Redda eldste smia på Bryne

Når arbeidsdagen er over tek Reier Carlsen ofte på seg arbeidsbuksa. Fritidsinteressa er bygningsvern, for den røynde arkitekten. No er det vindauga frå Raunefjell gard som er kveldssysselen i garasjen.

Tekst og foto: Simen Bjørgen

Smia frå 1906 vert rekna som den eldste bygningen i Storgata på Bryne. Bygget vart oppført i ein seinempire og sveitserstil. Den har gjennom åra vore gjennom fleire innvendige endringar.

Det var behov for istandsetting når søknaden til Kulturminnefondet vart sendt i 2019. Bygget hadde stått tomt og ubrukt i mange år. Men heldigvis var eksteriøret bevart, og ein kunne sjå og spore den utviklinga som hadde vore.

Tilskotet vi fekk frå Kulturminnefondet skapte moglegheiter til å realisere prosjektet, seier Reier Carlsen, som også er leiar i det lokale laget for Fortidsminneforeningen på Jæren.

Næringsaktivitet

Planane for ein aktiv framtidig bruk har heile tida vore klare. Næringsaktivitet i fyrste etasje og bustad i andre etasje. I dag er det Smiå Cafe som held til i fyrste etasje. Dette er ein koseleg serveringsstad der du kan få kjøpt buffé, påsmurte surdeigsbrød, bollar, kaker, kaffi og mykje meir. Atmosfæren i den gamle smia er uimotståeleg.

Bygget litt heilt sentralt i Bryne sentrum, med siktelinje til kyrkja. Prosjektet bidrog også til at Time kommune såg nytte i å setja i stand grøntareal i tilknyting til Aaresmia. Samla sett har dette vorte ein flott møtestad for bygdefolk og tilreisande.

Aaresmia og Steinslandhuset. Kulturminnefondet har gjeve stønad til båe husa.

Gjenbruk

– I dette prosjektet har vi brukt opp att det som kan gjenbrukas, seier Carlsen.

Han syner fram alt frå dørvridar og dører, til kledningsbord og dei kjende teglpannene frå Sandnes på taket. Det er tydeleg å sjå at dette taket har vore med nokre år.

For Reier Carlsen er det eit vakkert syn.

Alt arbeidet er utført med høg handverksmessig kvalitet. Men det har vore naudsynt med auge for detaljar i eit sveitserstilshus som arkitekten sjølv har hatt overoppsynet med.

Av andre detaljar som er gjenbruk kan også nemnast vindaugsrammer, vindusknektar og takrenner med lodda bend.

Kulturminnefondet har også gjeve støtte til nabobygget i Storgata 35, Steinslandshuset.

Alt arbeidet er utført med høg handverksmessig kvalitet. Men det har vore naudsynt med auge for detaljar i eit sveitserstilshus som arkitekten sjølv har hatt overoppsynet med.