Disen kulturveksttun

Kulturminnefondet har støttet Disen kulturveksttun og Disen Scene.

Sted

Hamar

Verdiskaping

Verdiskaping

Erling Behrens har vore styremedlem i stiftelsen i sju år, styreleiar i dei siste fem åra, og han får spørsmålet om stiftelsen har oppnådd måla sine.

– Ja, eg meiner at vi dels har lykkast, sjølv om vi har mista verdifulle arbeidsplassar i seinare tid. I dag har vi elleve kunstnarar i det vi kallar det gule huset, og det står eit par på venteliste. Lokala i dette huset skal leigast ut som ateliér, verkstad eller skrivestove for kunstnarar, kunsthandverkarar, forfattarar, musikarar, designarar m.fl. Dette skal være produksjonslokale for profesjonelle kunstnarar. Romma varierer i storleik frå ca. 10 til 60 kvm. Det er kunstnarane som alt har etablert seg i bygget som fattar avgjerd om kven som skal få plass når det blir noko ledig. Dette for at kunstnarane skal få eit breiast mogleg kunstnerisk miljø som heile miljøet er tent med. I det grøne huset har vi kontorplassar for kulturelle formål, og der har vi i dag berre to rom ledige i andre høgda. Det lysegrå huset vart ledig i 2021 da Den kulturelle skolesekken i Hedmark (Turnéorganisasjonen) og Oppland vart slått saman til DKS Innlandet og samlokalisert på Lillehammer. I dette huset har vi deretter vore så heldige at vi har fått oppretta ei tiårig avtale med Bufetat som disponerer heile huset til fleire bustader og mange tilsette som står for døgnkontinuerleg arbeid. Det er Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) som har ansvar for det statlege barne- og familievernet. Det har elles vore lite gjennomtrekk av leigetakarar i kulturveksttunet.

Disen kulturveksttun på Hamar

Stiftelsen Disen Kulturveksttun vart etablert i 1988. Hamar kommune bidrog da med 2,5 mill. kr. i lag med Hedmark fylkeskommune som gav 0,5 mill. kr. til stiftelsen. Formålet med stiftelsen var m.a. å skape eit kraftsenter for kunst og kultur i Hedmark, og skape kulturarbeidsplassar i fylket.

Tekst og foto: Kjell Nyhus

Bildet av styreleder forran gul vegg. Han har oransj jakke på og sorte briller.
Erling Behrens er styreleiar for stiftelsen Disen kulturveksttun på Hamar og brenn for eit aktivt kulturliv i byen.

Frå vikingtid via jernbanemuseum til «Black-box»

Disen Vestre som er ein svært gammal gard vart rydda lenge før vikingtida. Det var vanleg gardsdrift på garden fram til c. 1920-talet. Opp gjennom åra har det vore mange ulike aktivitetar på området. Dei fyrste lokala til Norsk jernbanemuseum var i Hamar stasjon i perioden 1896 – 1912. I atten år var museet nedpakka, men tok imot gåver til samlinga heile tida. I åra 1926 – 1927 vart dei gamle stasjonsbygga frå Kløften, Bestum og Ilseng sett opp på ei høgd ved Disen som voks opp som eit friluftsmuseum. Lokomotivet «Alf» og nokre vogner fekk også sin plass der. Ein jernbaneskule der dei utdanna telegrafistar vart også etablert, og betongbygget vart nytta som gymnastikklokale for jernbanefolket. Lokala vart dårleg vedlikehaldne og vart etter kvart nedslitte og dårlege. Ideen om ein teaterverkstad på Disen Gård dukka etter kvart opp, og da Hedmark teater vart stifta i 1987 flytta dei inn på tunet.

Bildet viser Black boksen, styreleder står på gulvet.
Disen scene har ein «black-box» med mobil tribune med hundre sitteplassar på tribune og fleire på golvet når det er ønskeleg.

Dette var truleg starten på at Hamar i dag har eit så nytt og moderne kulturhus, meiner Erling Behrens, og i dag er gymnastikkbygningen ombygd til det vi kallar Disen Scene eller «Black box». Dette er ei sal med 100 plassar på ei mobil tribune veleigna for forestillingar, konsertar, seminar og korps- og koraktivitetar. Disen Kulturveksttun har ei utleigeordning som det lokale kulturlivet kan gjera seg nytte. Det er investert i akustiske utbetringar og Brumunddal Brass omtalar akustikken som «perfekt!». Å synge i rommet kan vera meir krevjande da etterklangen er svært liten. Investeringa i Disen Scene i 2005 kosta stiftelsen i alt 5 mill. kroner og vart opna i september 2006.

Styreleiaren kunne ønskje seg meir tilbod for barn og unge og at Disen scene hadde fleire leigetakarar på dagtid og i helgene. Eit tilbod innan servering kunne også vore etablert.

Lagringsplass kan dei nok ordne på låven, men å legge til rette for eit profesjonelt serveringstilbod krev større investeringar som styret ikkje har planar om nå.

At Disen gard var ein stor gard forstår vi når Erling fortel at Hamar rådhus er bygt på tidlegare Disengrunn. Det har også vore ein hageby på gardsområdet.

Gammelt foto i svart hvitt av eiendommen. Det er svært folksomt.
Jernbanen sin dag i 1949 (Foto: E.Reinfjord)

Kulturminnefondet støttespelar

 

Styreleiar Erling Behrens er glad for at Kulturminnefondet har støtta stiftelsen i to omgangar, og seier at støtta er heilt avgjerande for å kunne setja i gang med større prosjekt. Eigenkapitalen i stiftelsen er bra, men naudsynt for å ha til eigenandel og til utlegg i forkant av utbetaling av støtte. Skulle det skje noko ein ikkje hadde sett for seg er det viktig for ein sjølvstendig stiftelse å ha pengar på bok for å kunne gjera utbetringar. Stiftelsen skal by fram rimeleg leige til kunst og kulturformål, så utleigeprisen er låg. Det er bygget Disen scene som har vore i fokus når det gjeld renoveringsarbeidet. I 2017 gav Kulturminnefondet tilsagn på inntil 250.000 kr. til rehabilitering av austfasaden med inngangsparti. Laus murpuss og skadd tegl måtte fjernast og erstattast med ny puss med hydraulisk kalkmørtel. Diffusjonsopen overflatehandsaming skulle brukast, og i tillegg var det utskifting av renner og beslag i sink. I august i år (2022) gav Kulturminnefondet tilsagn på inntil 200.000 kr til restaurering av vindauge med krav om m.a. bruk av både linoljemaling og linoljekitt i arbeidet. I vurderinga gav Kulturminnefondet uttrykk for at bygningen representerer ein type kulturminne som dei ikkje får så mange søknader om i Innlandet. Den gamle gymsalen til jernbaneskulen på Disen og drifta av kulturveksttunet i dag er gode eksempel på skiftande og ny bruk som bidreg til det lokale kulturelle mangfaldet. I 2017 vart det også lagt vekt på støtte til kulturminne i byar og tettstader, og Kulturminnefondet ønskjer å prioritere kulturminne som er opne for alle og som blir brukt i næringsmessig samanheng.

Gammelt foto i svart hvitt av jernbanemuseet.
Svart hvitt foto av damplokomotiv.