M/B Snøgg er ein 29 fot motorbåt med stor verneverdi som lokalt kulturminne. Snøgg har høyrt til i Os sidan byggjeåret 1926, og er ein framifrå representant for den lokale båtbyggjingsverksemda.
I dag er Snøgg i dårleg stand, og det er naudsynt med tiltak for å bevara båten for framtida. Styret i Kulturminnefondet er positive til prosjektet og har vedteke å støtte det med 520 000 kroner.
Vil bruke båten til formidling av historie
Snøgg er tiltenkt ein aktiv bruk knytt til båtbyggertradisjon, krigs- og industrihistorie.
Vernelaget MB Snøgg overtok båten i 2023 og ynskjer å ta vare på båten for framtida. Planen er å tilbakeføre båten til den opphavlege tilstanden.
Snøgg har også ei unik krigshistorie, då båten var sentral i redninga av seks kanadiske flygarar etter ei naudlanding i Os hausten 1944.
I uttalelse frå Riksantikvaren går det fram at Snøgg er ein god representant for dei mindre fiskefartøya ein tidligare fann langs heile kysten, men som det i dag er få igjen av. Det er difor verdifullt å bevare den.
Hardanger fartøyvernsenter er tiltenkt som utførande for trearbeidet, medan Vernelaget vil syte for materialar og utføra det motor- og mekaniske arbeidet.
Dette skal 520 000 kroner frå Kulturminnefondet gå til:
Tilskot gjevs til utskifting av råteskada treverk, og motor- og mekanisk arbeid.