Breim heradshus
Breim Heradshus, bygd i 1887.
Kulturminnefondet har gitt tilskudd til restaurering av 14 store og 4 små vinduer og reparasjon av tak, kledning og istandsetting av inngangsparti. Det er også gitt tilskudd til å skrape, grunne og male bygningen med linoljemaling.
Sted
Breim, Gloppen kommune, Vestland
Verdiskaping
![Verdiskaping Verdiskaping](https://kulturminnefondet.no/wp-content/uploads/2018/10/verdiskaping-120x120.png)
Breim heradshus
Det fine, gamle heradshuset ligg vakkert til som ein del av det gamle bygningsmiljøet på Reed ved Breimsvatnet. Huset stod ferdig i 1887 og var for si tid eit stashus i sein-empir stil.
Tekst og foto: Gloppen kunstlag, Ståle Fitje i samarbeid med Aslaug Nesje Bjørlo
![](https://kulturminnefondet.no/wp-content/uploads/2022/02/2-Breim-Heradshus-fra-nordvest-utsnitt-fra-J.-Hundskar.-Fra-Reed-Stolsjenter-i-robat-300x185.jpg)
Breim Heradshus frå nordvest, utsnitt frå fotoet frå Reed av J. Hundskår. Slik såg huset ut i 1914.
Det meste av materialane i Breim Heradshus er frå Gamle Breim Kyrkje bygt i 1660-åra. Ho vart riven i 1886. Dette gjer huset endå meir spennande og verdfullt og såleis viktig å ta vare på.
![](https://kulturminnefondet.no/wp-content/uploads/2022/02/6-Breim-heradshus-2016-engelen-pa-skrarom-loft-nordvest-–-foto-S-Fitje-300x203.jpg)
På skrårommet på loftet mot nordvest kan ein finne denne engelen som ein gong var dekorasjon av interiøret i den gamle kyrkja frå 1660-åra. Foto: S. Fitje.
Der det er råd å kome til, kan ein sjå materialar, byggemåte og restar etter målte dekorasjonar frå 1600-talet.
Breim kommune vart oppretta på denne tida. Det er sjeldan å kunne finne eit heradshus på landsbygda frå så lang tid tilbake. Huset har i stor grad fått vere som det var då det vart bygt og inneheld såleis detaljar som var moderne og typiske for denne tida. Dette gjer det også i høgste grad viktig å ta vare på.
![](https://kulturminnefondet.no/wp-content/uploads/2022/02/4-Breim-heradstyre-samla-utanfor-Breim-Heradshus-i-1914-300x243.jpg)
Breim Heradsstyre samla utanfor Breim Heradshus i 1914. Frå J. Aaland: Gloppen og Breim, kommunesoga 1838 – 1937.
Huset har gjort teneste som heradshus frå det vart bygt i 1887 og fram til 1960 åra då Breim og Gloppen kommunar vart slegne saman på nytt. Her var kommunestyre-salar og møterom, og på loftet kommunale kontor til den bruk som var naudsynt i dei tider. I huset var det også bibliotek som var ope etter kyrkjetid på søndagar så kyrkjefolket kunne nytte høvet til å låne og levere tilbake bøker. Her i huset heldt også framhaldskulen til.
Etter kvart som tida har gått og dei krav som vert stilte, skal gjelde, vart huset lite brukt.
![](https://kulturminnefondet.no/wp-content/uploads/2022/02/10-Brein-H.hus-motesalen-22.02.2022-300x200.jpg)
Møtesalen i Breim Heradshus, kan nyttast til mange ulike føremål. Foto: S. Fitje.
Enkelte lag og organisasjonar hadde møteplass her, men etter kvart vart huset berre ståande ubrukt og meir til forfall. Gloppen Kunstlag overtok huset i 2016, og vedlikehaldsarbeidet kom i gang att.
Arbeid som er utført:
Vedlikehaldsarbeid er utført sidan 2016, med midlar frå Gloppen Kunstlag, Kulturminnefondet og Stiftelsen Uni.
Utan denne støtta ville ikkje Gloppen Kunstlag fått utført dette arbeidet.
Vindauga:
Alle dei originale vindauga med råmer og karmar er reparerte, skrapa, reinsa og impregnerte med rå linolje og måla med linoljemåling.
![](https://kulturminnefondet.no/wp-content/uploads/2022/02/7-a-Vindauga-mot-vest-som-trong-rep.-2017-225x300.jpg)
Eit vindauge i vestveggen på Breim Heradshus fotografert i 2017 som syner at det treng reparasjon. Foto: S. Fitje.
![](https://kulturminnefondet.no/wp-content/uploads/2022/02/7-b-Same-vindauga-mot-vest-ferdig-rep.-2022-225x300.jpg)
Same vindauge fotografert i februar 2022 som viser det ferdig reparert. Foto: S. Fitje.
Alle glas-rutene er tekne ut og sette inn på nytt i råmene og festa med kitt etter gamal metode. Rutene av gamalt, originalt, banka glas er brukte om att , og dei rutene som mangla av denne typen, er bytte ut med ruter av den gamle, originale typen. Alt arbeid er gjort i tråd med fagelege føreskrifter for bevaring av verneverdige hus.
Tak og inngangsparti:
Taket er reparert og vindfanget er teke ned og oppsett på nytt med nye materialar der det var bruk for det. Vindbord mot tak og nokre få dårlege bord i kledning er også bytte ut.
Måling og vask av huset:
Utvendig er huset vaska og måla med to strøk linoljemåling.I tillegg har Gloppen Kunstlag fått montert takrenne på vestsida av huset for å verne vindauga under.
![](https://kulturminnefondet.no/wp-content/uploads/2022/02/9-b-Breim-H.hus-ferdigstilt-fra-soraust-22.02.2022-300x225.jpg)
Breim Heradshus ferdig frå søraust, februar 2022. Foto: S. Fitje.
Tankar om framtidig bruk:
Gloppen Kunstlag arbeider no i 2022 med å finne ny eigar til huset. Huset kan tene ulike føremål t.d. som forsamlingslokale til møte, samkomer, mindre arrangement osv.
- Finn flere gode prosjekter til inspirasjon på våre nettsider
- Søk om støtte i vårt elektroniske søknadssenter