Kulturminnefondet er positive til at kulturminnet i Konsul Johnsens gate 9 blir teke vare på.
Del av eit nasjonalt kulturmiljø
Konsul Johnsens gate er kjend for si fargerike husrekke og er eit typisk døme på den tidlege gjenreisinga av Kristiansund.
Bygningen er del av det nasjonalt viktige kulturmiljøet i Kristiansund sentrum, og er del av ei husrekke med gjenreisningsbebyggelse som har bevart skifer som taktekking.
Husrekkja vart designa av byarkitekt Arne Korsmo, og dei første gjenreisingshusa vart oppførte allereie i 1941.
Heile bygningen brukas i dag til boligføremål med fleire bueiningar, og skal også vere det i framtida. Kulturminnefondet finn det positivt at bygningen vert bevara gjennom aktiv bruk.
Karakteristisk for byen
Eigedommane, spesielt fasadane som vender mot parken, er godt bevarte og speglar den opphavlege arkitekturen.
Fargesetjinga på husa er eit godt døme på den fargerikdomen som er karakteristisk for Kristiansund, noko som har gitt byen kallenamnet “den polykrome byen”.
Eit godt klimatiltak
Prosjektet er lagt opp til at dei historiske verdiane vil bli teke vare på. Taket skal omleggast av eksisterende skifertak med gjenbruk av eksisterende skifer.
Gjenbruk av eksisterende skifer er et godt klimatiltak og bidrar også til at den helhetlige opplevelsen av gjenreisningsbebyggelsen bevares, meiner Hanne Kristin Jakhelln som er styreleiar i Kulturminnefondet
Fekk byggeskikkpris
I 2008 vart husrekkja i Konsul Johnsens gate tildelt byggeskikkprisen, med grunngjevinga at heile gata består av velhaldne gjenreisingshus.
Gata er oppkalla etter konsul Christian Johnsen (1828-1908), ein av byens framståande forretningsmenn på midten av 1800-talet.