Ukategorisert

Stønad til Noregs største dampdrivne passasjerskip

Prosjektet «Stord I» er dugnadsbasert og haldas ved like og bemannast av frivillige. Takka vere det, lever skipet no i beste velgående. Men utfallet kunne sett heilt annleis ut.

Skipet er Noregs største dampdrivne passasjerskip. Den går opne passasjerturer og er eit attraktivt reise- og opplevingstilbod i Bergen.

Kulturminnefondet har vore med å støtta istandsettinga av DS Stord sidan 2011 med til saman 1,95 millionar kroner. 

No får skipet stønad nummer sju. Målsettinga for istandsettingane er å gjenskapa det historiske grunnlaget som skipet var i perioden 1931-47.

Det er ikkje så mange av desse båtane igjen, så dei som er att må bevarast.

– Eit skip alle kjende til 

DS Stord I vart bygd i 1913 i Laksevåg for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Dampskipet var rutebåt i området Bergen-Sunnhordland og Bergen-Hardanger frå 1913 og fram til 1969, og vart bygd for å passa langrutane til sjøs. 

Med båe krigsår, brann og nye krav i etterkrigsåra, kan ein seie at Stord I har støytt på mange skjær i sjøen. Skipet har gjennomgått ei omfattande oppgradering gjennom fleire år etter at det var totalt utbrend i mai 1987.

– Fleire tenkte nok på eit tidspunkt at DS Stord I aldri kom til å flyta igjen, seier Atle Tornes, styreleiar i Stiftinga DS Stord.

– I tredve-åra var båten eit omgrep, og godt kjent på folkemunne. Ruta og båten vert særdeles populær, båe som passasjerbåt og lastebåt. Ruta vert ei viktig ferdselsåra blant befolkninga i Sunnhordaland og Nord-Rogaland, seier Atle. 

Atle Tornes, styreleiar i stiftinga D/S Stord.

Målet er at dei reisande og besøkjande ombord får eit inntrykk av korleis skipet vart dreve før i tida.

Formidling av kystkultur: Målet er at dei reisande og besøkjande ombord får eit inntrykk av korleis skipet vart driven og om livet om bord.

Meiningsfullt

Det er ein meningsfull hobby å bruke tid og krefter på det maritime kulturminnet «Stord I», meiner stiftinga.

 –Vi har fortsatt dugnadar, og omtrent kvar tirsdag møtes vi. Slik vi tek vare på skipet. Dugnadane betyr mykje og samheldet er godt. 

 Banjer, dekk og mannskapslugarar har vorte tilbakeført med støtte frå Kulturminnefondet.  

– Støtta og veiledninga frå Kulturminnefondet har kome veldig godt med. Vi er veldig takksame for hjelpa. 

– Prisverdig innsats

Skipet seglar no som eit maritimt museumsskip og passasjerane får ei oppleving av å «reise som i gamle dagar»

Kulturminnefondet er glade for at DS Stord er i aktiv bruk av mange. Ein maritim kulturskatt er levande og fremkaller minne frå ein over 100 årig epoke i rutebåttrafikken i distriktane i Hordaland. 

Innsatsen stiftinga DS Stord gjer for å ta vare på skipet og kystkulturen er prisverdig, meiner direktør i Kulturminnefondet Simen Bjørgen.

Dette skal 250 000 kroner frå Kulturminnefondet gå til:

Tilskot gjevs til utskifting av gamal natemasse og stry, og oveflatebehandling av dekket.
Kulturminnefondet har tidlegare gjeve stønad til blan anna mannskapslugarar, banjerdekk og balustradedekk. 

Alle prosjekta vart gjennomført på ein god måte.