Laurgard
Hans Marius Sletten Nuvstad (35) fekk konsesjon på Laurgard i 2022 og sette i gang restaureringsarbeidet med friskt ungdommeleg pågangsmot og konkrete planar om framtidig bruk av garden.
Sted
Laurgard i Sel kommune
Verdiskaping

Som unge leikte eg meg rundt Laurgard, men eg kunne ikkje i min villaste fantasi tenkje meg at eg ein gong skulle bli eigar av denne garden.
Laurgard i Sel kommune byr på spennande kulturhistorie
Foto og tekst: Kjell Nyhus
Film: Simen Bjørgen
Når du tek du ein liten avstikkar frå E6 på Nord-Sel langs fv. 2614 mot Vågå er det tre objekt på høgre handa du fort legg merke til like over brua over Lågen: kyrkja på Nord-Sel, statuen av Kristin Lavransdatter og lenger oppi bakken eit stor kvitmåla bygg med tre høgder. Det du ikkje ser, er det gilde tømmerhuset i to fulle høgder like bak. Dette er den gamle garden Laurgard der både Sigrid Undset og Hans C. Asbjørnsen har budd.

Store planar med Laurgard
Hans Marius Sletten Nuvstad (35) fekk konsesjon på Laurgard i 2022 og sette i gang restaureringsarbeidet med friskt ungdommeleg pågangsmot og konkrete planar om framtidig bruk av garden.
– Som unge leikte eg meg rundt Laurgard, men eg kunne ikkje i min villaste fantasi tenkje meg at eg ein gong skulle bli eigar av denne garden. Men da den vart lyst ut for sal, og det vart ein diskusjon om Laurgard kunne restaurerast vakna draumen i meg, fortel Hans Marius. Eg prioriterer restaureringa av tømmerhuset fyrst, og håper at eg alt frå sommaren kan tilby pilegrimar overnatting og noko sjølvhushald her. I fjor flytta eg sjølv inn i andre høgda i Pensjonatet.
Simen Bjørgen, direktøren i Kulturminnefondet, er også på Laurgard denne dagen, og etter ei orientering i kulden ute på gardsplassen lettar Hans Marius på plasten som dekker inngangspartiet i Gammelstugu og viser rundt i tømmerhuset der heile golvflata er dekt med plast over fyllmasse og plastrøyrer.


Vi har teke vare på den gamle inngangsdøra for renovering og gjenbruk, fortel Hans Marius.
I fyrste høgda blir det køyesenger med tanke på pilegrimane som også får tilgang til kjøkken og sanitære rom her i fyrste høgda.

Hans Marius og mor Anita samarbeider godt om renoveringsarbeidet av Laurgard.
Interessant historie
Både Gammelstugu og Pensjonatet er tømmebygg. Pensjonatet er kledd utvendig med tømmermannskledning på 1970-talet. På loftet er den originale kledninga og glasomramminga teke vare på. Hans Marius viser oss at tømmerstokkane i Gammelstugu er hogge til med øks, og at tømmeret kan vera frå 1500-talet. Garden er omtala i skriftlege kjelder frå 1520 som Lawergatt. Namnet Laurgard kom i 1723. I mellomalderen låg garden ned ved Lågen litt lenger ned fram til 1789 da 26 hus vart tekne av storflaumen Storofsen. Noko av tømmeret som vart berga er truleg nytta opp att i Gammelstugu. Da kong Christian V reiste gjennom Gudbrandsdalen var han innom Laurgard som har fungert både som skysstasjon, tingstad, postfordelingsentral, butikk og ein del av pilegrimsleden. Nobelprisvinnaren Sigrid Undset var på Laurgardsetra fleire gonger som ung jente, og i 1917-1918 budde ho i andre høgda i Gammelstugu på Laurgard – i det finaste rommet med to glas i tre retningar. Statuen av Kristin Lavransdatter ved kyrkja minner oss om at det var her ho fekk inspirasjonen til den historiske roman i tre bind. I krigsåra 1950 – 45 vart garden nytta som base av dei tyske soldatane.

