Bilder
Google

Kjøkken- & Urtehaven på Baroniet Rosendal

Rosendal kjøkken, og urtehave har fått tilskudd på 250 000,-

Den rikhaldige Kjøkken- og Urtehaven med planteskule, vekstbenker og drivhus vart utvikla av stamhusbesitter Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone (1823-1896) i åra etter 1850.

Sted

Web

Om Baroniet Rosendal

Park og hage

Park og hage

Kjøkken- & Urtehaven på Baroniet Rosendal

Den rikhaldige Kjøkken- og Urtehaven med planteskule, vekstbenker og drivhus vart utvikla av stamhusbesitter Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone (1823-1896) i åra etter 1850. Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone var oppteken av å utvikle hagebruket i bygdene langs Hardangerfjorden.  Målet med hagen var både å forsyne sitt eige hushald og å vere forsøks- og utstillingshage i tråd med folkeopplysingstanke. 

-Av Margun Eik

Kjøkenhagen var plassert på flata nord for slottet, alléen og bekkefaret (til venstre på kartet) som går gjennom hagen. Kartet viser det hageanlegget som Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone utforma i siste helvta av det 19. hundreåret. Saman med andre historiske kjelder er kartet lagt til grunn for restaureringa og rekonstruksjonen av hagen.

 

I 1998 fekk Baroniet Rosendal ei stor sponsorgåve frå Bara Gruppen AS ved administrerande direktør Knut L. Galtung Døsvig. Bara Gruppen vart hovudsponsor for prosjektet med å restaura Kjøkken- & Urtehaven på Baroniet Rosendal, og Bara Gruppen AS har det siste tiåret løyvd over 7 millionar kroner til ulike restaureringsprosjekt på Baroniet Rosendal.

Slottet frå 1660-åra vart oppført av den danske adelsmannen Ludvig Rosenkrantz og Karen Mowat. Det ligg vakkert til mellom fjella Melderskin, Laurdalstind og Malmangernuten.
Foto: Roger Strandli Brendhagen

 

Hagen på Baroniet Rosendal

Hagen på Baroniet Rosendal har ei lang historie. Det er eit storslagent hageanlegg, som har tilhald i eit mektig landskap med ruvande fjelltoppar og fossefall som bakgrunn.  Historia til hagen går attende til 1660 åra. Det var den danske adelsmannen Ludvig Rosenkrantz som fekk bygd slottet og som seinare oppretta Baroniet Rosendal. Hagen vart utforma omlag samstundes, og den vart lagt til det flate partiet framfor vestfløya av hovudbygningen.

I arkivet til Baroniet Rosendal finst det hagerekneskapar, der det som kan vera dei eldste kvitteringane for innkjøp av frø til hagen, går attende til 1666. Desse eldste kvitteringane syner at det var ei blanding av prydplanter, krydderurter, medisinplanter, grønsaker, frukt og bær i hagen. Planter som martagonliljer, brannliljer, peoner, akeleier og lupiner  var vakre prydplanter. Ludvig Rosenkrantz dyrka óg isop, persille, merian, sar, lavendel, basilikum, timian, sitronmelisse og salvie. Planter som ofte vert omtalt som krydderurter i dag. I tillegg var grønsakene representert med fleire ulike sortar  kål, neper, erter og salat. Til og med asparges og artisjokk vart dyrka i hagen.

Eit måleri av Hans Sager frå rundt år 1700 syner at hagen var utforma som eit strengt formalisert parterre. Der var dyrkingsfelt, markert av kantplanter og frukttre, og med grusgangar mellom felta. Måleriet viser óg den kvitkalka hagemuren som tidlegare gjekk rundt hagen. Den gjorde at hagen vart klårt avgrensa  og det vart eit tydeleg skilje mellom hagen og landskapet utanfor. Då den romantiske landskapsparken vart utforma, etter omlag 150 år, vart den gamle hagemuren fjerna. Då skulle det opnast opp for landskapet som hagen er ein del av og den romantiske parken vart ein hage utan klåre grenser.

“Anlegget skulle sjå fritt og naturleg ut, og utan skarpe skilje gå saman med mark og skog utanfor sjølve parkområdet” skriv professor Magne Malmanger.

