Gardsøy

Gardsøy – Øvre Øi er et gammelt gårdstun beliggende sentralt opp fra Vågå sentrum. Tunet består av ti hus, og utgjør en viktig del av det gamle kulturlandskapet.

Kulturminnefondet har støttet istandsetting av bygg på gården i flere omganger, og arbeidene utført på en måte som bevarer bygningene og ivaretar kvaliteter i bygningsmiljøet.

Sted

Vågå, Innlandet

Verdiskaping

Verdiskaping

Gardsøy i Vågå blir teke godt vare på

Den gamle garden Gardsøy har vore heldig med Edel Aas og Terje Marstein som nye eigarar som vil ta vare på garden for ettertida.

Tekst og foto: Kjell Nyhus

Da Anne Øy gjekk bort i 1970, kom det som ei stor overrasking at ho hadde testamentert heile den gamle garden sin med hus frå 1700 og 1800-talet i solsida i Vågå kommune til aldersinstitusjonen Vågåheimen.

Etter mange år med heftige diskusjonar og stort engasjement fekk Fortidsminneforeninga i 1994 ansvaret for tunet med tilsaman ti hus, og ein av dei to personane som var tilgodesett i testamentet tok over jordareal og seter. Innboet hadde vorte registrert av Vågå historielag og plassert delvis på Vågåheimen og i historielaget sine bygg. Nokre av dei største antikvitetane som ikkje var så enkle å fløtja på vart ståande på garden.

Fortidsminneforeninga fekk restaurert ein god del på garden den tida dei var eigararar, ikkje minst sett opp ein solid grunnmur i betong som vart forblenda med stein under den nedre stugu. Leirgrunnen gjorde sitt til at grunnmuren var på tur til å rase ut. Dei hadde også  restaurert det eine av tre stabbur på garden da dei i 2011 gjorde vedtak om å selja garden til andre eigarar som kunne ta vare på garden med alle gamle hus.

Terje Marstein og Edel Aas kjøpte Gardsøy i Vågå i 2011. Foto: Kjell Nyhus

Sambuarar vart nye eigarar

Terje Marstein (64) og Edel Aas (63) var aktive handballspelarar da dei møttest på Oppsal som 18-19-åringar. Det var ikkje berre handball som var felles interesse. Båe to hadde fedrar som var interesserte i gamle tømmerhus, og båe to var også habile handverkarar. Terje hadde  ein bestefar frå Lom og ei bestemor frå Skjåk, og med hytte i Fåvang vart det etter kvart fleire turar for sambuarparet oppover dalen til Lom og Skjåk. Terje minnast at det var folk frå Lom og Skjåk heime hjå dei i Oslo heile tida da han var ungdom. Han hadde ei tante som var busett i Florida, og da ho kom tilbake til heimlandet var det alltid gjævt å kunne reise til slekta i Skjåk.

Bestemor til Terje budde i Oslo, og det var støtt mange tilreisande som budde hjå ho. Alle var velkomne, og dei kalla henne berre for «mor». Sambuarparet fekk etter kvart to jenter, og i saman driv dei framleis selskapet Oslo Oppmåling AS på Alnabru som har femten tilsette. Terje er landmålar og Edel tek seg av økonomi og administrative oppgåver. Og ikkje forgløyme at ho også er utdanna møbelsnekkar!

Edel Aas har teke godt vare på denne vesle gamle tydokka som dei fann i leirfyllinga i stubbeloftet i lag med mange beinrestar. Foto: Kjell Nyhus

Oppmålingsselskapet deira hadde gjeve Edel og Terje eit økonomisk grunnlag for å sjå seg om etter ein større «boltreplass». Da vekebladet «Norske hjem» hadde ein artikkel om Gardsøy i Vågå med ti hus som var ledig hausten 2011 vekte det felles interesse, og dei melde seg på bodrunda. Dei var hindra i å møte på den annonserte visninga, så dei spurde derfor meklaren om dei kunne få låne nøklar for å sjå seg rundt på garden før bodrunda vart avslutta. Svaret frå meklaren var klårt: – Nei, det går nok ikkje på Gardsøy!

