Harpefoss hotell

Huset som er bygt i sveitserstil med rike utskjeringar, spesielt på verandaen i tre høgder, har fungert både som stasjonshotell, skysstasjon, landhandleri og godsformidlar.

Sted

Sør Fron

Verdiskaping

Verdiskaping

Taket på Harpefoss hotell har hatt store skadar, og Kulturminnefondet har lagt vekt på at bygningen er både tidstypisk og framstår i opprinneleg stand. Fondet gav tilsagn på inntil kr. 300.000 og skriv i tilsagnsbrevet sitt at det er knytt kulturminneverdiar til denne type bygningar som også kan bli sett inn i eit større samfunnsmessig utviklingsperspektiv. Det er også lagt avgjerande vekt på at Harpefoss Hotell i dag dels er regulert til næringsbruk og dels til privat bustad. Det er Eivind Slettemeås og Anna Gudmundsdottir som eig hotellet i dag.

Harpefoss hotell i Sør-Fron ei historisk perle

Huset som er bygt i sveitserstil med rike utskjeringar, spesielt på verandaen i tre høgder, har fungert både som stasjonshotell, skysstasjon, landhandleri og godsformidlar. Dovrebanen vart opna mellom Tretten og Otta i 1896, og da stod Harpefoss hotell ferdig. Hotellet vart bygt på privat initiativ som skysstasjon, samt landhandleri og godsformidlar. Det var reiselivspioneren Amund Wadahl som bygde Harpefoss hotell. Seinare bygde han Gålåseter hotell ved Gålåvatnet, som seinare vart Wadahl hotell. Dovrebanen vart opna til Dombås sju år seinare, i 1913.

Tekst og foto: Kjell Nyhus

Eivind Slettemeås og Anna Gudmundsdottir ønskjer velkomne til Harpefoss Hotell.

Allsidig kunstnarektepar som hotell- og landhandlerieigarar

Det er Eivind Slettemeås som tek imot ute på garden framfor Harpefoss hotell, og han er snar til å invitere inn i landhandleriet der kona Anna Marie Sigmond Gudmundsdotter er klar med kaffe og kake til. Dei møtte kvarandre i studentmiljøet i Bergen, og etter å ha stifta familie sakna dei fjell og natur og var på leiting etter ein plass dei kunne etablere seg på. Det var ikkje så mange plassar å velja mellom, kan dei fortelja, men da dei såg annonsen på Finn.no for 12 år sidan at Harpefoss hotell vart til sals slo dei til og kjøpte plassen for 2,3 mill.kroner av familien som hadde budd der i seks år.

– Harpefoss er ikkje akkurat sentralt plassert ?

– For oss var det det, er dei samde om, plassert midt mellom Oslo og Trondheim. Det er ein spennande natur og eit vakkert variert landskap her. Sjå berre det fine kulturlandskapet her i Sør-Fron, flotte fjellområde og det dramatiske juvet rett nedanfor tomta vår, fortel kunstnarekteparet som klårt har funne seg godt til rette som sør-frøningar. Dei fyrste åra budde vi her i bygget, men etter kvart såg vi at det vart ei betre løysing med eige hus i eit nyare bustadområde på Harpefoss. Vi gjorde oss sjølve til pendlarar med nokre få minuttar gange hit ned, smiler dei. Men det hendar vi også overnattar her, som om vi er på hytta, fortel Anna.

– Kven er så dette kunstnarekteparet som har etablert seg på Harpefoss med tre barn, eigen private bustad og gammalt hotell med landhandleri på kanten av Harpefossjuvet innan akseptabel gangavstand frå eigen bustad?

Anna ønskjer velkommen inn i atelieret.

Eivind Slettemeås er frå Bø i Telemark, fødd i 1974, kunstnar, produsent, kurator og freelance-skribent med billedkunstutdanning frå Vestlandet Kunstakademi. Han har særleg fokus på kunst i offentlege rom-prosjekt som handlar om områdeutvikling og undervisning. Slettemeås har bakgrunn innan forlagsbransjen og arbeider i dag som dagleg leiar for Harpefoss hotell kunstarena som er eit artist-in-residence prosjekt med undervisning, produksjon og visningsarena, i tillegg til TILT forlag frå 2016. Dette bruksområdet for hotellet starta i 2014 og er den same som dei arbeider innan i dag. Kunstnarar kjem hit, bur her og arbeider her, og avsluttar med ei utstilling, konsert, forestilling eller anna framføring før dei reiser att. Eivind formidlar også informasjon om Kulturlandskap Gudbrandsdalen med rundt 15 kunstverk plassert ute i naturen rundt om i dalen. Hotellet er også deltakar i prosjektet Gudbrandsdalsvegen.

