Aktuelt

Ukategorisert

Nytt styre for Kulturminnefondet

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen har utnemnt nytt styre for Kulturminnefondet

Styret har fått slik samansetning.

  • Styreleiar: Tine Sundtoft
  • Nestleiar: Hanne Kristin Jakhelln

Styremedlemmar:

  • Knut Aastad Bråten
  • Elisabeth Sjo Jespersen
  • Kjetil Reinskou

Det nye styret er utnemnt med verknad frå  27.juli 2019.

– Målet er heile tida å utvikle Kulturminnefondet til ei målretta og ubyråkratisk tilskotsordning for private eigarar av  kulturminne. Tilskota som fondet fordeler over heile landet løyser ut ei stor nytte for den enkelte eigar og for samfunnet, seier statsråd Ola Elvestuen.

Styret har fire års funksjonstid.

– Eg er sikker på at det nye styret vil vidareføra denne linja, med aukande fokus på «vern gjennom bruk», avsluttar statsråden som ynskjer lukke til med dei viktige arbeidsoppgåvene som ventar.

Kulturminnefondet er ei reindyrka tilskotsordning og eit lågterskeltilbod for private eigarar av verneverdige kulturminne. Sidan starten i 2002 er det gjeve støtte til 5500 restaureringsprosjekt over heile landet.

Tine Sundoft er ny styreleder for Kulturminnefondet.

-Vi gler oss til å ta fatt på oppgåvene som ventar i Kulturminnefondet, seier styreleiar Tine Sundtoft. Ho er opptatt av å utvikla eit godt samarbeid med dei private eigarane av kulturminna, der «vern gjennom bruk» vil vere ein viktig strategi for arbeidet framover.

 Kulturminnefondet er direkte underlagt Klima- og miljødepartementet. Kulturminnefondets administrasjon er lokalisert til Røros.