Dei fekk nå sett seg rundt, og med eit bod på 2,4 millionar kroner sat dei på fjellet i Fåvang i september og var brått eigarar av ein gammal gard i Vågå med mange gamle hus.

Driftsbygningen fullrestaurert sett frå tunet. Foto: Kjell Nyhus

Kjøpt seg mykje arbeid

Edel Aas og Terje Marstein var klar over at dei hadde kjøpt seg mykje arbeid, noko dei tek som ei utfordring med glød og engasjement. Dei seier samstemt:

Vi er klar over at vi har denne flotte garden på lån, og vi skal levere den vidare i betre forfatning enn da vi tok over.

Og heldigvis ser det ut til at det er interesse hjå neste generasjon for å ta denne kulturskatten vidare. Den eldste jenta vår er  veterinær i Lom og Skjåk og bur her på garden, og den andre er utdanna lærar. To flotte hestar som går og beitar på nabogarden vitnar om hesteinteresse i familien.

Det gjekk ikkje lang tid før restaureringsbehovet var synleg. Grunnmuren under låven hadde i løpet av vinteren glidd 13 centimeter utover. Fortidsminneforeninga hadde også kjempa mot leirgrunnen da dei var eigarar av garden. Dei sette i gang eit stort prosjekt med betongmur ned på fjellgrunnen under nedre stugu. Denne vart så forblenda med ekte stein som gøymer betongkonstruksjonen heilt. I 2007 fekk Fortidsminneforeninga eit tilskot frå Kulturminnefondet på 240.000 kroner for å restaurere eitt av dei tre stabbura på garden. Edel Aas og Terje Marstein fekk 53 tusen kroner frå Kulturminnefondet i 2018 for å skifte ut råteskadd tømmer og dreneringsarbeid under det nedre stabburet. Firmaet Stokk og Stein i Lom var sentrale under restaureringa av øvre stabburet i 2010, og det var Trehuseksperten i Vågå som sto for restaureringa av nedre stabburet i 2018.

Fortidsminneforeninga var eigar av Gardsøy i perioden 1994 – 2011 og fekk restaurert nedre stugu med ny solid grunnmur på fjell under. Foto: Kjell Nyhus

Gardsøy i sentral gardrekke i solsida i Vågå

Gardsøy er ein av mange gardar som ligg på rad og rekke i solsida i Vågå og pregar kulturlandskapet. Det er Blessom-gardane, Haugøy, Gardsøy, Øy og fire Sandbu-gardar. Går ein langt tilbake i tida så har truleg både Sve og Kremmar-Sandbu som nå ligg nede på flatlandet vore ein del av denne gardrekka.

Låven på Gardsøy har ein tømmerdel frå 1700-talet og eit tilbygg frå 1923. Den store fleirbrukslåven ligg monumentalt i kulturlandskapet ovanfor Vågåmo sentrum, og Kulturminnefondet har gjeve tilskot i tre fasar til restaurering av dette bygget. Det var med stort pågangsmot at Edel og Terje starta dette omfattande arbeidet i 2014. Da vart bygningsdelane merka, takskifer og bølgeblekk demontert, taktro, takrenner, etasjedelar, utvendig panel inkl. skotter, dører og listverk, reisverk og stall – alt teke ned og merka. Dei måtte leige ei kran til alt dette omfattande demonteringsarbeidet, og alt vart lagra under tett bølgeblekktak.

