Ringsveen

Maristua og Dovrestua er to husmannsstuer på Ringsveen, Jakob Weidemanns kunstnerhjem. Jakob Weidemann (1923-2001) kjøpte Ringsveen i 1968. De to stuene ble flyttet til eiendommen omkring 1970. I dag eies eiendommen av Stiftelsen Ringsveen, etablert i 1999 av Weidemann selv. Stiftelsen tilbyr norske kunstnere å bo og arbeide på Ringsveen.

Ringsveen hadde stor betydning for Weidemanns liv og virke som kunstner, og er et kulturmiljø av nasjonal interesse og med klare verneverdier.

Kulturminnefondet har støttet istandsetting av Maristua og Dovrestua i to omganger, og restaureringen av stuene bidrar til å styrke dagens bruk av Ringsveen og utvikle stedet i tråd med Weidemanns ønske.

Sted

Lillehammer, Innlandet

Verdiskaping

Verdiskaping

Maristua og Dovrestua på Ringsveen på Lillehammer restaurert

Tekst og foto: Kjell Nyhus

På Ringsveen fem kilometer opp frå Lillehammer står det to tømmerhus som vart flytta hit av Jakob og Anne Marie Weidemann (f.Frøisland) omkring 1970. Maristua vart flytta frå Andgard på Dovre, og Dovrestua frå Andgardslien på andre sida (sørsida) av Dovrebygda. Dei to tømmerhusa gjorde tunet på Ringsveen meir komplett.

Anne Weidemann fortel i boka «Rogna på Ringsveen», som stiftelsen Ringsveen har gjeve ut, at Jakob hadde lova henne at dei ein gong skulle få seg eit småbruk med hest og sau.

Jakob Weidemann fekk i 1967 oppdraget med å smykke ut Maihaugsalen på Lillehammer. Da han fekk spørsmålet frå Valen-Senstad om han kunne male eit bilde på 19 meter svara Weidemann at han godt kunne male ein kilometer!

På Lillehammer fekk Jakob greie på at småbruket Ringsveen var til sals, og ein dag reiste han dit opp i lag med advokaten sin. Det var tjukk tåke så Jakob gjekk ned i stallen og fjoset «for han så ikke en døyt». Da han såg alt seletøyet som hang på knaggane bortover snudde han seg mot advokaten og sa stutt og bestemt: «Vi tar stedet!«. Året etterpå flytta Jakob og Anne til Ringsveen der dei hadde kunstnarheimen sin for det meste av året fram til Jacob døde i 2001. Dei hadde hus på Vindern som dei brukte når dei var i Oslo  Anne levde ni år lenger. At ekteparet Weidemann både vart glad i Ringsveen og hadde stor glede og omsorg av dyr og naturen rundt er godt kjend.

Det var nok tettare tåke på Ringsveen den dagen Jakob Weidemann sa til advokaten sin: – Vi tar stedet. Foto: Kjell Nyhus

Stiftelsen Ringsveen

I dag er det stiftelsen Ringsveen som eig Ringsveen. Stiftelsen var etablert i 1999 av Anne og Jakob Weidemann som ønskte å gjeva unge kunstnarar dei same moglegheitene som dei hadde hatt sjølve, å bu og arbeide på denne eigedomen ovanfor Lillehammer. Derfor har stiftelsen til formål å stille bustaden på Ringsveen til disposisjon for unge kunstnarar eitt år om gongen. Stiftelsen fekk ein grunnkapital på åtte millionar kroner etter sal av kunst og antikvitetar etter ekteparet. Tilbakemeldingane frå dei som har budd på Ringsveen er positive, alle har hatt eit rikt og inspirerande opphald på småbruket.

Gunnar Tore Larsen ved peisen frå 1796 inne i Maristua. Foto: Kjell Nyhus

Gunnar Tore Larsen var ein nær venn av ekteparet Weidemann, og han bur ikkje så langt unna eigedomen på Lillehammer. Derfor var han ein av dei som Weidemann valde inn i styret for stiftelsen, der han framleis sit og engasjerer seg for eigedomen.

Båe tømmerhusa frå Dovre på Ringsveen blir brukte som utstillingslokale. Foto: Kjell Nyhus

Maristua og Dovrestua

– Da stiftelsen overtok Ringsveen var det eit stort behov for vedlikehald av fleire bygningar, fortel Gunnar Tore Larsen. Det galdt spesielt eit stabbur og to tømmerstover som ekteparet Weidemann hadde kjøpt og flytta ned frå Dovre. Forfallet av stabburet var kome så langt at det lot seg ikkje redde. Da dei sette opp att tømmerhusa på Ringsveen rundt 1970 vart det brukt feil isolasjon mellom stokkane slik at stokkane tok til å rotne alt frå fyrste dag.

