Ukategorisert

Vågan Kystlag får 400 000 kroner frå Kulturminnefondet

Rorbua på Rækøya i Kabelvåg er den siste originale rorbua frå den tida fiskeværet på Rækøya hadde eit stort antal rorbuer for å huse tilreisande fiskarar. No skal den etter planen takast i ny bruk, som base for Vågan kystlags aktivitetar og verksemd. 

Til arbeidet har styret i Kulturminnefondet vedteke 400 000 kroner i støtte til omlegging av taket, og rorbua skal inngå som ein del av etableringa av «Vågan Kystkultursenter». 

Ny bruk: rorbua skal inngå som ein del av etableringa av Vågan Kystkultursenter. Foto: Privat, frå søknaden til Kulturminnefondet

Formidling av kystkultur og opplæringsverksemd

Vågan kystlag har gjennom mange år bidrege til eit viktig bevaringsarbeid innan både fartøyvern, bygningsvern, men også når det gjeld formidling av kystkultur og opplæringsverksemd. 

Eit av dei viktigaste er eit samarbeidsprosjekt med opplæringsetaten i Vågan Kommune, retta mot born og unge. Dette synest Kulturminnefondet er positivt. 

Prosjektet hadde som mål å gi grunnopplæring i ferdigheiter og tryggleik ved bruk av båt. Kystlaget har i den forbindelse knytt til seg mange gode samarbeidspartnarar. 

Dette blir eit godt eksempel på eit kulturminne med aktiv bruk, og eit kystlag med god allmennytte, seier styreleiar i Kulturminnefondet, Hanne Kristin Jakhelln. 

God dugnadsinnsats 

Både rorbua og eigedomen på det gamle fiskeværet vart overdratt til kystlaget som gåve. Rorbua vart demontert og sikra ved kystlagets dugnadsinnsats i fjor. 

Dette er ei tradisjonell rorbu beståande av tilhaldsrom i tømmer og ein tilstøytande bugang i reisverk. Bua framstår i relativt god stand med lite råteskadar. 

Eigedomen ligg i nær tilknyting til det nye nasjonale skreisenteret som er i ferd med å realiserast i regi av Museum Nord. 

I området, som tidlegare var ein del av fiskeværet på Rækøya, finn ein tydelege steinmurar, tufter etter rorbuer, veganlegg og støer/vorrer