Ei høgfjellshistorie som lever vidare

Tuddal Høgfjellshotell er eit byggverk av stor historisk og kulturell verdi. Dette unike kulturminnet har ei rik historie og representerer ein viktig del av Noregs arkitektoniske og kulturelle arv.

Sted

Hjartdal kommune

Verdiskaping

Verdiskaping

Tuddal Høgfjellshotell – eit historisk og kulturelt skattkammer

Tekst og foto: Simen Bjørgen

Tuddal Høgfjellshotell er eit byggverk av stor historisk og kulturell verdi. Dette unike kulturminnet har ei rik historie og representerer ein viktig del av Noregs arkitektoniske og kulturelle arv.

Hotellet blei først etablert som sanatorium på slutten av 1800-talet, med føremålet å gje menneske frå dei store, forureina byane høve til rekreasjon. Fjellklimaet blei sett på som helsebringande, og hotellet vart raskt eit populært reisemål for både nasjonale og internasjonale gjester. Hotellet har gjennom tidene husa mange kunstnarar og historiske personar, og gjestebøkene er bevarte heilt tilbake til den første gjesten.

Bygningane som huser Tuddal Høgfjellshotell er eit imponerande døme på tradisjonelle tun frå 1800-talet. Her finn vi lafta bygningar med karakteristisk dragestil, noko som gjev hotellet særpreg og sjarm. Omgitt av majestetisk høgfjellsnatur, med Gaustaknuten og sjølve Gaustatoppen i bakgrunnen, står hotellet som ein arkitektonisk perle i Telemark.

I dag driv hotellet med 20 rom og ein restaurant, i tillegg til to kafear, bryggeri, steinomnsbakeri og landhandel. Meir enn 5000 gjester vitjar oss årleg, og hotellet sysselset kring 17 årsverk. Tuddal Høgfjellshotell har stor kulturell betydning for bygda Tuddal, for Hjartdal kommune, for Telemark og nasjonalt. Staden har vore ein inspirasjon for kunstnarar, forfattarar, musikarar og skodespelarar, og har til og med vore treningsstad for polfararar som Roald Amundsen og Hjalmar Johansen i fjellområda kring Gaustatoppen og Hardangervidda.

Hotellet har vore gjennom to verdskrigar og industrialiseringa, men med dei same møblane, kommodane og skap som då dørene først opna. Alt er teken vare på med omhug. No, etter alle desse åra, treng bygningane omfattande vedlikehald for å bli bevart for komande generasjonar. Dette omfattar skifte av tømmer, takreparasjonar og restaurering av baderom. Bevaring av dette kulturminnet vil ikkje berre ivareta historia, men også styrke lokalsamfunnet og auke turismen til området.

Husk du kan også søke støtte til ditt prosjekt.

Tuddal Høgfjellshotell har også ei viktig rolle i lokalsamfunnet, der det skapar arbeidsplassar og gjev økonomisk aktivitet i bygde-Noreg. Hotellet sysselset opp til 27 personar i høgsesongen og har 17 årsverk. Hotellet har også vore med å starte ein ny skule i Tuddal, noko som gjev nye generasjonar høve til å lære om lokal fjellhistorie, bunadstradisjonar, matkultur og kulturarv. Med eigne telemarksfe bidreg hotellet også til bevaring av denne gamle kurasen, i tråd med den sterke vektlegginga på matkultur og tradisjon.

Bevaring av dette historiske hotellet vil sikre at den verdifulle kulturarven lever vidare og held fram med å berike kulturlandskapet i Noreg. Kulturminnefondet har støtta restaureringa av hotellet, mellom anna ved å bidra til oppjekking av nordaustre hjørne, utskifting av råteskadd tømmer og sperreendar, og utbetring av råteskadar i ytterveggane i andre etasje. Stokk for stokk blir kopiert og erstatta, og mellom samanføyingane blir det lagt fjørmose, plukka på dugnad. Dei vakre «knutane» som lenge har vore skjult, er no synlege att, til stor glede for gjester og besøkjande. NRK Telemark har laga både TV- og radioreportasje om dette arbeidet, og tilbakemeldingane har vore utelukkande positive, med stor respekt for den handverksmessige kvaliteten.

Arbeidet er utført med høg respekt for dei eksisterande bygningsdelane, der berre det aller naudsynte blir erstatta, og då med materialar av same kvalitet, dimensjonar og uttrykk som dei opphavlege.