Karusbakken
Husmannsplassen Karusbakken i Vågå består av et tun med våningshus, låve, stall, stabbur, grisehus, fjøs, træv og en utedo. Deler av våningshuset kan dateres helt tilbake til 1652.
Dette er en av få husmannsplasser som er bevart i området, og er et viktig kulturminne.
Fortidsminneforeningen kjøpte stedet og stoppet det eskalerende forfallet på Karusbakken.
De ønsker å legge til rette for fremtidig bruk.
Kulturminnefondet har støttet
med 300 000 kroner.
Sted
Vågå Kommune
Fast kulturminne
Husmannsplassen Karusbakken i Vågå blir restaurert
Foto og tekst: Kjell Nyhus
«Gammal husmannsplass med sju hus med panoramautsikt mot Jotunheimen søker ny eigar med interesse for kulturminne og renovering.»
Dette var ordlyden i salsannonsen i Finn.no i 2022 som fekk generalsekretær Ola Harald Fjeldheim i Fortidsminneforeningen (FMF) til å fatte interesse for husmannsplassen Karusbakken. Det er i alt 7 hus på husmannsplassen: stugu, stabbur, låve, stall, grishus, steinfjos og trev. Lenger oppe i bakken på eit område som tidlegare høyrde til Karusbakken er det eit heimkufjos mura med naturstein.
På oversida av den kommunale vegen forbi husmannsplassen ligg Eldhuslykkja med eit hus som dei siste eigarane av Karusbakken brukte som bustad. Det følgjer også med ein liten skogeigedom i salet. Rundt 30000 hadde klikka seg inn på annonsen, men dei fleste som kom til Vågå på synfaring tykte forfallet hadde kome for langt.
Forfallet gjorde derimot at interessa hjå generalsekretæren berre vart større. Det meste kan restaurerast, og i dei sju husa på tunet i Karusbakken såg han for seg eit hav av spennande og lærerike istandsetjingsoppgåver. FMF vart dermed for to år sidan den nye eigaren av Karusbakken som hadde stått folketom dei tretti siste åra.
Slekta set stor pris på at den nye eigaren vil restaurere husmannsplassen som har ei fantastisk utsikt ned mot kommunesenteret Vågåmo og innover Kvitingskjølen og Jotunheimen. Dette inngår som ein viktig del av opplevinga av husmannsplassen, og Karusbakken er ein av få husmannsplassar som er teke vare på i området.
Stort forfall
Generalsekretæren har trakka gjennom golva i husmannsplassen eit par gonger utan å bli skremd av det.
Vi skal ta vare på Karusbakken som ein husmannsplass og samstundes drive kursverksemd om korleis ein så forfallen plass kan takast vare på. Med husmannsplassen Karusbakken i bygningssamlinga til FMF kan vi også ta vare på og formidle historia til eit kvardagsminne, seier Ola H. Fjeldheim.
– Eg fekk hakeslepp!
Det var kommentaren frå Christine Sundbø fyrste gongen ho såg Karusbakken og forfallet etter at husmannsplassen hadde stått folketom i så mange år. Da var ho prosjektkoordinator i Norsk handverksinstitutt og tykte det var kjempekult at Fortidsminneforeningen hadde teke over plassen med mål om å restaurere samtlege hus i det gamle tunet. Alt er mogleg fortel ho oppi Karusbakken der Norsk handverksinstitutt har samarbeidd med Fortidsminneforeningen om kurs i m.a. turrmuring og lafting. Christine Sundbø er seinare tilsett i bygningsvernavdelinga i FMF.
Arkitekt Kjetil Sæterdal er tilsett i FMF med hovudansvar for restaureringa av Karusbakken. Han var på synfaring i Karusbakken i lag med Einar Engen som også arbeider i bygningsvernavdelinga i FMF. Dei skulle sjå grundig på stugu og skrive ein rapport som grunnlag for kva som må gjerast med stugu som kan daterast tilbake til 1652.
