Jølstramuseet heidra med nasjonal plakett for godt bevaringsarbeid.
Jølstramuseet med Strandstova i Vassenden har fått Kulturminnefondets nasjonale plakett for godt bevaringsarbeid.
Plaketten er ei gjev utmerking som blir tildelt berre nokre få prosjekt i året. Kulturminnefondets styre vel ut prosjekta som har levert bevaringsarbeid av høg kvalitet og som oppfyller krav om formidling, samfunnsverdi og berekraftig bruk. Jølstramuseet er eit av desse.

Frå v. Atle Hamar, Frode Årdal, Heidi Fossheim Årdal og Kristian Årdal.
– Jølstramuseet er eit førebilete på korleis privat bevaring av kulturarv kan gjennomførast med både kvalitet og stort engasjement, sa nestleiar i Kulturminnefondets styre Atle Hamar under tildelinga.
Strandstova – frå ras til kulturminne

Strandstova
Strandstova er ei av 12 bygningar i Jølstramuseets samling, og har ei dramatisk historie. Ho vart teke av eit jordras i 1682 og hamna i Jølstravatnet. Seinare vart materiala redda og stova bygd opp att, før ho i 1922 vart frakta med hest til museet – der ho framleis står.
Museet vart etablert i 1921 av Eivind Fossheim senior og har sidan vore ein samlingsplass for bygningar og gjenstandar frå Jølster. Museet vart drive vidare av barnebarnet Heidi Fossheim Årdal og ektemannen Frode Årdal, som no overlet drifta til sonen Kristian Årdal. Dei vil framleis kombinere historieformidling med kunst, mat og arrangement.
Omfattande restaurering
Istandsetjinga av Strandstova starta vinteren 2023, etter støtte frå Kulturminnefondet på 500 000 kroner. Bygningen var prega av råte og måtte restaurerast grundig:
-
Nye bjelkar og golv frå Viksdalen
-
Oppattbygd peis i tørrmur
-
Nytt torvtak med tradisjonelle materialar
-
Reparerte veggar og ny tjørebehandling
-
Skiferlagd gang og justerte dører og vindauge
Arbeidet vart gjort i nært samarbeid med lokale handverkarar frå Slåtten Grind & Laft og murar Olav Sætre. Restaureringa vart ferdig til sesongopninga, og resultatet har fått svært gode tilbakemeldingar frå publikum.
Langsiktig innsats
Heidi og Frode Årdal har sidan 2006 gjennomført ei rekkje oppgraderingar ved museet, både med eigne midlar og med støtte frå Kulturminnefondet. Det inkluderer takskifte, nye installasjonar, restaurering av fleire bygningar og tilrettelegging for besøkande.
Framover planlegg dei vidare arbeid på Eldhuset, hagen og låven – alt i tråd med målet om å gjere Jølstramuseet til eit levande kulturmiljø.
Anerkjenning for innsatsen
Tildelinga av plaketten frå Kulturminnefondet er ei stadfesting på innsatsen som er lagt ned i Jølstramuseet. Det viser kor viktig privat engasjement er for å ta vare på kulturarven vår.