Restaurering av tunet på Kolstad i Skjåk

Kulturminnefondet har bidratt med tilskudd til restaureringen av flere av byggene på bruket Kolstad i Skjåk: stabburet, stallen, låven, sau/grisefjøs, storfefjøs og stuggu. Gårdsanlegget ligger sentralt plassert i et helhetlig jordbruksmiljø.

I vurderingen har Kulturminnefondet lagt vekt på at det er foretatt et omfattende restaureringsarbeid på gården i sin helhet, hvor samtlige bygninger blir restaurert, og at uten innsats fra eier ville trolig byggene gått tapt.

Sted

Skjåk kommune, Innlandet

Landbruk

Landbruk

Eineståande eigeninnsats bak restaurering av tun med seks hus

– Du fortener ein skikkeleg god og lang klem, smiler Frida Risheim Hjeltar (46), og gjev ektemannen Svein Hjeltar (48) ein velfortent lang klem framfor det restaurerte fjoset på Kolstad i  Skjåk.

Tekst og foto: Kjell Nyhus

– Takk både frå meg og ungane våre for at du oppfyller barndomsdraumen min om å bygge opp att tunet her. Eg voks opp i huset like ovanfor garden her med god utsikt ned på tunet som bror til bestefaren min eigde og som var prega av stort forfall. Draumen min i ungdomsåra var at dette spesielle tunet med i alt seks hus ein gong kunne bli restaurert og teke vare på for ettertida, sier Frida.

Frida gjev ektemannen Svein ein god klem for at han oppfyller barndomsdraumen hennar. Foto: Kjell Nyhus

Svein og Frida leigde jorda på Kolstad ei ti års tid før dei overtok plassen i 2008. Sjølve bur dei i lag med dei tre døtrene sine på garden Hjeltar nokre kilometer lenger vest på Ramstadstronda. Her driv dei med mjølkeproduksjon og kalvar.

– Det var nok tømraren Frida såg i meg da ho takka ja til å gifte seg med meg, ler Svein med eit glimt i auga til Frida. I tillegg til to års utdanning som tømrar tok Svein eitt års utdanning til innan vøling/restaurering. Med 17 års praksis i eit lokalt byggefirma stod han godt rusta til den store oppgåva og utfordringa det var å ta fatt på å bygge opp att tunet på Kolstad med totalt seks ulike bygg.

– Det er Svein som er drivkrafta i prosjektet, fortel Frida.

Eg er imponert over det han har gjort og over pågangsmotet og tolmodet som han har. Så er vi svært takksame for all hjelp vi har fått frå båe fedrane våre, og ungane våre har også hjelpt til med rydding.

Om tre år reknar Svein med å vera heilt ferdig med heile stugu, inne- og utvendig.

Tida hadde stått stille utan vedlikehald

Heile tunet på Kolstad var prega av stort forfall da Svein og Frida tok over garden i 2008. Den store stallen og småkrytyrfjoset låg samanrasa som ein «kvisthaug». På baksida av stugu hadde jorda sigi heilt opp mot tredje kvarvet, så her har Svein frakta ut 600 m³ med jord og skifta ut fleire kvarv. Grunnen er drenert slik at husa står på stabil grunn. På dei fleste husa ser ein at Svein har felt inn nye kvarv i botn, og på fjoset er heile vestveggen bygt opp att med nye stokkar. Alt trevyrkje er kjøpt inn gjennom Skjåk almenning som er ein verdifull ressurs for Skjåkbygda.

Kolstad ligg fint til på solsida i Skjåk. F.v. storlåve, småkrytyrfjos med låve i andre høgda, fjos, stabbur, stall og stugu.

Svein og Frida vart einige om at dei skulle ta eit krafttak for å prøve å bygge opp att mest mogleg autentisk tunet med alle seks hus som høyrde til på tunet.

Skulle tunet reddast var det nå eller aldri.

Det skulle ikkje gått mange år til før forfallet hadde vore så stort at bygningane ikkje ville vore til å redde. Det var siste sjanse, fortel Svein, som har fått god hjelp av far sin og far til Frida.

– Det var nok meir arbeid enn vi trudde, fortel Svein.

Men når ein fyrst har begynt, må ein berre fullføre arbeidet.

– Bjørn Dalen og Susanne Ramstad Brenna i Skjåk kommune var til god hjelp for oss, og med tilskot frå Kulturminnefondet kom vi så smått i gang i 2010. I søknaden den gongen stod det at det såg ut som tida hadde stått heilt stille på Kolstad utan vedlikehald. Bjørn Dalen såg verdien av å få med heile tunet, og heile oppattbygginga vart planlagt i seks delprosjekt. Både Skjåk kommune og Kulturminnefondet har vore hjelma greie å samarbeide med, fortel ekteparet. Dei har samla sett fått tildelt tilnærma det tilskotet dei har søkt om, slik at utgiftene deira til slutt har gått i null. Totalt har Kulturminnefondet gjeve ca. 1,2 mill. til heile prosjektet, og Skjåk kommune om lag 300.000 kroner gjennom SMIL-midlar.

Småkrytyrfjos med låve.

