Jærbuen II
Jærbuen II er ein 42 fots kravellbygd spissgatter, teikna og bygd som lystbåt av Colin Archer i Larvik i 1898. Etter ti år med omfattande restaurering med støtte frå Kulturminnefondet og fleire andre aktørar, er båten no attende i Larvik som eit seglande kulturminne.
Sted
Larvik, Vestfold
Fartøy

Eit seglande kulturminne er attende i Larvik
Etter ti år med omfattande restaurering er «Jærbuen II» – ein kravellbygd spissgatter på 42 fot, teikna og bygd av Colin Archer i Larvik i 1898 – endeleg attende i sitt rette element ved Skottebrygga i Larvik.

Fredag 23. mai markerte Foreningen Larvik Sjøfartsmuseum den høgtidlege tilbakekomsten med to slag i skipsklokka og ei samling av 15 støttespelarar, gjevarar og samarbeidspartnarar som har vore med på den lange reisa mot målet: Å redde og bevare eit viktig stykke norsk båthistorie.
Restaureringa har vore både teknisk krevjande og tidkrevjande. Då båten i 2014 byrja å ta inn meir vatn enn han slapp ut, stod det klart at det måtte omfattande tiltak til for å unngå at «Jærbuen» gjekk tapt. Med respekt for båtens opphav og antikvariske verdi har det vorte gjennomført ei rekkje reparasjonar og nøyaktige rekonstruksjonar: ny forstevn, kne, spant og bordgangar – alt utført i tråd med opphavlege løysingar når det gjeld konstruksjon, materialbruk, dimensjonar, festemiddel, drev og overflatebehandling.
Under vatn er det lagt ny hud med bronseboltar, og båten har fått ny trekjøl og ny motor. Den 7 tonn tunge jernkjølen er bevart og gjenbrukt, festa med spesialstøypte og smidde boltar – eit krevjande arbeid som har vorte gjennomført etter antikvariske retningslinjer. Samstundes har originalinteriøret vorte varsamt demontert, restaurert og sett attende til opphaveleg utføring. I cockpiten har ein stått overfor eit val: skal ein bevare overflata frå 1970-talet, eller gå attende til den originale utsjånaden frå 1898?
Kulturminnefondet har gjeve tilskot til mellom anna reparasjon av skroget og montering av historiske interiør. Prosjektet er eit godt døme på korleis fleire gode krefter – både offentlege og private – saman kan sikre framtida for viktige kulturminne. Blant dei som har støtta prosjektet er Bergesenstiftelsen, UNI-stiftelsen, Sparebankstiftelsen DNB, Larvik kommune, Vestfold fylkeskommune, Riksantikvaren og Kulturminnefondet.
Risør Trebåtbyggeri har stått for hovuddelen av restaureringa, og det siste året har ein engasjert dugnadsgjeng frå Skottebrygga kystlag sørgd for finish og detaljar – og arbeidet held fram. Under markeringa takka Kulturminnefondet for innsatsen og overrakte ei plakett for vel gjennomført prosjekt. Dei peika på «Jærbuen» som eit av dei mest vellukka prosjekta fondet har vore involvert i, og uttrykte ynskje om fleire liknande søknader frå Vestfold.
No ventar nye eventyr for «Jærbuen». I løpet av sommaren blir det arrangert opne visningar og foredrag om båtens historie – mellom anna under havnefestivalen i slutten av juli. Som den einaste seglande originale Archer-båten i Larvik, er ho ikkje berre eit kulturminne – ho er ei gåve til byen og til framtida.