Breim heradshus

Breim Heradshus, bygd i 1887.

Kulturminnefondet har gitt tilskudd til restaurering av 14 store og 4 små vinduer og reparasjon av tak, kledning og istandsetting av inngangsparti. Det er også gitt tilskudd til å skrape, grunne og male bygningen med linoljemaling.

Sted

Breim, Gloppen kommune, Vestland

Verdiskaping

Verdiskaping

Breim heradshus

Det fine, gamle heradshuset ligg vakkert til som ein del av det gamle bygningsmiljøet på Reed ved Breimsvatnet. Huset stod ferdig i 1887 og var for si tid eit stashus i sein-empir stil.

Tekst og foto: Gloppen kunstlag, Ståle Fitje i samarbeid med Aslaug Nesje Bjørlo

Breim Heradshus frå nordvest, utsnitt frå fotoet frå Reed av J. Hundskår. Slik såg huset ut i 1914.

Det meste av materialane i Breim Heradshus er frå Gamle Breim Kyrkje bygt i 1660-åra. Ho vart riven i 1886. Dette gjer huset endå meir spennande og verdfullt og såleis viktig å ta vare på.

På skrårommet på loftet mot nordvest kan ein finne denne engelen som ein gong var dekorasjon av interiøret i den gamle kyrkja frå 1660-åra. Foto: S. Fitje.

Der det er råd å kome til, kan ein sjå materialar, byggemåte og restar etter målte dekorasjonar frå 1600-talet.
Breim kommune vart oppretta på denne tida. Det er sjeldan å kunne finne eit heradshus på landsbygda frå så lang tid tilbake. Huset har i stor grad fått vere som det var då det vart bygt og inneheld såleis detaljar som var moderne og typiske for denne tida. Dette gjer det også i høgste grad viktig å ta vare på.

Breim Heradsstyre samla utanfor Breim Heradshus i 1914. Frå J. Aaland: Gloppen og Breim, kommunesoga 1838 – 1937.

Huset har gjort teneste som heradshus frå det vart bygt i 1887 og fram til 1960 åra då Breim og Gloppen kommunar vart slegne saman på nytt. Her var kommunestyre-salar og møterom, og på loftet kommunale kontor til den bruk som var naudsynt i dei tider. I huset var det også bibliotek som var ope etter kyrkjetid på søndagar så kyrkjefolket kunne nytte høvet til å låne og levere tilbake bøker. Her i huset heldt også framhaldskulen til.
Etter kvart som tida har gått og dei krav som vert stilte, skal gjelde, vart huset lite brukt.

Møtesalen i Breim Heradshus, kan nyttast til mange ulike føremål. Foto: S. Fitje.

Enkelte lag og organisasjonar hadde møteplass her, men etter kvart vart huset berre ståande ubrukt og meir til forfall. Gloppen Kunstlag overtok huset i 2016, og vedlikehaldsarbeidet kom i gang att.

Arbeid som er utført:
Vedlikehaldsarbeid er utført sidan 2016, med midlar frå Gloppen Kunstlag, Kulturminnefondet og Stiftelsen Uni.

Utan denne støtta ville ikkje Gloppen Kunstlag fått utført dette arbeidet.

Vindauga:
Alle dei originale vindauga med råmer og karmar er reparerte, skrapa, reinsa og impregnerte med rå linolje og måla med linoljemåling.

Eit vindauge i vestveggen på Breim Heradshus fotografert i 2017 som syner at det treng reparasjon. Foto: S. Fitje.


Same vindauge fotografert i februar 2022 som viser det ferdig reparert. Foto: S. Fitje.

Alle glas-rutene er tekne ut og sette inn på nytt i råmene og festa med kitt etter gamal metode. Rutene av gamalt, originalt, banka glas er brukte om att , og dei rutene som mangla av denne typen, er bytte ut med ruter av den gamle, originale typen. Alt arbeid er gjort i tråd med fagelege føreskrifter for bevaring av verneverdige hus.

Tak og inngangsparti:
Taket er reparert og vindfanget er teke ned og oppsett på nytt med nye materialar der det var bruk for det. Vindbord mot tak og nokre få dårlege bord i kledning er også bytte ut.

Måling og vask av huset:
Utvendig er huset vaska og måla med to strøk linoljemåling.I tillegg har Gloppen Kunstlag fått montert takrenne på vestsida av huset for å verne vindauga under.

Breim Heradshus ferdig frå søraust, februar 2022. Foto: S. Fitje.

Tankar om framtidig bruk:
Gloppen Kunstlag arbeider no i 2022 med å finne ny eigar til huset. Huset kan tene ulike føremål t.d. som forsamlingslokale til møte, samkomer, mindre arrangement osv.