Bjørndals Minne

Bjørndals minde er eit nyklassisistisk bygg med valmtak med vipp, og er sjarmerande for sitt slag. Bygget har og trekk av funkis, med det runde vindauget, enkle detaljar og leselege funksjonar.

Kulturminnefondet har støtta prosjektet med 1 250 000 kroner.

Sted

Ulsteinvik Kommune

Fast kulturminne

Forsamlingshus

– Utan Kulturminnefondet har ikkje det vore mogleg å berge huset. Me er uendelig takksame for den støtta og hjelpa me har fått.

Leiv Bjørndal, eigar og leiar for Stiftinga Bjørndalsfondet

Bjørndals Minne var vegen til utdanning for mange – blir no ei stue for kultur

Bjørndals Minne har vore ein viktig brikke i Ulsteinvik si reise frå bygd til by, og betydd mykje for mange i generasjonar. Det er eit signaturbygg i hjartet av Ulsteinvik sentrum og har sidan midten av 50-talet fungert både som realskule, gymnas og folkebibliotek.

Tekst og foto: Hanna Thevik

– Sjeldant å sjå på bygda

I 1952 gav Bjørndal-familien tomt til eit bygg som skulle huse realskulen og ei folkeboksamling. Huset, som seinare vart kalla Bjørndals Minne, stod ferdig i 1955 og hadde seks klasserom.

Bygningen er ein storslått bygning i nyklassisisme, som henta inspirasjon frå gresk og romersk arkitektur, og som var sjeldant å sjå på bygda i Noreg. Arkitekten som tegnet skolebygningen var Ole Halvorsen fra Bergen, og som har tegnet en rekke skolebygninger på Vestlandet.

Bjørndals Minne er et svært verdifullt kulturminne som blir allment tilgjengelig, – direktør i Kulturminnefondet Simen Bjørgen

Var vegen til utdanning for mange generasjonar

Bjørndals minne som husa realskulen har vore vegen til utdanning for to-tre generasjonar ungdom i Ulstein og omliggande kommunar. Realskulen opna også opp dørene til vidare utdanning til tekniske fag, ingeniørstudiar, økonomiske studiar og meir.

Mange av desse elevane kom tilbake til Ulstein etter avslutta utdanning og har vore aktivt med på å bygge kommunen til slik den har vorte i dag.

– Ein må på bakgrunn av dette kunne seie at ringverknadene som følgje av at Ulstein realskule vart skipa og utvikla gjennom 30 år, har vore store, og ein viktig faktor i utviklinga av Ulstein-samfunnet, seier Leiv Bjørndal.

Framtida til Bjørndals Minne har engasjert mange

Seinare vart det klart at bygget var for lite til å huse eit heilt gymnas. Då Ulsteinvik vidaregåande vart bygd, vart bygget til eit reint bibliotek.

Folkebiblioteket halde til i bygget fram til det flytta ut til Arena Ulstein som sto ferdig. Stiftinga Bjørndals Minne forvalta så eit bygg dei måtte finne ny bruk for.

I tillegg var bygget slitent og trong en god del restaurering. Bygget bar preg av langvarig lekkasjar og lite vedlikehald over tid.

Framtida til Bjørndals Minne i Ulsteinvik har engasjert mange, og bygget står mang eit hjarte nært.

– Vi meiner vi det har stor verdi å ta vare på Bjørndals Minne i Ulsteinvik, eit minne tilbake i tid, på ein stad med enorm vekst og utvikling, og som den akademiske institusjonen dette har vore, seier Heidi-Iren Wedlog Olsen, fylkeskultursjef i Møre og Romsdal.

Ynskjer å skape eit bygg for kultur

Leiv Bjørndal ynskjer å skape eit kulturbygg i Ulsteinvik Sentrum. Bjørndalsfondet som eig bygget har som mål å fremme kultur i og rundt bygget Bjørndals Minne, og no er bygget snart ferdig restaurert og kan nyttast til fleire formål. Bjørndals Minne står no framfor ei ny tid, og blir til eit hus som skal fyllas med kulturelle aktivitetar.

– Utan Kulturminnefondet har ikkje det vore mogleg å berge huset. Me er uendelig takksame for den støtta og hjelpa me har fått.

Dette gjekk 1 250 000 kroner frå Kulturminnefondet til:

Tilskot ble gjeve til å reparere taket og ny tekking med kobber på tårnkonstruksjon, remontere skifer og legge ny skifer.
Videre blei det gjeve tilskot til blant anna å rive og reparere innvendig vannskadede yttervegger og isoleringer. Det ble tilbakeført opprinnelig romløsning ved og fjerne en trapp mellom første og andre etasje, reparere og male innvendig tak, male yttervegger og noen små utvendige reparasjoner av sprekker i puss.