finnøy i Rogaland. Fagleg ansvarleg for restaureringa er båtbyggjar Jørn Flesjå.

Båtbyggjeriet har bygd opp ein unik kompetanse i høve til tradisjonar og handverk innan vøling og byggjing av trebåtar.  Båten er såleis i særs gode hender!

Båten blei bygd som losbåt på Christiansens båtbyggeri i Risør i 1939. Han var i opprinnelege utforming rigga med bermudarigg og styrebrønn, og gjekk i teneste i lag med losbåten Kvitsøy. Drøyt ti år seinare fekk båten styrhus.

Kvitsøy 1 har ein sentral plass i lokalhistoria på Kvitsøy og i Skudefjorden i Rogaland. Frå 1939 til 1976 var han i teneste i og kring Kvitsøy kommune. Særs mange menneskje i øysamfunnet er nær knytt til til dei som hadde arbeid om bord.  Mange bær på minne om redningsaksjonar og nødtransport. Båten låg sentralt til kai i Ydstebøhavn, det største av to småbygder på Kvitsøy.

Kvitsøy på slep

Kvitsøy 1 fekk status som «verna skip» av Riksantikvaren i 2016. Dette opnar for å søkja offentlege midlar, samt fleire andre ordningar, som t.d. Kulturminnefondet. Statusen krev mykje av båteigar og -restauratør – båten skal restaurerast tilbake til ein gitt tidsperiode, og alt arbeid skal gjerast ved å følgja antikvarisk prinsipp gitt av Riksantikvaren. Slik vil båten bli eit levande museum i sitt opprinnelege miljø.

Båtbyggjar Jørn Flesjå akterut på Kvitsøy 1 under demontering

Arbeidet med å få finansiert restaureringa tok til for alvor i 2016. Kvitsøy kommune var tidleg ute med eit bidrag, og året etter kom Rogaland fylkeskommune med sitt fyrste av til no fem tildelingar. I august 2019 kom båten til båtbyggjeriet på Finnøy, og arbeidet med demontering, dokumentasjon, oppmåling og planlegging tok til.

Same år fekk vi midlar frå Kulturminnefondet, kr. 400.000,- og dette saman med kommunalt og fylkeskommunalt bidrag gjorde det mogleg å setja i gong med gjenoppbygginga. Etter demontering og fjerning av dekk, bjelkelag og mange spant, blei nye spant i furu utforma og satt på plass, saman med ny for- og akterstavn av eik. I stor grad er det nytta furu frå regionen, som er spesielt utvald til dei spesifikke føremåla.

Original Rubb-motor hadde fyrst ei yting på 30hk, men den blei bygd om til 40 hk i 1952. I tidlegare tider var desse motorane vanlege å finna i liknande farty – men i dag er det langt mellom båtar med slik fungerande motor. Denne motoren – med ei vekt på 3,5 tonn – har stått i båten heilt fram til han ble teke ut for reparasjon i 2018.

I  2021 var motoren ferdig reparert av ein særs kompetent gjeng av tidlegare maskinistar m.fl.  på Rubbestadneset, og er no klar til ny innsats. Uni-stiftelsen ga midlar til dette prosjektet. Han skal setjast på plass igjen i båten i løpet av komande halvår.

Lærling Andreas Garnes, båtbyggjar Jørn Flesjå og tradisjonshandverkar Håvard Solheim ser på nyoppsette bjelkevegarar i Kvitsøy 1.

Vidare framdrift av restaureringa er avhengig av nok midlar. Det trengst ca. 3 millionar kroner til i kapital for å få båten klar til å setja på sjøen og dra til Kvitsøy. Me har håp om at dette kan skje innan 2024.

Båten skal integrerast i ei sterk satsing på kystkultur i kommunen. Den vil liggja rett ved den nye restaurant Grøningen og Hummermuseet, og det vil bli tilbod om turar og omvisningar. Skule og barnehage vi ta båten i bruk i levande historieforteljing. Det er planlagt å få til ein god møteplass mellom alle generasjonar på øya, og alle tilreisande og hyttefolket vil og vera hjarteleg velkomne.

Erling Haaland, Geir Haaland og Øivind Naper frå venneforeninga i arbeid for å henta einer – som nyttast til trepluggar


Trenagler av einer

Eigar av båten er foreninga Kvitsøy 1, ein privat organisasjon med røter på Kvitsøy. Aktiviteten vår kan ein lesa meir om på Facebook.