Anna Marie Sigmond Gudmundsdottir vart fødd i 1974 i Reykjavik på Island og er utdanna ved Kunstakademiet i Bergen. Ho blir rekna som ein av dei mest anerkjente kunstnarar innan sin generasjon. Ho er eit multitalent som ikkje avgrensar seg til berre ein type uttrykk, men veksla mellom installasjonar, maleri, teikning og foto. Ho har halde separatutstillingar i velrenomerte galleri og deltok på Haustutstillinga i 2917. Ho har hatt utstilling m.a. på Henie Onstad kunstsenter, Astrup Fearnley Museet, Galleri Brandstrup, Reykjavik, Sørlandet Kunstmuseet og Galleri Dropsfabrikken i Trondheim. I 2016 bygde ho sitt eige studio i den gamle låven til Harpefoss Hotell der ho arbeider nå. Ho har oppnådd brei respekt med maleria sine, dei monumentale vegg-maleria og installasjonane innan og utanfor kunstinstitusjonane, og ho tok del i Manifest Biennale så tidleg som 2002. Mellom anna DNB sin nye hovudadministrasjon i Bjørvika og universitetet i Stavanger er utsmykka med kunstverk frå Anna Gudmundsdottir som ein del av offentlege rom-prosjekt. Det blir m.a. sagt om kunstverka til Anna Gudmundsdottir at dei har ein optisk effekt av luftlag eller vibrerande rørsle som breier seg utover eit grenselaust rom.

Anna har skapt seg ein fin arbeidsplass inne i den gamle låven.

Fantastisk modell av området

Eivind Slettemeås fortel at den gamle landhandelen held ope kafé om sommaren og sal av lokale matprodukt. Kvart år blir det vist nye kunstutstillingar inne i galleriet og i parken utandørs med utsikt til Harpefossjuvet der ein kan oppleva andre overraskingar i landskapet. Det er ved juvet det er smalast over Lågen, så det var naturleg med bru her. At det har vore heile fire landhandleri i dette området er heilt utruleg.

– Du må ta ein tur inn i naborommet og sjå på minimodellen av området her, fortel Eivind før ekteparet inviterer til ei guida runde i og utanfor hotellet.

Inne i naborommet står ein fantastisk flott modell av området laga av Martin Skriubakken (30) frå Sør-Fron. I tillegg til å vera musikar har han modellbygging som hobby, og det var han som lurte på om Eivind var interessert i at han laga ein modell av juvet med landskap og historiske bygg på båe sider. Svaret var ja, og modellen er utruleg flott !! Eivind fortel at Harpefoss stasjon er einaste stasjonsbygget i Gudbrandsdadelen som er rivi, men på modellen ser vi korleis det såg ut før i tida

Restaurert veranda, tak og nytt atelier

Eivind Slettemeås fortel at arbeidet med skifertaket og totalrenovering av den rikt dekorerte verandaen starta i 2019. Taket var opprinneleg ruteskiferheller som var skifta ut på 80-talet med sponplater som ikkje tola vatn og tekt med shingel på lekter. Det vart brukt lokal skifer i restaureringsarbeidet som passa godt saman med den gamle skiferen på taket. Verandaen vart lyfta og retta opp, og dekorasjonane på den tre etasjarhøge verandaen vart pussa opp att. Det siste som er gjort ferdig er blikktak på dei to påbygga som tener som inngangsparti på kvar sitt hjørna av huset. I det eine var det berre golvplankar rett ned på jordgolvet da ekteparet kjøpte hotellet for 12 år sidan, kan Eivind fortelja.

I den gamle låven har Anna bygt seg eit stort og ljost galleri på rundt 120 kvadratmeter. Når ein opnar dei gamle låvedørene blir ein møtt av to glasdører. Innanfor lyser eit flott fullisolert arbeidsrom for Anna opp. Dette er Anna sitt prosjekt, understrekar Eivind. Ein får inntrykk av å vera i eit kyrkjerom der dei gamle trebjelkane kjem til syne under det høge ljose taket.

Mange rom i hotellet og fint uteområde

Det var hotelldrift fram til 1935 og frå 2019 og fram til i dag. Det er totalt sju soverom fordelt på to avdelingar med plass til elleve personar. Den største avdelinga ligg i fyrste og andre etasje og den minste i tredje etasje og på loftet. Båe avdelingane har eiga stove, spisestove, kjøkken, bad og eigen inngang. I andre etasje ligg det også ein festsal der ein kan dekke opp til tretti personar. Som auditorium med AV-utstyr kan salen gje plass til femti personar. Eivind har også eige kontor i bygget. Det er ikkje hotelldrifta som er hovudinntekta til eigarane, men det dei greier å få i overskot blir pløgd inn i hotellet att. 2021, da alle skulle ha Norgesferie, var eit bra år for dei.

Uteområdet, parken, med lysthus ute mot juvet opnar for ulike aktivitetar. Her kan det vera utandørs servering, selskap, konsertar, ulike andre arrangement, minifestival, kurs, samlingar og ulike formidlingsopplegg. Med dei kreative og kunstnariske eigarane Eivind og Anna har Harpefoss hotell vorte ein renommert kunstarena, noko Kulturminnefondet også har lagt vekt på da dei gav tilsagn om tilskot på inntil tre hundre tusen til istandsetjing av tak i 2018. Eigarane slår seg ikkje til ro med dette. Nytt visningsrom i skogen ved den nedlagde jernbanestasjonen er alt under planlegging.