I bygda Volda, omkrinsa av spisse fjell og utsikt mot fjorden, ligg Pålgården. Den består av våningshus, kårhus, fjøs, arbeidshus, løde og naust. Løda på husmannsplassen er 125 år gamal. For å kunne fortsatt brukas og bevarast, trengs det å setjast istand. Til dette får dei 60 000 i tilskot frå Kulturminnefondet.
Eigar Magnhild Håskjold har eit ønske om å bruke større deler av bygget til oppbevaring av ved.
Vil ivareta kulturminnearven
Bygget blir primært bruka til oppbevaring av tungt reiskap og vedapallar. Sal av ved er ei biinntekt til garden.
– Bordkleiinga er av furupanel av seinvokse malmrik furu, og er handlaga av min tippoldefar. På austveggen er der litt mottangrep på kantane, men panelet er stort sett i god stand. Vi ønsker difor å bevare mest mogleg av det originale materialet. Sørveggen er svært nedslitt, og må mest truleg skiftast ut, skriv Magnhild i søknaden til Kulturminnefondet.
Magnhild vil bevare løda i si heilheit, som er av den gamle grindlødekonstruksjonen bygd av hennar sin tippoldefar, Paul Mork. Istandsetjinga vil difor ivareta kulturminnearven.
– Vi må også utbetre og styrke noko av den bærande konstruksjonen i bygget, skriv ho.
Grindlødekonstruksjonen er ein bygningsteknisk god konstruksjon. Det vil også gi eit estetisk løft til tunet.
– På sikt vil vi også utbetre det gamle skifertaket. På austsida er det lappskifer, på vestsida firkantskifer. Dette har vore slik i 125 år og vi vil gjerne behalde det slik, skriv ho i søknaden til Kulturminnefondet.
Produksjon av ved
Løa brukas til tørking og produksjon av ved for sal og er ein del av næringsgrunnlaget til garden.
– Drifta av garden har ei god samfunnsnytte, og Kulturminnefondet har gleda av å tildele inntil kr 60 000 til reparasjon av kledning og bærekonstruksjon, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.
Foto: privat fra søknaden
Dette skal tilskotet på 60 000 frå Kulturminnefondet gå til
Tilskot gis til å skifte ut noko knekt takskifer, reparere deler av berekonstruksjon i grindløe, reparera og skifte ut delar av kledning på veggen mot sør og behandle treverket mot mott.