Ei gamal løe, prega av tidens tann, har vorte forvandla til ei utstilling som set søkelys på forfallet av setervanger og korleis ein kan redde dei frå total kollaps.
Gjennom utstillinga av løa vil arkitekt Øyvind Andreas Limi gjere publikum merksame på dei mange utfordringane som knyter seg til bevaring av gamle setervanger – små bygningar som ein gong var heilt sentrale i norsk landbruk og levemåte. Denne kan utstillinga kan du sjå på Gamle Munch på Tøyen, Oslo.

Arkitekt Øyvind Andreas Limi
– Løa skal ikkje berre vise korleis forfallet ser ut, men også inspirere til handling, seier Limi. – Ved å innvie publikum i både forfall og mogelege løysingar, håpar eg å skapa ei større forståing og interesse for bygningsarven vår.
Ein kulturarv i krise ?
Setervangar og liknande bygningar finst over heile landet, men dei står i fare for å forsvinne. Mange har ikkje lenger nokon praktisk funksjon, og manglar difor både vedlikehald og anerkjenning. Dei står som tause vitne om ei tid, ein kultur og ein levemåte som er på veg ut av minnet.
Limi meiner likevel at det finst håp, og at enkle tiltak for å stabilisere slike bygningar kan vere nok til å forlenge livet deira – og kanskje også gi dei ein ny funksjon.
– Desse bygga er verdt å ta vare på. Dersom vi hindrar dei i å råtne vekk, held vi også liv i framtidige moglegheiter for bruk, seier han.
Praktisk innsikt i gamle handverkstradisjonar
Limi, som driv Limi Arkitektur AS og er utdanna ved Kunstakademiet i København, har lang erfaring med bygningsvern og restaurering. Han har teke for seg gamle bygg og handverkstradisjonar med mål om å få ei djupare, praktisk forståing av norsk byggetradisjon i tre og tømmer.
Arbeidet med setervangar er ein del av eit større studieprosjekt, og utstillinga med løen er eit konkret resultat av dette engasjementet.
Støtte frå Kulturminnefondet
Prosjektet har fått støtte frå Kulturminnefondet – ei støtte som har vore avgjerande både økonomisk og fagleg.
– Å få backing frå ein fagleg sterk institusjon som Kulturminnefondet har gjeve meg ei kjensle av at prosjektet mitt er både relevant og realistisk, seier Limi. – Det er ein viktig tryggleik å ha når ein går i gang med noko på eiga hand.
Utstillinga er open for publikum og ønskjer å vere både ei visuell oppleving og eit fagleg innspel i debatten om kva slags verdiar vi vel å ta vare på i samfunnet vårt.
– For kva skjer eigentleg med oss, når vi lar dei siste spora etter ein levemåte smuldre bort i stillheit?