– Å ta vare på gamle hus kostar pengar, held Larsen fram. Stiftelsen måtte prioritere stova som var sett inntil hovudhuset som også hadde trong for ei avgrensa modernisering og utbetring. Dilemmaet til stiftelsen var at dei økonomiske midlane som stiftelsen disponerte primært måtte brukast for å etterleva vedtektene. Dermed forfall Maristua og Dovrestua meir og meir, og kritikken til styret for stiftelsen auka i takt med forfallet. Gunnar Tore Larsen fortel at Maristua er eldst, frå 1790-talet, og Dovrestua nokre tiår yngre. Klebersteinpeisen i Maristua er datert 1796, originalt glas i eitt av vindauga, og panelet er handdekorert frå ca. 1820-30 ifølge Hosar på Maihaugen. Båe stovene vart av fagfolk vurderte som verneverdige i seg sjølv, og ikkje minst for miljøet på Ringsveen der Weidemann hadde budd.

Gunnar Tore Larsen fortel at dei opplysningane som stiftelsen formidla til Kulturminnefondet i form av ein søknad om økonomisk bistand ikkje gjorde inntrykk på Kulturminnefondet som i starten avslo i alt tre søknader frå stiftelsen.

Maleri: Blomster på Ringsveen mala av Jakob Weidemann i 1978.

Søkte om rivningsløyve

– Vi såg ikkje annan utveg enn å søke Lillehammer kommune om rivningsløyve. Da var det fleire som såg at arven etter Jakob og Anne Weidemann måtte takast betre vare på. Det resulterte i at både Lillehammer kommune og fylkeskommunen løyvde tre hundre tusen kvar, og stiftelsen fekk god hjelp frå fylkeskonservatoren. Etter kvart kom også Kulturminnefondet med tilsagn om like stort beløp, og UNI-stiftelsen gav tilsvarande. Dermed hadde stiftelsen Ringsveen 1,2 mill. kroner – og restaureringa kunne starte. Det var firmaet Stokk og Stein i Lom som fekk oppdraget, og båe tømmerhusa vart frakta til Lom.

– Eg vil spesielt trekkje fram arbeidet til Ulf Ryen i Stokk og Stein. Fantastisk flott restaureringsarbeid, fortel Gunnar Tore Larsen.

Direktør Simen Bjørgen i Kulturminnefondet fortel at det rådande prinsippet er at hus skal takast vare på i det miljøet dei opphaveleg høyrer heime. Men av og til må ein fråvike det prinsipielle, og dei to tømmerhusa på Ringsveen var eit slik tilfelle. Ringsveen hadde stor verdi for Weidemann sitt liv og virke som kunstnar. Som han sa: –  Vi bor i Oslo, men vi lever på Ringsveen.

Weidemann sine maleri av skogbotn kom fyrst på 1960-tallet, men  nokre år seinere og spesielt etter at han kom til Ringsveen vart maleria ljosare og meir  «blomster»prega. Mange vil nok seia at Ringsveen og naturen og miljøet var ein grunn til det.

Fylkeskommunen og kommunen vurderte derfor anlegget til å vera eit kulturmiljø av nasjonal interesse, og med klåre verneverdiar. Det er heilskapen på Ringsveen som gjer at bygga er verd å ta vare på. At bygga blir planlagt brukt i samsvar med Weidemann sitt ønske for området – som ein arnestad for kunst – påverkar. «Vern gjennom bruk» får meir gjennomslag også i Kulturminnefondet, kan ein lesa ut av fondet si vurdering når det gjeld Dovre- stua og Maristua. Kulturminnefondet peikte spesielt på at det dekorerte panelet og klebersteinpeisen i Maristua skulle takast vare på, og at det vart minst mogleg utskifting av originale delar.

Dovrestua (t.h.) og Maristua dannar eit fint tun på Ringsveen. Foto: Gunnar Tore Larsen

Nye søknadsrunder

Tømmerkassene på Maristua og Dovrestua vart restaurert i tidsrommet oktober 2015 – september 2016. Da var pengane brukte opp, og det sto att meir arbeid for å få dei to tømmerhusa skikkeleg på plass att. Det stod att muring under båe hus, bjelkelag, golv, isolering og never og torv på taket. Stiftelsen måtte derfor ut med ny søknadsrunde, og med nye 474.000 kroner frå Kulturminnefondet, 300.000 kroner frå Sparebankstiftelsen samt nokre andre mindre bidrag og bistand med fagleg god kompetanse kunne båe tømmerhusa bli reist opp att på slik dei framstår i dag på Ringsveen. Gunnar Tore Larsen er svært godt tilfreds med at dei to tømmerhusa er så fint restaurerte og dannar ein heilskap i tunet på Ringsveen. Derimot ser han ser med uro på den økonomiske situasjonen til stiftelsen.

– Med det låge rentenivået som det har vore nå i seinare tid står vi i fare for å måtte tære for mykje på grunnkapitalen i stiftelsen.

Ifølge Kåre Hosar på Maihaugen er det handdekorerte panelet i Maristua frå ca.1820 – 1830. Foto: Kjell Nyhus

Finn flere gode prosjekter til inspirasjon på våre nettsider.