Olsen Kafe

Kulturminnet vart oppført som næringsbygg i 1920 i ein unik og særprega mellomkrigstidstil med mansardtak, og dette gjer at det utmerkar seg blant den øvrige bebyggelsen i Tolga sentrum. Huset utgjer òg ein del av tettstadets historie knytt til opprettinga av Rørosbanen.

Bygget var nær å bli reve, men lokale heltar kjøpte bygget og fekk satt det i stand.
No er bygget nytta som kafe og er blitt ein viktig møteplass for lokalbefolkninga i Tolga.

Kulturminnefondet støtta istandsetjinga med 350 000 kroner til arbeid på takkonstruksjon, taktekking, pipe og takrenner. 

Sted

Tolga Kommune

Fast kulturminne

Forsamlingshus

Tilhøyrsel og trivsel i Tolga

– Mykje av grunnen til at me ville ta over her var for å skapa meir liv og røre i Tolga. Me vil bidra til tilhøyrsle og trivsel, seier Knut Sagbakken i Olsen AS. 

Dei som står bak Olsen Kafé seier sjølv at dei representerer ein god blanding av bygdepatroitisme, familerelasjonar og yngre krefter. Det felles målet er å skapa ny og positiv energi i bygda, og lys i glasa. 

Tekst og foto: Hanna Thevik

Olsen Kafe med besøk frå blant anna Riksantikvar Hanna Geiran og ordfører i Tolga, Bjørnar Tollan Jordet.

Ny møteplass: Knut Sagbakken i Olsen AS vil skape liv og lys i glasa.

Mykje av grunnen til at me ville ta over her var for å skapa meir liv og røre i bygda. Me vil skapa tilhøyrsle og trivsel.

Vil skapa liv og røre 

På folkemunne er bygget kalla «Olsen». Gjennom hundre år har det vore i bruk som bakeri, kafé og daglegvare, og er eit velrenommert namn i bygda.  

Dei siste 20 åra før Olsen Kafé AS tok over, stod næringslokalet tomt. Berre leiligheten i andre etasje var i bruk. Bygget bar preg av slitasje og løyve om riving vart gjeve frå kommunen.  

Heldigvis kom krefter til unnsetning, med eit ønske om å setta i stand for å ivareta historia, og ikkje minst skapa ein møteplass. 

– Mykje av grunnen til at me ville ta over her var for å skapa meir liv og røre i bygda. Me vil skapa tilhøyrsle og trivsel. Og så har det vore ei bevisst haldning frå vår side å ivareta husets særpreg, seier Knut Sagbakken. 

Knut er ein av ildsjelane og er brennande opptatt av stadsutvikling. Han er også varaordførar i Tolga. 

 

Viktig møteplass 

Olsen, som drives av venneforeininga, er blitt godt motteken av lokalbefolkninga. Det blir òg halde møteverksemdar i frivillige lag og foreiningar her. Til fotball­supporterane si store glede blir også lokalet i ny og ned forvandla til ein fotballpub. 

– Det har blitt ein viktig møteplass for mange, gamal som ung. Og det er vanskeleg å finna parkeringsplass her på laurdagar, fordi det er så mange som tar turen. 

Open kafe: Olsen Kafe er open kvar laurdag.

Utsikt: Olsen har store butikkvindauge med utsikt mot brugata i Tolga.

Har gjort dei rette grepa 

Riksantikvaren har òg vore med på å støtta prosjektet, og meiner det er bra at bygget er bevara. No er Olsen også å finne som eit døme i deiras lansering av den nye strategien for kulturarv i næring. 

– Det er eit hus som har blitt sett i stand utan at dei har gjort dei store og spektakulære grepa, men dei rette grepa for nettopp å laga eit samlingsstad med identitet, meiner riksantikvar Hanna Geiran. 

Skapar ringverknader 

Tolga er ein liten stad. Knut fortel om ringverknader med å ha Olsen open. 

– Dei som tar turen hit, tek òg gjerne turen til andre butikkar og sjåverdigheiter. 

Han har gode ord å seie om støtta frå Kulturminnefondet. 

– Støtta frå fondet har vore heilt avgjerande for at me kunne redda bygget og setta det i stand. 

– Det er positivt at eigarane ønskjer å setta kulturminnet i stand for å kunne ta det i bruk. Dette er eit kulturminne som er tilgjengeleg for fleire ved at bygningen vert nytta til næringsføremål i form av servering og utleige. Kulturminnefondet har gleda av å bidra med inntil kr 350 000, seier Hanne Kristin Jakhelln, styreleiar i Kulturminnefondet. 

Symbol for godt bevaringsarbeid: Riksantikvar Hanna Geiran overrakk plaketten fra Kulturminnefondet.