av Åsne Vesås

Badstoga er eitt av åtte hus som utgjer gardstunet på Vesås i Vinje i Telemark. Vesås er ein typisk gard i øvre Telemark med om lag 1700 mål skog og 40 mål innmark. Åsne Vesaas og mannen Rune Bergstøl overtok garden i 2012 etter foreldra til Åsne. Garden har vore i slekta i om lag 400 år. På garden her står dei fleste av «småhusa» framleis i og kring tunet. Dette er også garden der Tarjei Vesaas vaks opp og slik sett eit viktig kulturminne også i den samanheng. Det er badstoge, eldhus, smie, bur og loft, i tillegg til våningshus, kårbolig og fjos/låve. Som alle som eig hus har erfart er det ofte ein runddans av ting som må rehabiliterast og eventuelt forbetrast, dette gjeld i høgste grad ein gard også. Rune og Åsne byrja overtaking si med å oppgradere og bygge på kårstoga. Det neste på lista var våningshuset, der eldste delen truleg er frå 1600-talet. Her har dei bytta tak, pussa opp kjøken og bad og bygd på eit lite vaskerom. Etterkvart blei det eldhuset sin tur, der blei det bytta tak, også i 2020 stod badstoga for tur.

Badstoga høyrer naturleg til som ein del av garden og kulturlandskapet, den blei i si tid bruka til å tørke korn, med benkar til dette langs veggane. Badstoga er saman med dei andre bygningane ein viktig del av heilskapen og tunet på garden. Badstoga står plassert på øvresida av tunet, med god avstand til eldhus og låve. Etter det me veit blei den bygd på midten av 1700-talet. Den fortel noko om livet som har vore levd her, det blei altså dyrka korn 660m over havet, noko som truleg var livbergande i mange år, men som dei slutta med på slutten av 40-talet.

Taket hadde sist blitt restaurert på byrjinga av 80-talet og på midten av 90-talet blei botnsvillane bytta ut. Taket byrja nå å bli prega av tida igjen, torvhaldstokkane var rotne, torva sklei av og vindskiborda hadde au sett sine betre dagar. I tillegg var det blitt råte i åsane og nokre av dei øverste stokkane på gavlveggane. Me fekk den lokale snikkaren me hadde bruka til å stelle på våningshuset til å gjera eit kostnadsoverslag på byting av tak på badstoga og søkte om midlar frå «Ta et tak» i regi av Norsk kulturarv og SMIL-midlar gjennom kommunen. Før me skulle byrje arbeidet såg me at fuktigheten hadde byrja å tære på botnsvillane igjen, då desse stod så godt som rett på bakken. Me fann då ut at sidan me likevel skulle av med taket, kunne det vera greitt å få lyfta huset opp og gjort eit betre grunnarbeid, slik at huset kunne stå tørrare. Me søkte då kulturminnefondet også om midlar og fekk gledeleg nok innvilga dette og kunne sette i gang arbeidet sommaren 2020.

Me reiv taket sjølve, i tillegg gjorde Rune grunnarbeidet sjølv. Då måtte me fyrst lyfte vekk huset, noko som innebar ein traktor og ei gravemaskin, i tillegg til ein bror og ein svoger. Når huset var trygt lyfta til sides grov Rune vekk jord og fylte på med stein og pukk, samt laga betre drenering med grøft og rør. Me fekk tak i steinar til å legge i hjørna og huset blei lyfta tilbake og sett oppå desse. Så gjorde den lokale håndverkaren Øystein Romtveit jobben med ny mønsås, nye sperrer, nokre nye stokkar, ny taktro, nye vindskibord og torvhaldstokkar. All material utanom taktroa er frå eigen skog. Det blei så lagt på papp, og oppå der skal det knotteplast og torv frå eige jorde.

Badstoga er i dag eit kulturminne i staden for eit brukshus. Me håpar framleis den vil koma i bruk, kanskje som ein overnattingsplass til utleige, eller i ana næringssamanheng på garden. Det er mange andre store utgifter og fleire hus som treng stell, slik at me kvir oss for å investere meir i badstoga før me finn ein bruk som kan gje litt avkastning. Men det kjennest bra å ha gjeve den eit lyft, faktisk heilt fysisk, slik at den kan kvile trygt før den igjen ein dag kan gjera nytte for seg.

Badstogo Vesås

Badstoga høyrer naturleg til som ein del av garden og kulturlandskapet, den blei i si tid bruka til å tørke korn, med benkar til dette langs veggane. Badstoga er saman med dei andre bygningane ein viktig del av heilskapen og tunet på garden.

Sted

Vinje, Telemark

Verdiskaping

Verdiskaping
  • Du kan søke om tilskudd til faste kulturminner. Dette kan være alle typer bygninger som eneboliger, gårdsbygg, naust, industribygg; i tillegg til hager og parker, historiske veier og andre fysiske anlegg som for eksempel steingjerder.
  • Du kan søke om støtte til sikringstiltak av kulturminner som har skader og umiddelbart behov for sikring mot videre forfall. 
  • Du kan søke om tilskudd til fartøy og båter.  
  • Du kan søke om støtte til alle typer rullende og bevegelige kulturminner, som personbiler, busser, motorsykler, togvogner, traktorer, sleder, karjoler, fly. Motorisert og ikke-motorisert. 
  • Du kan søke om støtte til kurs, konferanser og fagseminar. Vi prioriterer innhold om bærekraft, gjenbruk, ny bruk og tradisjonshåndverk.  
  • Du kan søke om støtte til formidling av kulturminner. For eksempel kan dette være produksjon av filmer, bøker, utstillinger eller andre formidlingstiltak. Vi prioriterer formidlingstiltak til prosjekter som tidligere har fått støtte fra Kulturminnefondet til istandsetting.