Ukategorisert

200 000 til eit stykke norsk energihistorie

Lesjaverk kraftverk er eit vatnkraftverk ved utløpet av Lesjaskogsvatnet i Lesja kommune i Innlandet. Det vart ferdigstilt i 1942 og har vore i drift fram til 2015. No skal kraftverket setjast i drift igjen, for å levere kraft til det lokale kraftnettet. Kulturminnefondet har gleda av å bidra med inntil 200 000 kroner til prosjektet.

Kraftverket ligg i kulturområdet ved sida av gamle Lesja jernverk i austenden av Lesjaskogsvatnet. Lesjaverk kraftverk utgjer ein type kulturminne som Kulturminnefondet sjeldan får søknader om i Innlandet, og bidrar til å fortelje historia om elektrifiseringa i Noreg på 1900-talet.

Lesjaverk_kraftverk. Foto: PeltonMan

Vil opne opp og tilretteleggje for besøkande

Anlegget bærer preg av å vere 80 år. Det trengs gjennomgåande tiltak av faste installasjonar, bygningar og teknisk utstyr, skriver eigar i søknaden til Kulturminnefondet.

Når det er ferdig restaurert ynskjer eigarane å opne opp og tilretteleggje for besøkande.

–Det er positivt at det blir lagt opp til å ta imot besøkande for å formidle denne historia. Det blir også sett på som positivt at søkjaren ønskjer å restaurere kulturminnet for å kunne halde kraftverket i bruk og nytte det til å produsere energi til det lokale kraftnettet, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Kraftverket ligg i kulturområdet ved sida av gamle Lesja jernverk i austenden av Lesjaskogsvatnet.

Dette skal tilskotet frå Kulturminnefondet gå til:

Det blir gjeve midlar til restaurering av inntaksdam og avløpskanal og reparasjon av inntakskum og turbinkum. I masknrom trengs veggar, tak og golv å pusses.

Det gis også tilskot oppussing av kumhus for utstilling og formidling, samt demontering, restaurering, og gjenmontering av sugerør. I tillegg skal det monterast vrakgrind i inntaksdam, og vatnutsatte betongoverflatar skal behandlast.