F.v. statuen av Kristin Lavransdatter laga av Kari Rolfsen, Pensjonatet og Gammelstugu på Laurgard.
Mange eventyr og segn frå Laurgard
Eventyrforfattaren Hans C. Asbjørnsen (1805 – 1875) budde på Laurgard i 1842. Her møtte han skulemannen Hans Hansen Pillarviken og den 15 år gamle Engebret Hougen som gjennom samtaler i fleire dagar gav Asbjørnsen opptakten til fleire av eventyra som han skreiv, m.a. God dag mann økseskaft, Askeladden og dei gode tenarane, Kari Trestakk og Veslefrikk med fela. Her ser Hans Marius eit potensiale gjennom god forteljarkunst på eit nyrenovert Laurgard. Sjølv synleggjer han dette når han fortel om huldra på Laurgardseter, eit segn han kan tenkje seg å flette inn når det i framtida skal haldast bryllaup på «nye Laurgard».
Hans Marius fortel også om den svensk-norske målaren og forfattaren Gøsta af Geijerstam som budde på nabogarden Romundgard på same tid som Sigrid Undset var her. Dottera Sunniva fortel om vennskapet dei imellom i «Portrett og vennskap « som kom ut i 1994. Gøsta var ein naturromantikar med sans for stemning, mystikk og trollskap. I bøkene sine skildrar han i romanform livet til fjellbonden i Gudbrandsdalen. Her finn Hans Marius også interessant stoff som kan formidlast til gjestene på Laurgard.
Eigar med lokal forankring
Hans Marius kjenner garden og historikken til Laurgard godt. Når han står i tredje høgda i Pensjonatet kan han sjå oppover dit han voks opp, og han kan sjå nedover mot kyrkja, statuen av Kristin Lavransdatter mot Romundgard der han budde ein periode i oppveksten. Han hadde kort veg til barneskulen på Nord-Sel, og på vidaregåande valde han kokkeskulen, restaurant og matfag.
Laurgard er ein nydeleg plass med eit stort potensiale, og eg såg ei moglegheit til å realisere draumen min med Laurgard som ein særeigen plass for overnatting, mat, uteservering og kulturhistorie. Heldigvis har eg familie og venner som støttar opp både verbalt og praktisk, fortel Hans Marius som tek seg oppgåver som kokk att innimellom. Han har også to brør som er kokkar, så matlaginga skulle vera i dei beste hender. Mor Anita Sletten Nuvstad tek seg mykje av papirarbeidet og ulike søknader.
– Eg har kompetanse og papir på at eg kan skrelle poteter, men det er mor som må søkje om eg skal få lov til det her på Laurgard, smiler Hans Marius over bordet til mor Anita.

Kulturminnefondet sine vurderingar
Simen Bjørgen fortel kvifor Kulturminnefondet har gjeve positive tilsagn til prosjektet:
– Laurgard har ei lang og interessant kulturhistorie som eit senter for både lokale og tilreisande med ei imponerande bygningsmasse og er eit viktig landemerke i området. Slagordet vårt er «vern gjennom aktiv bruk». At Hans Marius har konkrete planar om å nytte garden til næringsformål med overnatting, servering og kulturformidling der alle får høve til å oppleva dette unike kulturmiljøet vurderer vi som svært positivt.
Renovering etappevis
Hans Marius ser for seg renoveringa av Laurgard i fleire etappar, der fyrste etappe vil vera å få renovert Gammelstugu. Ruteskifertaket på båe bygga må gåast over og tettast der det er registrert mindre lekkasje på lofta. Pensjonatet vart bygt på rundt 1900, og her ser Hans Marius for seg å slå saman tre stover i fyrste høgda til ein spisesal med plass til 50 – 60 personar, møterom, toalett, moderne nytt kjøkken og selskapsrom. Renovering av fasadar høyrer også med i denne fyrste etappen. Her er mykje alt gjort, og med ny kvit maling ser pensjonatet majestetisk ut.
Vidare ser Hans Marius for seg fleire sengeplassar i andre høgda i Gammelstugu også i det rommet Sigrid Undset budde i. Etter kvart når økonomien tillet det vil Hans Marius ha fokus på Pensjonatet der han ser for seg 14 sengeplassar, noko avhengig av kva for krav han møter i renoveringsprosessen. Dette er eit stort bygg i tre høgder som Hans Marius sikkert vil nytte ut på best mogleg måte i draumen sin om overnatting, god mat og drikke og opplevingar.
På garden står det to stabbur, og på andre sida av vegen eit baksthus som Hans Marius ønskjer å få plassert inne på tunet. Ei forfallen fiskebu ved Selsvatnet er også tiltenkt ein tunplass.

Stort økonomisk lyft
Anita har baka fersk kaffemat og Marius inviterer opp i andre høgda i Pensjonatet der samtala handlar om m.a. økonomi. Anita rettar ein takk til Simen Bjørgen for at Kulturminnefondet har imøtekome to søknader som dei har fått. Den eine var 130 000 kroner til prosjektet med fasadar og andre gongen 400 000 til prosjektet med skifertaka.
Mor Anita har gjeve klår melding om at ikkje noko skulle kastast frå garden før ho hadde sett på det.
– Og da eg var på loftet i Gammelstugu ein dag, mellom flis og anna fyllmasse oppdaga eg ein stor pappask full av papir. Den var full av brev, postkort med frimerke og andre dokument tilbake til 1800- talet, fortel Anita med entusiasme. Her må vi få ein som er kvalifisert til å gå gjennom heile asken og systematisere innhaldet. Inne i Pensjonatet er det teke vare på ein god del møblar, maleri og foto på veggane og anna inventar. Derfor var det mogleg å arrangere ein halloweenkveld her som ikkje meinst ungane sette stor pris på.
– Har du skrivi søknaden sjølv, og korleis har de opplevd prosessen med Kulturminnefondet, vil Simen Bjørgen gjerne ha svar på.
Anita stadfestar at ho har skrivi søknadene sjølv og at kommunikasjonen med Kulturminnefondet har vore god. Ikkje berre at dei har fått tilsagn om økonomisk støtte, men representantar frå fondet har vore på besøk og gjeve konkrete positive råd med restaureringa.
Ho opplyser vidare at dei har fått 100 000 til forprosjektet frå Innovasjon Norge, 49 000 frå Norsk kulturarv, 20 000 gjennom SMIL-midlar frå Sel kommune og folk frå Innlandet fylkeskommune har vore her på synfaring.
Men, som Hans Marius er klar over vil restaureringsarbeidet ta tid. Vi må skunde oss sakte, avsluttar han samtalen på kjøkkenet i andre høgda i Pensjonatet der han nå bur.