Året etterpå kunne oppattbygginga starte med solidare fundament på fjell og nytt reisverk og bjelkelag i kjellaren. Den gamle steinmuren vart mura opp att, og det vart lagt nytt golv, tak og panel i 1. etg. Her har Edel og Terje laga ei stor og fin stove med stor peis pluss ein kjøkkendel. Vidare vart gamle berande konstruksjonar i 1., 2. og 3.etg. og lafta stall montert opp att. Nytt golv i 2. etg., ytterpanel i 2. etg., taktro, takpapp pluss glas og dører kom på plass. Det store spørsmålet var om ein skulle bruke skifer eller bølgeblekk på heile taket til slutt. Opprinneleg var det skifer og bølgeblekk på kvar sin halvdel. Både av økonomiske omsyn og lik vektfordeling vart resultatet bølgeblekk. Kulturminnefondet såg at dette var eit svært omfattande arbeid med svært mykje eigeninnsats og gav eit tilskot til fase 1 og 2 på 550.000 kroner.

– Denne omfattande restaureringa måtte stille krav om mykje pågangsmot, eigeninnsats og pengar?

– Ja, det kan vi skrive under på, fortel Edel og Terje.

– Totalt så langt inkl. fase tre med oppattbygginga har vi brukt fire millionar kroner på låven, fortel Edel som er takksam for alle venner og kjente som har stilt opp på mykje dugnadsarbeid.

– Ja, eg har brukt opp alle vennene mine, sukkar Terje med eit glimt i auga, så nå er eg vennelaus. Eg er glad for at det bur fleire på garden her, for nå er det på tide at dei kjem fram og hjelper meir til. Det er folk som går att her, forstår du.

Terje har våga seg på stolen som knirkar sjølv om det ikkje er noko brudepar eller andre på rommet. Foto: Kjell Nyhus

Vi ventar med noko skepsis på spøkelseshistorier, og får høyre meir om fase tre i oppattbygginga i 2016. Det inneheldt ein del terrengarbeid med drenering, oppattbygging av låvebrua med både stein og tre, murverk på låven, bølgeblekk på heile taket, ein del restaurering av dører og utskifting av roteskadd tømmer samt renovering av dobbel utedo med ny steinmur under. Til denne fasen løyvde Kulturminnefondet tre hundre tusen kroner.

– Av dette trekte dei tilbake nitti tusen kroner, fortel Edel, fordi vi måtte legge inn meir dugnadsinnsats enn planlagt. Vi har hatt eit flott samarbeid med Trehuseksperten A/S her i Vågå. Dei leverer svært høg kvalitet på arbeidet sitt, men hadde så mange oppdrag at vi måtte kalle inn til ekstra dugnad for å bli ferdige i tide. Den ekstra dugnadsinnsatsen kosta oss nitti tusen i mindre tilskot, påpeikar Edel. Eg vart noko oppgjeve, for vi hadde arbeidd oss halvt i hel. Men Kulturminnefondet hadde sitt på det turre. Eg hadde nok ikkje lese vilkåra godt nok frå starten av.

– Og fleire venner vart borte, seier Terje med eit smil i augkroken over brillene.

Edel, som den økonomen ho er, har lagt fram eit reknestykke for direktør Simen Bjørgen i Kulturminnefondet der ho konkluderer med at det offentlege får tilbake mellom 3-4 kroner for kvar krone dei yter til restaureringsarbeidet av gamle kulturminne. Derfor er det bra at fondet i år har fått 16 mill. ekstra kroner i revidert nasjonalbudsjett. Edel strekar forresten under det gode samarbeidet dei har hatt med Kulturminnefondet som gav dei formidlingsprisen i 2019. Ei lokalavis fortel om kontorsjefen i Norsk kulturminnefond og direktør Simen Bjørgen da dei var på synfaring for å sjå korleis tilskotet på 550.000 vart brukt. – Fantastisk, var uttrykket dei brukte om restaureringsarbeidet.

Dette øvre stabburet vart restaurert av Stokk og Stein i Lom i 2007 da Fortidsminneforeninga var eigar av garden. Terje Marstein og Edel Aas. Foto: Kjell Nyhus

Låven – eit spennande fleirbruksbygg

I vurderinga frå Kulturminnefondet heiter det: Låven har høy verneverdi og eier viser et stort engasjement. Arbeidet er utført på en måte som bevarer bygningen og ivaretar bygningsmiljøet. Kulturminneprosjektet støtter prosjekter hvor eier viser evne til å gjennomføre prosjekter i tråd med plan. Søknaden styrkes at det planlegges at låven skal brukes som stall, verkstad og kurslokaler, høylåve, forsamlingslokale, galleri og utstilling Dette gir potensial til næringsutvikling på gården.