Imponerande eigeninnsats

– Da vi starta opp med restaureringa såg eg for meg ti år med oppattbygging. Vi starta med det som var låkast, og i tur og orden har vi restaurert stabbur, stall, småkrytyrfjos med låve i andre høgda, hovudlåven, storfjoset og nå er vi godt i gang med stugu, fortel Svein og viser rundt på tunet.

Det blir truleg 2024 før vi kan seia oss ferdige med stugu som er siste prosjektet. Da har vi brukt 14 år på å bygge opp att heile tunet på Kolstad.

– Kor gamle er husa, og kor mykje tid har du brukt på alt dette arbeidet?

– Det er usikkert kor gammal den eldste bygningen er, men i taket på stugu står årstalet 1839. Eg har notert ned tida som har gått med, og i snitt kan du rekne med 1250 timar på kvart av dei fyrste fem husa. På stugu som eg driv med nå reknar eg med om lag 3000 timar. Eg måtte leige ein gravemaskin, fortel Svein. Resten har vi stort sett greidd sjølve. Far til Frida, Ola Risheim, har vore altmoglegmann, og far til Svein, Leif Kveen, som er snikkar, har tilsaman stått for om lag halvparten av eigeninnsatsen på Kolstad.

Med kalkulator og 7,5 timar for dagen blir svaret at eigeninnsatsen til Svein og hjelparane hans utgjer rundt to og eit halvt år i samanheng på dei fem fyrste husa, og før stugu står ferdig må dei bruke bortimot eitt år til rekna på fulltid.

Stugu. Foto: Kjell Nyhus

Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet er frå nabobygda Lom, og han kjenner godt til restaureringa på Kolstad. I samband med søknaden frå Svein og Frida på restaurering av stugu som siste delprosjektet uttalar Simen Bjørgen seg slik:

– Her er det prat om istandsetjing av ei vesentleg mengde eldre bygningar med stugu, sau-/grisfjos, stabbur, låve og storfefjos, som utan innsats frå eigar truleg ville gått tapt.

I vurderingane av søknadene har Kulturminnefondet lagt vekt på at det er gjennomført eit omfattande restaureringsarbeid på garden totalt, der samtlege bygningar er restaurert, og tidlegare istandsettingsarbeid er gjennomført på ein god måte.

Svein har sett opp eit tilbygg i to høgder på stugu, og med delvis kjellar under har han skjult inntak av både straum og vatn. Tilbygget har plass til trapp både opp i andre høgda og ned i kjellaren og i stugu står klebersteinpeisen med ein liten ekstra peis i rommet (klevaen) bak. Denne løysinga ser ein ikkje så ofte. Taket i stugu er lagt med fint profilert panel i flott mønster – verdt å ta vare på. Da dei opprinneleg bygde stugu spara dei på panelborda. Derfor er det ikkje panelt bak langbenk og andre faste flater som ikkje var synlege.  Ei utfordring som Svein har ein plan for korleis han skal løyse.

Svein og Frida i lag med døtrene Oline og Liv framfor stugu som er sjette huset som blir restaurert. T.h. stall, t.v. fjos og i bakgrunnen barndomsheimen til Frida. Foto: Kjell Nyhus

Friplass og avkopling

Som gardbrukar med ku og kalv på Hjeltar brukar Svein timane mellom fjosstellet godt. Så fort han har ei ledig stund set han seg i bilen og køyrer sørover til Kolstad.

For meg er Kolstad ein friplass og ei god avveksling frå det daglege gardsarbeidet heime.

Svein viser og fortel at restaurering er eit arbeid han trivst med og som han tek som ei utfordring. Han er tydeleg ein svært løysingsorientert person som gler seg over å sjå at det gamle blir teke vare på.

Det er tydeleg at Frida set stor pris på tømraren, for når vi spør kva Svein skal finne på når han er ferdig med restaureringa på Kolstad svarar ho at dei har ei seter i Finndalen som skulle vore stelt på, og så har dei noko arbeid på vent heime på Hjeltar. Han blir nok ikkje arbeidslaus dei fyrste åra, gardbrukaren på Hjeltar og Kolstad.

Kolstad som møteplass?

Frida fortel at ho har full jobb i Sparebank 1 Lom og Skjåk, og eldste dottera Liv (21) studerer historie på høgskulen i Lillehammer. Liv og syskena hennar, Oline (19) og Magnhild (15) er svært glade for at foreldra byggjer opp att tunet på Kolstad. Liv er usikker på yrkesvalet, men ønskjer å kunne bli buande i Skjåk.

– Eg ønskjer å arbeide med folk, fortel ho, og eg kan sjå for meg at Kolstad kan bli ein sosial møteplass der mindre grupper kan koma og få servering attåt. Fjoset kan innreiast til slikt formål, noko foreldra også ser kan vera mogleg.

Dette er ikkje langt unna den opprinnelege tanken til Svein og Frida om at Kolstad kunne bli eit visningstun for byggeskikkar og med dyr – eitt av få autentiske opphavlege bruk i bygda.

Triveleg tun på Kolstad med fin utsikt vestover. Foto: Kjell Nyhus