13.januar kl. 18.00, inviterer Kulturminnefondet til ei heilt spesiell direktesending frå den vakre dagsturhytta i Skjåk. Gjennom Kulturmiljøpraten, ein direktesendt time på Facebook, Instagram og YouTube, set vi søkelyset på kulturminne og bevaring. Her kan alle, både eigarar og aktørar innan kulturarv, få inspirasjon og innsikt i unike prosjekt frå heile landet.
Frå fjøs til rasteplass
Sendinga vil ta deg med på ei fascinerande reise gjennom historia til den gamle vaktbua – eit bygg som først tente som fjøs, før ho rundt 1920 vart flytta til kraftverket for å spele ei viktig rolle i industrialiseringa av Skjåk. I dag har ho fått nytt liv som ein idyllisk rasteplass for turgåarar og er eit minne om eit levande kulturmiljø langs Skjåks naturskjønne stiar.
Kvifor blei bua flytta?
Gjennom sendinga vil vi utforske spennande spørsmål som: Kvifor vart denne vesle bua flytta? Korleis bidrog ho til drifta av kraftverket gjennom kalde vintermånader? Og kva rolle spelar ho i dag som ein del av vår felles kulturarv?
Ekspertar i studio
Frå studio i dagsturhytta vil Simen Bjørgen, leie samtalen med eit ekspertpanel. Med oss er Per Dagsgard og Elias Sperstad, representantar frå Skjåk kommune, handverkar Nils Arne Flaten og bygningsvernrådgjevar Håvard Syse frå Gudbrandsdalsmusea. Dei vil dele innsikter, erfaringar og historier som gir nytt lys på korleis små kulturminne kan ha stor verdi.
Bli med!
Set av kvelden og opplev denne sendinga som tek oss tettare på historia, handverket og verdien av å ta vare på kulturminna våre. For dei som ikkje kan følgje med live, er sendinga tilgjengeleg i etterkant på alle våre plattformer.
Dette er ein kveld du ikkje vil gå glipp av – sett på påminninga, og bli med oss på ei kulturhistorisk reise frå hjartet av Skjåk!