Skal restaurerast: Heile familien samla på tunet framfor stugu som skal takast ned og restaurerast.

Åbakken

Marius Haugaløkken og Anne Katrin Taagvold kjøpte huset på garden
Åbakken i Vågå rett etter nyttår i fjor, og har eit ynskje om å busette seg i
Våningshuset når det er 
ferdig restaurert.

Familien på fem sikrar dermed at historia til våningshuset får leva vidare.
Kulturminnefondet støttar prosjektet med 150 00 kroner til 
restaurering av tak og utbetring av grunnmur. 

Sted

Vågå Kommune

Fast kulturminne

Forsamlingshus

Åbakken i Vågå skal bli ein autentisk og levande plass

Ulvane hyler ikkje lenger i bakkane rundt husmannsplassen Åbakken i Vågå, men ulvehistoria er teke godt vare på. Rett opp frå garden ligg ei stor ulvegrav som minner om ei tid da det var mykje ulv i Nordherad som grenda heiter der Åbakken ligg. Det går ulvehistorier heilt ned til jordet på Grev som ligg i solsida nede ved Vågåvatnet. Ulvegrava i Åbakken er mura med stein heile 5 meter i diameter og 2,5 meter djup med ei slik helling at det var uråd for ulven å koma seg opp att. Frå fylkesvegen gjennom Nordherad er det skilta stig fram til ulvegrava. På informasjonsskiltet ved ulvegrava står det m.a. at siste ulven vart teke her så seint som i 1860.

Tekst og foto: Kjell Nyhus

Friskt mot: Anne og Marius går på stort restaureringsarbeid på Åbakken med friskt mot.

Levande hund vart brukt for å lokke ulven til grava. Hunden var plassert på ein åtestokk midt i ulvegrava. Når ulven skulle ta hunden ramla den ned gjennom «kvistgolvet» og ned i grava. Marius Michael Haugaløkken som er den nye eigaren av Åbakken har med seg eit hundeskinn opp til ulvestugu. Dette blir sagt å vera skinnet av siste hunden i Åbakken som stod midt i grava som lokkemat for ulven. Marius peikar vestover ned på eit jorde og fortel vidare:

– Der nede ser du eit tømmerhus som presten i Vågå i si tid hadde rett til å overnatte i når han var på tur med hest mellom Vågå og Lom. Han hadde også fri bruk av stallen og ei lykkje nedanfor. Det er så mykje spennande historie i denne grenda her. For kort tid sidan fann dei mellom anna tomta til det som truleg har vore eit langhus frå vikingtida. Kulturhistorie og mattradisjonar står sentralt i dei planane vi har med Åbakken, røper Marius. I Vågå kommune sin kulturminneplan er kulturmiljøet her vurdert som viktig.

Sagflis: Anne og Marius hadde mykje arbeid med å få ut all sagflisa i stugu.

Vi var på leiting etter ein plass som vi kunne utvikle vidare i samsvar med våre visjonar. Vi hadde behov for større plass med tre ungar, og Åbakken er for oss eit kjempepotensiale og eit spennande prosjekt.

Konsesjon på Åbakken

Det er berre litt over eitt år sidan at Anne Katrin Taagvold og Marius Michael Haugaløkken fekk konsesjon på småbruket i Nordherad. Med på flyttelasset var borna Aune (12), Olea (11) og Erland (6). Ungane har alt funne seg godt til rette i det nye miljøet i Nordherad og prisar den fine romslege uteleikeplassen dei har på småbruket. Dei er glade for at det ikkje lenger er ulv i nærleiken, og rundt kaffebordet fortel foreldra kvifor dei kjøpte Åbakken:

 – Vi var på leiting etter ein plass som vi kunne utvikle vidare i samsvar med våre visjonar. Vi hadde behov for større plass med tre ungar, og Åbakken er for oss eit kjempepotensiale og eit spennande prosjekt. Plassen ligg spesielt til ved elva Senda og med så mange hus kan det etter kvart bli aktuelt å ta imot folk for overnatting og kanskje by på noko av den gode lokale maten basert på lokale råvarer, fortel Anne, og legg til at det nok er Marius som er tiltenkt rolla som historie- og kulturformidlar. Som arkitekt har ho mange oppgåver med planlegging av alle dei gamle husa som skal restaurerast. Marius har vore vert på Gjendesheim i Vågå i fleire år og kjenner rolla med å ta imot gjestar frå inn- og utland.

Draumen oppfylt

Det var som studentar i Oslo at Anne frå Oppdal og Marius frå Sel vart kjende med kvarandre. Dei gifta seg i 2008, og for å gjera historia kort vart Marius styrar av Gjendesheim, DNT sitt anlegg ved Gjendeosen i Vågå i 2011. Anne er utdanna arkitekt og har arbeidd i Nordplan i Vågå i fleire år. I 2015 kjøpte dei seg hus i Sætagrenda i Vågå. Draumen om gamle hus og større plass voks etter kvart større. Når dei køyrde forbi nede på fylkesvegen i Nordherad såg dei heile tida opp på garden Åbakken som dei ønskte seg. Etter fleire år med meldingar til den førre eigaren fekk dei plutseleg napp. Utan utlysing vart Anne og Marius så dei nye eigarane av Åbakken. Draumen vart oppfylt.

