jugendstil, rønebergbua, bygg, mur

Rønnebergbua i Ålesund i jugendstil. Den har no vorte istandsett med blant anna nye vindauge, og murfasaden har fått ein ny glød.

Notenesgata 9

Sted

Rønnebergbua, Ålesund

Forretningsbygg

Bolighus

Vi opplevde prosessen med å søkje støtte frå Kulturminnefondet som svært positiv og ryddig, seier Berit Westad, leiar for Handelshuset Rønneberg.

 

– Arbeidet med Rønnebergbua har vore utfordrande, men med god bistand frå faginstanser og dyktige handverkarar, ser dette lovande ut.

Det praktfulle bygget i Ålesund har fått en ny glød

Midt i hjartet av Ålesund sentrum står det eit imponerende byggverk; Rønnebergbua. Den har no gjennomgått ein omfattande istandsetjing. Bygningen er ikkje berre eit viktig kulturminne, den er også eit eksempel på vern og verdiskaping gjennom næring og aktiv bruk.  

Tekst: Hanna Thevik    Foto: Privat

Kulturminnefondet har hatt gleda av å bidra med 525 000 kroner til restaurering av fasade og til nye vindaugeRønnebergbua. Det hasta med å få gjort desse tiltaka da dreiv inn mykje vatn på vérfasadene med vind og regn. Kulturminnet er svært verdifullt i et heilhetleg bymiljø med næringsvirksamheit, og er allment tilgjengelig.  

Praktfull jugendstil

Bygningen er eitt av de mest monumentale frittståande forretningsbygningane i Ålesund sentrum og er oppført i ein praktfullt jugendstil, tegnet av arkitekten Karl Norum. Han nytta seg i å bruke arkitektoniske og dekorative element fra Norsk storheitstid saman med moderne byggjeteknikk og ein nyare formspråk i 1907. 

Rønnebergbua, teiknet av arkitekten Karl Norum

Dette gjeld også resten av hans produksjon i Ålesund. Når det gjeld moderne innslag, minns dei rektangulære vindaugene med smårutar i øvre del om samtidige bygningar i Secessionsstilen i Wien. Resultat­et vert båe interessant og pittoresk.  

“Bygningen fekk ein eigen karakter, den båe viderefører ein eldre byggjeskikk og fortel om den tiltenkte funksjonen bygningen skulle ha der og da”, heiter det i eit skriv frå NTNU. 

Det var også eit moderne krav til arkitektur ved århundreskift­et. Materialbruk og arkitektonisk formspråk i Rønnebergbua for­tel også om byggherrens økonomiske evnar. 

Spesiell i sin beliggenheit
Rønnebergbua frå 1907 er spesiell i sin beliggenheit.  Bygningen er todelt og består av eit pakkhus og eit administrasjonsbygg som er i eitt og same bygg.

– Det ligg som eit sjølvstendig bygg, og ikkje i ein samanhengjande bygningsstruktur som dei fleste andre bygg frå gjenreisningsperioda gjer eller er meint å gjere, opplyser Berit Westad, leder for Handelshuset Rønneberg.

Med ei funksjonell planløysning, arkitektonisk utforming og ein sen­tral plassering ved havnebassenget og med kontakt til Kipervikområdet, gjorde Rønnebergbua lett tilgjengelig for små og store kunder og vareleverandører både på sjø og land.

I dag huser Rønnebergbua butikk og kontorer.

 

 

 

“Rønnebergbua er eitt godt eksempel på korleis næringsvirksamheit og kulturarv kan kombinerast til å skape nye verdiar.” – Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet

Arbeid på fasade: Fugene er vorte rensa og erstatta.

Eit omfattande arbeid 

Etter ein gjennomgang og eit klarsignal frå båe riksantikvarar, fylkeskonservatorar, og andre myndigheitar, kunne fasadearbeidet på den verna bygningen setjast igang. Da dei starta med oppgraderingen, var det vesentleg å få tetja lekkasjane i yttervegg og vindauge. 

Istandsetjinga har vore omfattande og det er vorte teke omsyn til dei opprinnelege detaljene i bygningens utsjåande. Marmorsteinen har fått omtanke, og fugene er vorte rensa og erstatta. Vindauge frå sjette etasje og ned til fjerde etasje er vorte skifta ut og tilbakeført til sitt opprinnelege utsjånad; karmane er av tre og fargane er også slik dei var da byggjet vart oppført. 

Dette arbeidet var svært utfordrande, men med god bistand frå faginstansar og dyktige handverkarar har gjort at det så langt ikkje har vore registrert ei einaste lekkasje gjennom vinteren.

–Vi er imidlertid på langt nær ferdige med istandsettingen av dette vakre bygget. I dette fyrste trinnet har vi bytta ca halvparten av dei 136 vindaugene og har renovert ca halve steinfasaden, seier Berit Westad.

–Vi håper å kunne starte med istandsetjing av resterende fasader, blyglas-vindauge, hovud-trappeløp og takvindauge i løpet av hausten-23 eller våren-24, avslutter Westad.

Også innendørs er dei i full sving med istandsetjing av nye kontorlokalar. Det blir teke omsyn til det originale; det skal bevarast mest mogleg detaljar. 

No er Rønnebergstuas fasade nesten ferdigstilt. Fasaden er ein kombinasjon av pussflatar og marmorstein frå Eide på Nordmøre. Dette gjev bygningen eit utrykk som er typisk for jugendstilen med detaljerte ornament, gavlar og tårn. 

 

Nye fuger på Rønnebergbua, her i toppen av ark. Foto: Privat

Rønnebergbua, jugendstil, murhus, bygg, murbygg, ålesund, ornamenter, tårngavl
Praktfulle Rønnebergbua har fått nye vindauge.