– Eg har sett det verre, seier Einar Engen når rotne tømmerstokkar kjem til syne bak panelet. Det blir nok ein kopi som kjem opp att på natursteinsmuren her. Ein tommelfingerregel som Riksantikvaren også brukar er at når ein må skifte ut over halvparten av tømmeret så blir det ein kopi av det opphavlege bygget. Trevet i bakkant av steinfjoset, der dei tok inn mose som dyrefor, blir også ein kopi. I låven som er oppattlafta i hallen til Trehuseksperten i Vågå er om lag 55% erstatta med nytt tømmer. Verdien er likevel heilskapen og plasseringa av husa i ein slik husmannsplass som Karusbakken er, sjølv om nokre av husa blir ein kopi. Storleiken på huset og dimensjonen på det nye tømmeret blir så langt råd er vidareført, fortel ein entusiastisk Engen som er glad for at Fortidsminneforeningen tek vare på Karusbakken som ein av få husmannsplassar som er teke vare på.
Kjetil Sæterdal er også optimist sjølv om det ligg mykje arbeid framfor dei med å restaurere alle hus i Karusbakken.
– «Vi i FMF tenker i utgangspunktet at «alt kan reddes». Dette kombinert med stor gjennomføringsevne gjør at vi våger å gå løs på prosjekter andre kanskje vil se på som nærmest håpløse, og da vil det gjerne dukke opp overraskelser underveis», seier Sæterdal og gjev uttrykk for at han nok gjerne skulle sett at dei var komne noko lenger i restaureringsarbeidet
Kursing av unge handverkarar
Karusbakken skal vera ein arena for kurs og formidling av tradisjonshandverk. Derfor har istandsetjingsarbeida motteke 3,5 mill. frå Sparebankstiftelsen DNB. Kulturminnefondet, som har gjeve tilskot på på kr. 300.000 til restaurering av låven og nedtaking av stugu, skriv at dei ser positivt på at det er planlagt kurs i Karusbakken til opplæring i tradisjonelle handverksteknikkar. Det har alt vore fleire kurs, dels i samarbeid med Norsk Håndverksinstitutt som held til på Lillehammar. Gjennom kurs i lafting og turrmuring er både grishuset og stabburet restaurerte og retta opp att. Deltakarane her har kome frå prosjektet Ungt tradisjonshåndverk og i samarbeid med Hjerleid på Dovre. Lærlingen Markus Abrahamsen frå Rørosmuseet sit med bandkniven på tvers av tømmertstokken med følgjande kommentar:
– På denne måten får eg brukt kroppen min. Eg blir noko kei om kvelden, men da søv eg godt. Og så er det inspirerande å få vera med og ta vare på noko av kulturhistoria vår forankra i bygg.
Like etter at Fortidsminneforeningen tok over Karusbakken vart det gjennomført eit kurs i tilstandsregistrering. Ei klasse frå Vågå ungdomsskule har med støtte frå Norsk kulturarv gjort ein flott dugnadsinnsats med rydding.
Skjøtselplan utarbeidd
Med Statsforvaltaren i Innlandet som oppdragsgjevar er det utarbeidd ein skjøtselplan for to område i Karusbakken. I juli i fjor var ei skjøtselgruppe for slåttemark i Innlandet på studietur i husmannsplassen. Naturtypen artsrik slåttemark er sterkt truga og vart i 2011 vald ut som ei naturtype med vern gjennom Naturmangfaldloven. Slåttemarkene er ofte blomsterrike og blir omtala som «blomsterenger». Dei husar også eit stort mangfald av insekt. I Karusbakken vart det funne totalt 39 ulike planteartar pluss mose og sopp. Mellom anna vart det påvist smånøkkel og flekkgrisøyra, den siste ein raudlista planteart. Eldhuslykkja og eit område nedanfor stugu er peika ut som område for å ta vare på «blomsterenga».
Mykje er alt gjort —
Takka vera bølgjeblekkplater på taket har stabburet halde seg bra. Med ein kombinasjon av kurs i turrmuring og lafting vart stabburet retta opp med restaurering av steinmuren og utskifting av nedre kvarvet. Under stabburet er det aurbu som gjorde teneste som frysar for ulike matvarer før i tida.
