Prestgardslåna

Kulturminnefondet har støtta fleire kursverksemd ved Bygningsvernsenteret.

Stiftinga Prestegardslåna i Melhus har også fått støtte frå Kulturminnefondet til fleire delprosjekt.
Det er sidan 2004 gjeve støtte til å setja i stand størhuset, stabburet, låna og låven.

STED

Melhus Kommune, Trøndelag

Kurs og formidling

Verdiskaping

–Vi vil gje moglegheit til å læra det som mine foreldre og besteforeldre kunne, og som var slvsagt for dei, men det er ein kunnskap som dessverre for ein stor del gjekk tapt for de fleste med min generasjon

Fekk støtte til smikurs – Vil lære vekk det mine besteforeldre kunne

Kulturminnefondet innvilga i januar 70 000 til ulike kurs Prestegårdslåna i Melhus, gjennom ordning for tilskudd til kurs og seminar. Blant anna vert det heldt smi-kurs no i mars, med John Eidsmo som læremeister. Kulturminnefondet finn det svært positivt at det er ynskje om å formidle tradisjonshandverk med ein praktisk tilnærming. 

Tekst og foto: Hanna Thevik


Dagleg leiar ved Bygningsvernsenteret Prestgardslåna Kristine Kaasa Moe.

Glede og iver 

Kristine Kaasa Moe, dagleg leiar for Bygningsvernsenteret ved Prestegårdslåna, står i bresjen for dei ulike kursa. Ho er ei svært engasjert dame, og er eit kjendt namn for mange kring Melhus for arbeidet ho har gjort med å båe redde Prestegardslåna og for sitt vidare arbeidet med kulturminnevern. Denne våren arrangerer ho fleire kurs, og smi-kurset vert svært populært.  

 –Fleire har spurt om vi ikkje kunne ha kurs i smedarbeid. Og då vi fekk tak i ein medarbeider som kan kunsten, var det sjølvsagt berre å høyre om det var interesse for det. Og dèt var det!  

Ho fortel at det fyrst vert påmeldt fleire enn det dei hadde plass til. 

– Å se gleda og iveren til kursdeltakerane og å sjå at vi har ein ny, god kurslærar for fleire kurs fremover, er artig. Vi har til og med ein kurslærar som bor i bygda, seier ho.

John har dreve mykje med smiing og dreve mekanisk verkstad i over 40 år.
–Det gav meirsmak å halde kurset, iallfall når ein får så gode tilbakemeldingar frå deltakarane. 

Verdifull kunnskap

Det å kunne smi er det langt på nær alle som kan. Slik var det ikkje før i tida; i gamle dagar var det ei smie på omtrent ein kvar gard. Folk kunne smi utstyr og reiskap som ein trengte i det daglige. No er den kunnskapen for det meste forsvunnet.

–Det er eit gamalt yrke som det er viktig og nyttig å ta vare på, seier John. Difor ynskjer eg å vidareformidle det.
 

Vi vil gje moglegheit til å læra det som mine foreldre og besteforeldre kunne, og som var sjølvsagt for dei, men det er ein kunnskap som dessverre for ein stor del gjekk tapt for de fleste med min generasjon, seier Kristine. 

–Slik kan vi greie oss sjølv betre, gjere vedlikehaldsarbeid riktig. Det er også miljø- og klimavennlig. Vi kan ta vare på, gjenbruke og reparere. Det er meget viktig og meningsfullt.  


John Eidsmo har smidd mykje, og er glad for å kunne lære det vekk.

Frå land og strand

Til kursa på Prestgardslåna kjem ikkje berre trøndere. Hit kjem båe østlendingar og vestlendingar. Kursdeltakere frå Alvdal, Melhus og Midtre Gauldal var å sjå på kurset, som tilsaman hadde plass til fire deltakare.  

Ein av dei var Gjertrud Marie Kjølhaug Bakkeng frå Alvdal. Ho fortel at det var eit godt gjennomført arrangement. 

– Me koste oss verkeleg. Det er veldig kjekt at nokon held kurs der alle kan delta, båe med tanke på pris, kursets lengde og ikkje minst inkludering. Her var det passe antal deltakara, slik at alle fekk prøve og alle vart sett og fekk hjelp og rettleiing. 

John Eidsmo, smi, folk, rød jakke, smiing, mann


Gjertrud Marie Kjølhaug Bakkeng synes kurset gav inspirasjon, båe til å lære meir handverk og til å halde fram med eigne kulturminneprosjekt.

Fekk mykje ut av kurset 

Bygningsvernsenteret ved Prestgardslåna har arrangert kurs i snart 20 år, i ei rekke gamle teknikkar når det gjeld å ta vare på gamle bygningar og læra om korleis ein gjorde ting før i tida. 

–Vi har hatt kurs i vindusrestaurering, komposisjonsmaling, kalkmaling, murarbeid, skifertaksleggjing og i andre ting, opplyser Kaasa Moe. 

Med fleire deltakarar og høgare ambisjons- og stressnivå kan ein fort ende opp med at nokre av deltakarane kjem i bakgrunn og ikkje får noko ut av kurset.  

–Slik var det absolutt ikkje her, meiner Gjertrud.  

Ho har berre gode ord å seie om kurset og om kurslæraren.  

–At dette var første smikurset til kurslærar John Eidsmo skulle ein ikkje tru.  

 

Ved kurs – som ved alt annet – må kvalitet være det viktigste.

–Kristine Kaasa Moe

Godt samarbeid med Kulturminnefondet

Kulturminnefondet har gjeve støtte til ulike typar kurs og formidling i fleire omgangar. Det har kome godt med. 

– Vi er avhengige av å få støtte fra Kulturminnefondet og har hatt et godt samarbeid med fondet i mange år. 

På spørsmål om kva som er viktig å hugse på når ein skal arrangere kurs, seier Kristine følgjande: 

–Ein må ha ein god lærar og nok utstyr, med ambolt, hammar og anna verkty, slik at alle deltakera heile tida kan vere i arbeidet. Det bør heller ikkje vere for mange deltakera på praktiske kurs. Kvar enkelt bør kunne få hjelp heile tida.  

Ved kurs – som ved alt annet – må kvalitet være det viktigste, avsluttar ho.