I dag er hovudtrekka i den gamle renessansehagen intakte, men hagemuren er fjerna og der har sjølvsagt vore store endringar i planteutvalet gjennom den over 300 år lange historia til hagen.

Der finst planter som har overlevt i over 300 år. Den gamle buksbomhekken som dannar ein mur mot vest i nedre del av renessansehagen skriv, seg truleg frå 1600-talet.  Mest sannsynleg vart buksbom planta som kantplanter langs beda i Ludvig Rosenkrantz si tid. Den gamle renessansehagen er i dag ein rosehage med mange moderne rosesortar, men langs bygningen og på plenane langs hagen veks det gamle rosesortar, rhododendron og ulike prydbuskar.

 

300 år med kjøkenhagetradisjon!

I hagen på Rosendal har det til ei kvar tid vore dyrka nytteplanter. Så lenge det har vore eit hushald på slottet, så har det vore trong for mat-, medisin- og krydderplanter.

Like før 1850 tilsette Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone den svenske gartnaren Ludvig Lundberg, og dei to i lag byrja på ei stor utviding av hagen som gjekk føre seg i tida frå 1850 til 1900. Den romantiske landskapsparken vart utvikla, og dei ulike utvidingane og delane av parken fekk kvar sin karakter og kvart sitt stemningsuttrykk. Parallelt med utvidingane i parken vart det bygd opp ein kjøkenhage nord-aust for det murte bekkefaret som går gjennom hagen. Det vart utvikla ein rikhaldig kjøkenhage og planteskule. Hagen skulle ikkje berre forsyna hushaldet med alt det var trong for, men den skulle óg vera ein forsøks- og utstillingshage. Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone ivra for å utvikla hagebruket og jordbruket i distriktet, og kjøkenhagen med planteskulen var ein del av dette arbeidet. Hagen vart ein produksjons- og salshage med stort mangfald, som gjorde det mogeleg å spreiia ikkje berre plantene, men óg interessa for hagebruk ut i distriktet.

Det er mykje som tyder på at den gamle renessansehagen utvikla seg til ein rein prydhage, med mellom anna roser, i tida etter 1850. Kjøkenhagen overtok nyttefunksjonane, og skiljet mellom pryd- og nyttevekstar vart med andre ord tydelegare gjennom den utviklinga som gjekk føre seg i hageanlegget utover på 1800-talet.

Kjøkenhagen til Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone vart skildra av folkelivsgranskar Th. S. Haukenæs i boka Natur, Folkeliv og Folketro i Søndhordland, Bergen 1888:

”Kjøkkenhaven adskilles fra de øvrige Dele ved en gjennom Haven løbende Bæk, som kommer ned fra Hatteberg. 3 smaa Broer fører over denne og ind  I Kjøkkenhaven, som ved Veie er delt i firkantede Smaastykker, der er rigt beplantede med Frukttræer, hvorpaa vokser forskjellige Slags Frugter, saasom Keiserindepærer, Sommerpærer o.fl. Der vokser ogsaa andre Slags Frugter, saasom Rosenæbler, Oldenburger Ducheræbler o.s.v. Der avles ogsaa en Mængde af alle Slags Bær. Da det vilde komme til at trætte Læseren nøiere at omtale de forskjellige Slags Træer og Frukter, gaar jeg over til at nævne Navnet paa en Del at de mange Slags Kjøkkenurter, som vokser her, og hvorefter denne Del af Haven har faaet sit Navn. Foruten de Sorter, som Folk I Almindelighet pleier at dyrke, vokser her Kaal, Løg, Erter, Pastinak, Persille, Salat, Timian og Reddiker.”

 

Hagerekneskapane frå 1850 til 1920

Dei årlege hagerekneskapane frå 1850 til 1920, som gartnarane har ført i pennen, er ei uvanleg god kjelde til kunnskap om utviklinga i hagen og alle utvidingane i denne perioden. Ut frå rekneskapane er det råd å finna ut ein del om driftsformene og utvalet av planter og mykje av det som gjekk føre seg i hagen av rutinearbeid og særskilde hendingar. Det kunne vera flaum, vindfall, bløming eller noko om avlingane som gartnaren noterte.