I samarbeid med Hjerleid på Dovre er grishuset teke ned og lafta opp att med nye stokkar og lagra for vinteren, Til våren skal lærlingane setja det opp att og legge torv på taket. I haust vart stallen lyfta opp og drege litt lenger ut på tunet, dette som eit spesielt kurs i jekking og flytting. Etter merking og nedtaking er fleire nye kvarv lafta på plass for at stallen skal bli heilt restaurert til sommaren.
Det som visuelt dominerer restaureringsarbeidet så langt på husmannsplassen er låven som vart lagt opp att i haust. Låven er flytta litt lenger utover for å skape litt betre sikt for trafikkantane forbi Karusbakken. Her har Trehuseksperten i Vågå med Kjetil Løkken i spissen gjort eit godt fagarbeid med innlafting av nytt tømmer. I fyrste omgang er det lagt bølgjeblekkplater på taket før det skal bli lagt torvtak til sommaren att.
Det er Steinar Moldal på Dovre som har fått oppdraget med å restaurere stugu som etter planen skal takast ned før vinteren og fraktast til Dovre for innandørs arbeid gjennom vinteren. Da vil også gangen inn til stugu koma på plass att slik det opphaveleg var. I bakken vest for låven ligg steinfjoset og trevet og «ropar på hjelp» for å koma seg opp att. Spennande og lærerike prosjekt innan tørrmuring og lafting – og med mykje kulturhistorie bak! Dette ser arkitekt Sæterdal for seg restaurering av når dei andre husa er ferdigrestaurerte om tre år.
Fortidsminneforeningen har med bistad frå Nordplan send inn ein søknad til Vågå kommune om omdisponering av låven til andre formål samt tiltak mot flaumfare. Sæterdal er i ferd med å henge opp banneret til Kulturminnefonde på låveveggen når han får følgjande spørsmål:
– Kva er visjonen med Karusbakken ?
– FMF ønsker å gjøre husmannsplassen allment tilgjengelig gjennom arrangementer og fremtidig overnatting. Karusbakken gir også en mulighet til å skape en kursarena innenfor ulike typer tradisjonshåndverk. Det er allerede gjennomført kurs hvor istandsetting av stabbursmuren og det laftede grishuset har vært kursobjekter. FMF ser for seg at alle bygningene på satt i stand og at låven blir bygget om innvendig etter prinsippet «rom i rommet» med nye tekniske installasjoner i form av kjøkken og bad/WC. Dette vil gjøre det mulig å benytte plassen til overnatting og kurs, men også til utleie for fritidsbruk. Jordveien vil bli skjøttet etter en utarbeidet skjøtselplan. Ved å bevare våningshuset i sin opprinnelige form vil vi kunne fortelle på en tydelig måte om livet på en husmannsplass, fortel arkitekten med hovedansvar for restaureringsarbeidet i Karusbakken
Kjetil Sæterdal kan også fortelja at ei ny klasse frå ungdomsskulen skal vera med ein dag for å lære seg turrmuring av steinmur under stallen. Eit kurs i restaurering av dei gamle glasa i stugu står også på programmet, der gjenbruk er eit stikkord.
Song og musikk
I husmannsplassen Bakken som er nabo til Karusbakken voks Peder Knudsen opp (1819 – 1863). Han skreiv melodien til «Jeg er så glad hver julekveld». Det har etter kvart vorte ein tradisjon vele julekvelden i Øygardsgrenda der Karusbakken ligg at fleire fakkeltog møtes ved juletreet i Bakken og syng julesangen til Marie Wexelsen og Peder Knudsen. Peder er gravlagd i Ålesund der han var organist. I Karusbakken har det gjennom tre generasjonar vore mykje musikk, spesielt på trekkspill og torader. Dei som kjenner til gammaldansgruppa «Jutullaget» veit kanskje at primus motor, Jan Amund Karusbakken, er leiar i gruppa. Far til Jan Amund, Asmund, var i si tid med og stifta trekkspillklubben i Vågå. Om eit par år kan kanskje samlinga rundt juletreet avsluttast med litt traktering inne i låven på Karusbakken.