Gardane langs storfjorden

Storfjordens Venner har gjennom nesten 50 år forvalta og restaurert meir enn 140 verneverdige bygningar langs Storfjorden.

Dei har avtale med Sunnmøre Live, som formidlar kulturarven langs Storfjorden.

Serien vart støtta med 50 000 kroner av Kulturminnefondet gjennom formidlingsordninga.

Sted

Storfjorden, Møre & Romsdal

Formidling

Formidling

Kulturminnefondet støttar sesong 4 av "Gardane langs Storfjorden" – sjå den her!

Den rike historia og kulturarven langs Storfjorden vert godt formidla av Sunnmøre Live som har laga fleire seriar av «Gardane langs Storfjorden». Kulturminnefondet har bidrege med 50 000 kroner med støtte til produksjonen av sesong 4, som utforskar livet på dei historiske gardane i området. 

Vil gjere kulturarven tilgjengeleg

TV-stasjonen Sunnmøre Live har gjennom fleire sesongar skapt engasjerande innhald som gir sjåarane eit innblikk i historia og kvardagen på dei pittoreske fråflytta gardane langs Storfjorden.  

Vi får svært mange og gode tilbakemeldingar frå alle delar av landet og lokale TV-stasjonar som ber om løyve til å vise opptaka, kan Inge Bjørdal fortelje. Han er styreleiar i Storfjordens venner. 

Storfjordens Venner har vore ein viktig partnar i dette arbeidet, med mange prosjekt for bevaring og istandsetjing av desse kulturminna.  

Kulturminnefondet har tidlegare støtta fleire av restaureringsprosjekta på gardane. 

– Vi er svært glade for alt vi har fått gjennomført av desse produksjonane. Tidsvitna vært færre og færre, og det hastar difor å få gjort denne jobben, fortel Inge.  

Husa og gardane er ein del av eit heilhetleg og verdifullt gards- og kystmiljø som fortel om fiskarbondens liv og virke, som er viktig å få formidla, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet. 

Tidsvitna vært færre og færre

 

Svært verdifullt

Han seier at folk oppsøkjer stadane i etterkant. Dette fører til ein synleggjering av arbeidet med å ta vare på kulturarven. Det kjem óg lokal turistnæring til gode. 

– Produksjonen er såleis blitt svært verdifullt for organisasjonen vår. Vi har fått mange nye medlemmer gjennom dette tiltaket, seier Inge Bjørdal. 

Målet er å bevare Storfjordens rike kulturarv og gjere den tilgjengeleg for dagens folk og komande generasjonar.

Ti episodar med lokale forteljingar

Sesong 4 av «Gardane langs Storfjorden» består av ti episodar, kvar med unike historier og perspektiv frå livet på dei historiske gardane. Serien gir sjåarane høve til å lære om både dei små og store hendingane som har forma desse samfunna.  

Episodane fokuserer på alt frå kvardagsliv og tradisjonar til utfordringane og gleda ved å bevare kulturarven. 

Trykk her for å sjå heile serien