I rekneskapa kan ein lese korleis dei laga kompost, og det går fram korleis dei dyrka i vekstbenker med glasruter over.  Ein kan óg lese at det vart  arbeidd i timesvis kvar einaste sommar med å samle sniglar. I 1889 kopla ein dessutan eit vasshjul som stod i bekken til fugleskremselet – slik at ein fekk vassdrive fugleskremsel. Kvart år vart det sett opp Ris til Ærter, og det vart sett opp Jerntraad til at binde Asparges. I arkivet finst det ein meny som viser at det vart servert asparges då kronprins Carl av Sverige og Noreg vitja Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone 21. juli 1856. Asparges stod på menyen saman med ei rekkje andre grønsaker som truleg vart dyrka i hagen.

 

Drivhuset – ”Stedets største Mærkverdighet”

 

Anna, Maya og Edvardine Weis. Hermann Hoff-Rosenkrone. Familien har samla seg ved det gamle drivhuset som var i hagen på slutten av 1800-talet. Like ved drivhuset låg det vekstbenker med glasruter over som var til å driva fram planter i så tidleg som råd om våren. Foto: Private fotoalbum. Baroniet Rosendal.

”Men Stedets største Mærkverdighet er Drivhuset, en liden Bygning med Glastag paa Solsiden. I dette Hus dyrkedes alene saadanne Blomster og Træer, som i fri Tilstand kun findes i det varme Syden. Af disse skal jeg kun nævne nogle faa, saasom Sagopalmen, Appelsin- og Figentræet, Vinranker, Manillahamp. Hertil kommer en hel Del Blomster som det vilde falde for vidløftigt at opregne.”

 I boka ”Natur, Folkeliv og Folketro i Søndhordland”, som kom ut i 1888, skreiv Haukenæs óg at drivhuset var omlag 25 år gammalt og at det stod under Hundehaugen. Det var slett ikkje vanleg med drivhus den gongen, så det må ha vore ein stor attraksjon i hagen og ikkje underleg at det vart omtalt som ”Stedets største Mærkverdighet.”

 

Den nye ”Kjøkken- & Urtehaven”

Før arbeidet med å restaurere hagen kunne ta til, var det viktig å få samla mest mogeleg kunnskap om hagen ved å gå grundig inn i dei historiske kjeldene. Kart over Rosendals have frå 1893 vart brukt som utgangspunkt for restaureringa og rekonstruksjonen.  I tillegg fann ein verdfull dokumentasjon i private brev, litteratur i biblioteket, fotografi og vakre fargelagte blometeikningar laga av baronessene. Dei årlege hagerekneskapane var óg ei god kjelde til kunnskap om den gamle hagen.

No er hagen tilbakeført til si opphavelege form, slik den var då Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone var stamhusbesitter på Baroniet Rosendal frå 1837 til 1896. ”Kjøkken- & Urtehaven” framstår i dag som ein grønsak-, frukt- og bærhage. Som på Hoff-Rosenkrone si tid er hagen både forsøks-, framsynings- og salshage.

 

Plantene

Kjøkenhagen er avgrensa av det murte bekkefaret mot sør og ein dobbel steingard mot nord. Både steingarden og bekkefaret representerar verdfulle vegetasjonsbelte med eit stort mangfald av ville planter og forvilla hageplanter som har etablert seg der over lang tid. Langs bekken finst det store felt med villtulipan, blåstjerne, snøklokker og krokus, som veks innimellom bregner som skogburkne og strutseveng. I rekneskapane frå 1800-talet står det at bregner vart henta frå utmarka og planta i hagen.

I dei spennande villnisa i hagen, til dømes langs bekkefaret, møtest ville planter og hageplanter i eit praktfullt mangfald.

Mellom bekkefaret og steingarden er det no laga til dyrkingsfelt for grønsaker, poteter krydderurter og blomar. Mange av plantene som blir dyrka, er velkjende, slik som gulrot, purre, erter, bønner og ulike slag kål. Andre er meir uvanlege i våre dagar, som pastinakk, portulakk, artisjokk, svartrot og jordskokk. Slik er hagen blitt eit eldorado for dei som er interesserte i hagestell og gamle plantesortar.

