I hjartet av Seljord ligg Skararud Klokkargard, ein stad med rik historie og tradisjon. Garden, som har vore ubebudd i fleire år, ber tydelege preg av tida som har gått. Men no er det nye planar for staden.
Med støtte frå Kulturminnefondet skal garden bli bebueleg igjen, med mål om å kunne brukast heile året rundt.
Skararud Klokkargard har ein viktig plass i bygda si historie. Sidan 1865 har garden fungert som både lærar- og klokkargard, og var heim for kyrkjesongaren og læraren i bygda, saman med familiane deira. På gardstunet står også ein låve og eit stabbur, som bidreg til stadens historiske heilskap.
Fokus på tradisjon og berekraft
Fyrste prioritet er å restaurere hovudhuset, slik at det kan brukast som heilårsbolig.
Vi ønskjer å setje huset i stand etter tradisjonelle prinsipp og bevare så mykje som mogleg av det originale. Samstundes drøymer vi om å gjenskape det gamle kulturlandskapet, med både kjøkenhage, frukthage og kanskje til og med dyr på garden.
Huset har framleis den originale tømmerkassa, med fleire særpreg frå byggeåret, som originale vindauge, dør og tømmervegger. I stova står framleis den gamle grua, eit vitnesbyrd om garden si historie.
Stabburet på tunet er eit tradisjonelt Telemarksstabbur og står framleis slik det vart bygd.
Berekraftig prosjekt
Kulturminnefondet støttar prosjekt som kan gjennomførast økonomisk, og som legg vekt på berekraft.
Planlagte tiltak vil gjere huset bebueleg og samtidig sikre kulturminneverdiene som allerede finns der, seier styreleiar i Kulturminnefondet, Hanne Kristin Jakhelln.
Dette skal 278 000 kroner frå Kulturminnefondet gå til:
Tilskudd gis til drenering og fjerning av masse, oppjekking av huset, utskifting eller erstatning av manglende laftestokker i øvre halvdel av huset, stabling av natursteinsmur, utbedring av råteskade bak pipe, utskifting og tekking av tak, nye takrenner med overband og nye vindskier og pannebord.
Foto: Privat, fra søknaden til Kulturminnefondet