Ukategorisert

Direktesendt kulturmiljøprat frå Vegårshei

Kulturminnefondet har fått gode attendemeldingar på sine direktesendte kulturmiljøpratar.

No kjem ei ny sending frå Vegårshei bygdetun.

19. november 2024, kl. 17.00 – Direkte frå Vegårshei bygdetun

Kulturminnefondet møter både eigarar og aktørar frå bygdetunet, som vil dela erfaringar, inspirasjon og nyttige tips om søknadsskriving.

Sendinga vil gi innsikt i korleis eldsjelene ved Vegårshei bygdetun har arbeidd for å bevare og utvikle det unike kulturminnet, og korleis dei har nytta støtta frå Kulturminnefondet til dette viktige arbeidet. Eit av hovudmomenta i sendinga vil vere intervjua med dottera til Julius Grasåsen, som har vore med på å bygge opp museet i meir enn 40 år. Vi vil også få høyre frå handverkarar og materialleverandørar som har bidratt, samt styremedlemmer frå bygdetunet.

Er du interessert i kulturminne, bygging og restaurering? Denne direktesendinga er ein unik sjanse til å få innsikt i eit spennande kulturminneprosjekt, og kanskje finn du sjølv inspirasjon til å søkje om støtte til ditt eige kulturminne.

Kanskje har du også eit kulturminne som kan få støtte frå Kulturminnefondet? Få med deg sendinga og sjå kva støtte og råd Kulturminnefondet kan tilby!

Velkomen til ein triveleg prat om kulturminne og bevaring!