I det eine dyrkingsfeltet, som i dag er kalla 1700-tals feltet, har tanken vore å laga ein hage som skal likna på renessansehagen framfor slottet, slik han kan ha sett ut på 1700-talet. Her er det no dyrka planter som kan ha vore i det gamle hageanlegget på 16- og 1700-talet. Det er lagt vinn på å dyrka alle medisinplantene, krydderurtene og prydplantene som er nemde, og eit lite utval av grønsakene. Det er lagt vekt på å finna fram til gamle sortar og variantar av nytteplantene. Det er tinga frø frå  Runåbergs Frøer i Sverige og Chiltern Seeds i England, som er frøfirma som har satsa på å ta vare på gamalt plantemateriale.

Dei gamle plantelistene syner eit stort mangfald, som det har vore viktig å visa ein representativ del av. Det har óg vore viktig å dyrka planter som kjøkenet og cafédrifta kan ha nytte av i dag. Dei siste somrane har det til dømes vore hausta store mengder med salat. Salat passar fint å servera som lunsjrettar, og den er klar for innhausting når alle gjestene kjem i juli.

Salvie med vakre blå blomar! Salvie, sitronmelisse, isop og lavendel er blant urtene som no er planta i 1700-tals feltet. Foto: Margun Eik

”Rosendal Havecafé” og det nye drivhuset

Etter at hagen var ferdig restaurert, med vegnettet, graskantar, dyrkingsfelt og plantingar, var tida komen til drivhuset.  Det nye drivhuset vart bygd på murane etter det gamle og vart levert av det engelske firmaet Viktorian Greenhouses.

Ved sida av drivhuset vart det oppført ein bygning med café og driftsfunksjonar. I ”Rosendal Havecafé”, som vart opna i 2005, har det strøymt til med gjester som vil oppleva gode lunsjmåltid i hagen eller i drivhuset. Det er stas å tilby lunsjrettar med salat og krydderurter frå hagen. Dei friske råvarene, dyrka utan kunstgjødsel og sprøytemiddel, vert hausta dagleg gjennom sommarsesongen.

Det nye drivhuset er laga til for servering, føredrag og plantedyrking. Arkitekt MNAL Elin Thorsnes fekk laga teikningar og planar for det nye drivhuset, som utvendig skulle vera identisk med det gamle. Det nye drivhuset vart reist på grunnmuren til det gamle frå 1860-åra.
Foto: Roger Strandli Brendhagen

Det nye drivhuset er óg i bruk til føredrag. Her har vore arrangert føredrag om poteter, urter, grønsaker og om blomar i maten! Området rundt bygningane vart tilrettelagt for å ta i mot grupper for omvising eller servering. Det er laga til ein utstilling om hagen på drivhusveggen.

Bara Gruppen ved administrerande direktør Knut L. Galtung Døsvig vart hovudsponsor for hagen, og sponsormidlane la grunnlaget for at fleire andre instansar gav midlar til å vidareutvikla hagen og tilrettelegginga for publikum. Norsk Kulturminnefond løyvde midlar til restaurering av Hundehaugen og tilrettelegging av utearealet, gamle vegar og utsynspunkt for besøkjande. Hundehaugen, som ligg like ved, er nyleg restaurert, slik at besøkande no finn vegen opp til det flotte utsynspunktet på Hundehaugen. Frå Hundehugen er det nydeleg utsikt til hagen og mot slottet med den majestetiske Malmangernuten i bakgrunnen.

I dag kan besøkande på nytt få oppleva ein nyttehage på Baroniet Rosendal. Hagen har fått tilbake den gamle utforminga og er planta til med gamle frukttresortar, grønsaker, krydderurter og blomar.  Avlingane av grønsaker, krydderurter, bær- og frukt vert nytta på Baroniet Rosendal sitt kjøken. Gjestene kan få nyta måltid tufta på råvarer frå Baroniet Rosendal sin eigen ”Kjøkken- & Urtehave”.

 

Frå den nyleg restaurerte Hundehaugen er det flott utsyn mot kjøkenhagen med dyrkingsfelta og mot Hardangerfjorden. Hundehaugen er planta til med store bøketre og der ligg restar etter dei gamle vegane frå då landskapsparken vart utforma på 1800-talet.
Foto: Margun Eik


X

Del dette med en venn