Ukategorisert

Ein halv milllion kroner til eit stykke jernbanehistorie

Etter meir enn 40 år utan ytre tildekking og oppbevaring, er den hundre år gamle jernbanevogna i dårleg tilstand. Men no skal ho få nytt liv! Planen er å totaloverhale vogna og setje ho i aktiv bruk på den sjarmerande gamle Vossebanen.

Kulturminnefondet er begeistra for prosjektet og har løyvd ein halv million kroner i støtte.

– Dette var ei fantastisk overrasking! Vi ønskjer å få mest mogleg ferdig til komande sommar. No skal vi setje i gang med ein total restaurering av ein så stor vogn. Det er ei stor oppgåve – han veg 32 tonn, er 20 meter lang og nesten fire meter brei. Det er som ein teknisk bygning på hjul, fortel Ivar Gubberud i Museet Gamle Vossebanen.

– Men dette skal vi klare! Vi har fått med oss frivillige og tilsette som jobbar saman for å få dette på plass. 

Kulturminnefondets styremedlem Einar Holtane besøkte Museet Gamle Vossebanen i Arna for å overrekkje det synlege beviset på støtta. Seremonien fann stad i spisevogna frå 1937, den siste vogna bygd i tre med teakkleiing. Denne vogna er i dag Noregs største spisevogn med 48 sitjeplassar. Til venstre: Ivar Gubberud i NJK Gamle Vossebanen.

Noregs fjordbane

Gamle Vossebanen er unik – det er Noregs einaste bevarte veteranjernbane på hovudlinje, komplett med damplokomotiv, spisevogn og teakvognar.

Veteranbanen strekkjer seg 18 kilometer mellom Garnes stasjon og Midttun stasjon.

På turen kan du nyte det vakre Vestlandslandskapet, med fjordar, sjø og vatn på den eine sida, og bratte fjellsider på den andre.

Rekordstor støtte til rullende kulturminne

– Støtta vi har fått er veldig raus og betydeleg. Det er heilt fantastisk, seier Ivar Gubberud. 

Støtta er rekordstor. Aldri før har Kulturminnefondet gjeve ei så stor støtte til rullande kulturminne. 

– Det skal også seiast at denne sektoren har vore underfinansiert i mange tiår, slik at etterslepet er stort, seier Ivar. 

Vi har enno mange vogner som står og ventar på å bli sette i stand. Nokre av dei er i mykje dårlegare stand og krev endå større ressursar for å kunne kome ut i trafikken igjen. 

Gjev ringverknader 

Gammal rullande materiell er blant dei viktigaste kulturminna vi har i Noreg. Dei fortel mykje om norsk samferdselhistorie.

Kulturminnefondet er glade for at vogna skal takast i aktiv bruk etter rehabiliteringa.

Støtta frå Kulturminnefondet er eit viktig bidrag til å bevare og auke kompetansen på tradisjonshandverket i sektoren. 

– Vi brukar desse kulturminna jamleg og forsøker å byggje opp kompetansen og arbeidsstyrken vår rundt dette. Vi kan ikkje kjøpe denne kompetansen i marknaden – han finst ikkje. Denne typen spesialkompetanse må vi skaffe oss sjølve. 

Gammal rullande materiell er blant dei viktigaste kulturminna vi har i Noreg. Dei fortel historia om norsk samferdsel på ein unik måte. Foto: Håkon Gunnarson

Om vi manglar finansiering, går det utover framdrifta og kan også påverke kvaliteten på resultata. Om ting stoppar opp og det blir tap i kontinuiteten, går det utover arbeidsstyrken, for eksempel, fortel Ivar. 

Museet har fått med seg mange frivillige og tilsette som jobbar saman for å få dette på plass.

Museet Gamle Vossebanen får mange positive tilbakemeldingar frå publikum og besøkande. 

– Vi har no lagt bak oss ein fase der vi har bygd både vognhall og verkstad. Det er først dei siste to-tre åra vi har byrja å hauste resultat. Å ha ein skikkeleg verkstad gjer at vi klarer å pusse opp og dermed halde tritt med forfallet. 

Jernbanevogna på Garnes stasjon. Foto: Håkon Gunnarson

Historie 

Jernbanevogna vart opphavleg brukt i lokale persontog i Gudbrandsdalen og på Raumabanen, men vart seinare å sjå på heile Austbanenettet.

Ho vart teken ut av drift i 1982 og overteken av Norsk Jernbaneklubb. Etter ei tid på Krøderbanen, vart ho overført til Gamle Vossebanen, der ho no er ein del av den driftsklare togstammen.

Mykje arbeid: Slik ser det ut inne i vogna som skal overhalas.

Vogna er ein passasjervogn Co 789 fra 1924.

– På gamle Vossebanen vert jernbanehistoria presentert på ein utmerket måte ved å vere i aktiv bruk. Det er svært positivt at også publikum kan ta del i dette, meiner styremedlem i Kulturminnefondet, Einar Holtane.

Dette skal 500 000 kroner frå Kulturminnefondet gå til:

Tilskot blir gjeve til utbetring av råte i golv, utvendig lakkering og maling. Det blir også gjeve tilskot til rehabilitering av interiør, skifte nødvendig linoleum golvbelegg, rehabilitering av begge boggiane, samt til nye hjulringar på alle 8 hjula.