Ukategorisert

– Heilt unikt i Europeisk samanheng

– Det er enormt viktig å ha eit slik fond. Det er heilt unikt i Europeisk samanheng, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen om Kulturminnefondet. 

Mandag fekk Kulturminnefondet besøk av statsråden. Han vart orientert om arbeidet som vert utført over heile landet med å bevare og skape nye verdiar i kulturminne og kulturmiljø.

Ministeren rosar samstundes Kulturminnefondet for godt arbeid.

– Den kompetansen som dei ansatte på Kulturminnefondet har og arbeidet dei bidreg til, er utruleg viktig for at vi skal lukkast med vårt samfunnsoppdrag. Det er også eit viktig bidrag for ei meir berekraftig framtid.

Viktig: Det er enormt viktig å ha eit slik fond. Det er heilt unikt i Europeisk samanheng, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen om Kulturminnefondet. Foto: Hanna Thevik

Enormt viktig

– Det er enormt viktig å ha eit slik fond. Det er heilt unikt i Europeisk sammenheng. Eg trur det er viktig av fleire grunnar; for det fyrste så har det ein verdi at felleskapet støtter og tek vare på kulturminna våre på vegne av oss alle. Og så trur eg det er ein anerkjennelse i det å vise felleskapet verdien av ferdige prosjekt, fortel klima- og miljøministeren.

Simen Bjørgen som er direktør i Kulturminnefondet, opplys at fondet legg vekt på bevaring gjennom aktiv bruk, tilgjengelegheit for publikum. Og at det gjerne blir gjeve støtte til prosjekt med næringsføremål.

– Det er fint å kunne vise fram kva pengane vi gjev i støtte til private eigarar og foreiningar betyr. Både for bevaringen av kulturminne og kulturmiljø, men også for menneskje som eig dei og korleis dei kan vere viktige ressursar for samfunnet, seier direktør Bjørgen. 

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen vitja Kulturminnefondet og vart orientert om arbeidet med bevaring. Her med assisterande direktør Pia Wigtil og direktør Simen Bjørgen. Foto: Hanna Thevik

Sirkulærøkonomi i praksis

Det å ta vare på kulturminna våre er sirkulærøkonomi i praksis, meiner Eriksen, og tilføyer;

Å ta vare på eksisterande byggmasse i staden for å bygge nytt er ein enormt god strategi. Både fordi det bidreg til eit lågare klimaavtrykk, men også for å kunne fortsette å fortelje den historia som kulturminna våre har.