Edel og Terje har gjennom restaureringsprosjektet skapt nye spennande lokale for ulike arrangement i kulturbygda Vågå, frå ost- og ølkveldar for ei gruppe på ti personar i puben til bryllaup med 120 gjestar med festpynta bord på låven sommarstid. Opningskonserten med duoen Leif Schjølberg på fele og Dag Gården på trekkspel i 2017 var populær og dokumenterte god akustikk i det store publokalet. Så langt er det jungeltelegrafen som marknadsfører Gardsøy. Med fulle jobbar båe to tek dei ikkje mål av seg til å bli fastbundne på Gardsøy heile tida. På grunn av pandemien er eit par planlagde bryllaup avlyste.

Festlokale på låven med plass til 120 gjestar. Foto: Edel Aas

Terje har ølbrygging som ein kjær hobby, og det spesielle er at han har «vekt opp att» fleire hundreårgammal gjærsopp frå mange gardar som han brukar på nytt i ølbrygginga si. Smaksprøvene som han serverar til dugnadsfolket sitt fell i god smak, får vi høyre. Edel og Terje har vald å ikkje satse på overnatting, men brudeparet og venner på besøk får ligge i romma som er fint innreia til soverom. Her har kompetansen til Edel som møbelsnekkar kome til syne i flotte store «himmelsenger». På rommet til brudeparet er det både vogge og ei heilt spesiell seng og kleberomn, og i den gamle «omgangsskulestova» ein fint dekorert vevstol og ei ekstra stor seng. På brudeloftet er det også ein gammal stol som det knirkar så godt i at ein høyrer det godt i fyrste høgda. At saker flyttar på seg og det gamle timeglaset med sand i ramlar ned frå hylla på veggen og varslar at egga er ferdigkokte tek dei båe to med godt humør. Dei har fått tilbod frå ein synsk person om å «roe huset», men dei har takka nei. Edel tykkjer det er fint at det bur folk der og passar på når dei sjølve er bortreist. Dei er berre gode mot oss, seier ho, og Terje har ei sterk forventning om ekstra arbeidshjelp på garden snart. Det er ikkje berre skuggar dei ser. Dei kjenner også lukta av kamfer og nafta når dei som går att går gjennom rommet.

Turrstabburet er plassert sør i hagen. Foto: Kjell Nyhus

Nye prosjekt

Edel og Terje har nye prosjekt på gang. Den gamle trebrua over elva Nugga som fører fram til garden må byggjast ny. Dette kan kanskje bli løyst gjennom eit samarbeid med Hjerleid på Dovre og at ein lærling frå Dovre Handverkssenter får brubygginga som ei lærlingeprøve. Den gamle tørrstugu frå Gardsøy har vore innom eit par andre eigarar før den nå er tilbake i eige av sambuarparet Edel Aas og Terje Marstein. Etter restaurering har dei planar om å setja den opp att på Gardsøy når dei blir sikre på kvar den stod i si tid. Terje har eit bryggerhus som fyrsteprioritet på lista si, for ølbrygginga kjem nok til å ta meir av tida hans framover når den skjulte arbeidshjelpa på garden måtte dukke fram.

– Dei kan ikkje berre surre rundt slik som dei gjer nå utan å hjelpe til, avsluttar han.

Den gamle garden Gardsøy har vore heldig med Edel Aas og Terje Marstein som nye eigarar som vil ta vare på garden for ettertida.

Terje og Edel unner seg ei pause inne på det øvre stabburet. Foto: Kjell Nyhus

Finn flere gode prosjekter til inspirasjon på våre nettsider.