Kaihuset ligg i jordbærbygda Valldal blant bratte fjell og høge fossar, og er i frå 1936.
Det vert opprinneleg nytta som kontor og spedisjon for all båttrafikk.
I dag leiges kaihuset ut til kafédrift, noko som skal videreføras – til glede for båe lokale og tilreisande.
Eit verdifullt kulturminne
Kaihuset, som ligg midt mellom Trollveggen på den eine sida og Geirangerfjorden på den andre, er også eit ypparleg startpunkt for ein av mange opplevingar i Møre og Romsdal. Kaihuset huser ein kafé, og det er planlagt at ein del av kaia skal nyttast som start på Pilgrimsleia Valldalsleden. Det er også lista opp i Valldals kulturminneplan.
“Kaihuset er eit verdifullt kulturminne som står på kommunens kulturminneplan med næringsvirksomhet og til allmennyttig bruk”
– Simen Bjørgen
Nytt tak og ny fasade
Taket på kaia og fasaden skal istandsetjast. Det skal blant anna leggjast ny skifer og beslag i sink på taket, og fasaden skal få skinne igjen med ny maling. Kulturminnefondet har gleden av å tildele inntil kr 200 000 til dette føremålet.
Det er viktig å ta vare på kulturminner som dette – dei fortel historia om korleis samfunnet har utvikla seg. Det er også der det er aktiv bruk og næring at nye verdiar skapast og tiltaka kjem lokale og tilreisande til gode.
Dette skal tilskuddet på 200 000 fra Kulturminnefondet gå til:
Tilskudd gis til å reparere taket ved og demontere takskifer, legge ny takpapp,
nye slisser og lekter, nye vindskier, nye forkantbord, nye takrenner, beslag i sink,
remontere takskifer, montere nye snøfangere, skrape og male vegger med linoljemaling mot sør og øst.
Foto: fra søknad til Kulturminnefondet