– Kvifor reise frå ein moderne einebustad i Sætagrenda til Åbakken med 16 hus som skal takast vare på ?

Klar for riving: Stugu klar for nedriving og restaurering. Eit nyare påbygg er teke bort.

Det er Marius som grunngjev dette når Anne hjelper ungane på kjøkkenet.

– Eg har heile tida vore glad i historie, og det er mange plassar i Vågå som har ei rik historie. At plassen ligg i Nordherad har også mykje å seia. Åbakken skal fyrst og fremst vera ein god heim, men vi ønskjer også at Åbakken skal bli ein formidlingsarena der folk kan lære om korleis det var før i tida. Åbakken vart rydda på 1600-talet og var ein husmannsplass under Nordigard Valde. Ulvegrava på garden her er heilt spesiell, og tenk på langhuset frå vikingtida som har stått ovanfor Visdal. Landskapet her i Nordherad har stor kulturhistorisk interesse. Det er som ei levande historiebok. Nordherad har Norges tettaste samling av freda landbruksbygg og mange verneverdige bygg, og folk her i grenda har vore flinke til å gjera dette synleg gjennom skilta turstignett og informsjonstavler. Det er ei grend med nasjonal verdi og prioritet som kulturhistorisk landskap, fortel Marius engasjert.

Åbakken : Åbakken ligg fint i kulturlandskapet i Nordherad med fin utsikt mot Kvitingskjølen (Foto:privat)

Skatten: Eit elektrisk strykejern var «skatten» i den skjulte døropninga.

Stort restaureringsprosjekt

Kaffeøkta tek slutt og Marius og Anne viser rundt på garden, og det fyrste huset vi kjem til er eldhuset. Det er renovert for ikkje så lenge sidan, men ny pipe er ikkje på plass enda. Her heng jerngryta på plass, og med ny pipe og renovering av kleberomnen kan det bli varme eldhuset.

Litt lenger inne på tunet ligg sjølve stugu, ein toetasjes tømmerbygning. Glasa i andre høgda er alt tekne ut, og sagflis frå taket er også fylt opp i store sekkar inne på golvet. Den største forandringa er likevel at dei har rivi eit påbygg på innsida av stugu. Kulturminnefondet har gjeve tilsagn på 150.000 kroner til restaurering av tak og utbetring av grunnmur og Norsk kulturarv har gjeve 40.000 kroner. Dette bygget skal Trehuseksperten ta ned og lafte opp att i hallen sin i Vågåmo i løpet av våren.

– Eg var spent da vi skulle ta bort veggen som dekte den gamle døropninga, smiler Marius. Eg har høyrt om at dei kunne finne gamle våpen og andre spennande skattar. Eg vart nok noko skuffa da eit elektrisk strykejern var det einaste skatten vi fann.

Midti-stugu er restaurert der tre store skiferheller dekker taket i gangen.

– Vi er så imponerte over handverkarane. Dei er like mykje kunstnarar som snikkararar kommenterer ekteparet og viser droprenner med koparbeslag under skiferhellene i taket i gangen.

Vi ser positivt på at dei moderne inngrepa på garden blir reversert og at bygga blir tilbakeført til original stand. At Åbakken blir allment tilgjengeleg for opplevingsbasert drift blir også vurdert som verdifullt, seier styreleiar i Kulturminnefondet, Hanne Kristin Jakhelln.

Bak Midti-stugu står Sissel-stugu ut mot kanten ned til fylkesvegen og elva, og ved sida av står eit stabbur i to høgder. Det har vore tre stabbur på garden. To av dei er bygde saman med eit mellombygg like ved sjølve stugu. Eitt av dei eldste husa på garden er stallen som står bak låven. Denne er tenkt flytta tilbake på tunet for å gjera tunet komplett. Hesten høyrde historisk sett til i inntunet der folka heldt til. Både Anne og Marius har stort pågangsmot, og det er utruleg kor mykje dei alt har fått gjort på garden etter å ha budd der berre litt over eitt år. Næringsutvikling er også eit stikkord for dei, med målsetjing om å få fleire turistar til å bli i Vågå ei ekstra natt, gjerne i skuldersesongane vår og haust.

Den siste hund: Marius ved ulvegrava med det gamle hundeskinnet av siste hunden som stod på åtestokken midt i grava.

– Hadde Åbakken kvernhus i elva som renn forbi garden ?

Svaret er nei, og eigarane fortel at på Åbakken hadde dei hestevandring på garden før i tida. Med hesten gåande i ring ute på garden som motor med overføringar til truskarverk og møllestein var dei sjølvforsynte med korn og mjøl på garden.

For dei som etter kvart finn vegen til Anne og Marius med familie i Åbakken blir det mykje både å høyre og sjå – og kanskje smake – og kanskje med ei eller fleire overnattingar i eitt av dei gamle husa på garden. Det gjer godt at mange heiar på dei i dette prosjektet, fortel dei.