Kariusbakken
Karusbakken har vorte ein ideell kursarena. Hus og kulturlandskap blir brukte aktivt som læringsobjekt og alle kurs bidreg til å restaurere husmannsplassen samstundes som deltakarane får praktisk erfaring.
Sted
Vågå
Verdiskaping

Karusbakken i Vågå kursarena innan tradisjonshandverk
-Av Kjell Nyhus
Da Fortidsminneforeningen kjøpt husmannsplassen Karusbakken i 2001 såg dei for seg at den forfalne husmannsplassen kunne bli ein interessant arena for ulike kurs innan tradisjonshandverket. Husmannsplassen har totalt sju hus på tunet: våningshus frå 1650, stabbur med aurbu under, stall, låve, grishus, steinfjos og trev. På oversida av den kommunale vegen ligg eit eldre våningshus, og på tomta der har det tidlegare stått eit eldhus. Litt lenger oppi bakken, på tidlegare eigedom til Karusbakken, står eit heimkufjos mura med naturstein som den nye eigaren ønskjer å restaurere. Husmannsplassen har også hatt ei seter lenger oppi Jettlia kjøpt for tre kalvar.
Karusbakken har vorte ein ideell kursarena. Hus og kulturlandskap blir brukte aktivt som læringsobjekt og alle kurs bidreg til å restaurere husmannsplassen samstundes som deltakarane får praktisk erfaring.

Kursdeltakarane kan ikkje klage på utsikta frå Karusbakken der dei øver med barklaft med nye kvarv på plass i stallen.

Stor interesse for restaureringskurs i laft og spuns
Rådgjevar Christine Sundbø i avd. bygningsvern i Fortidsminneforeningen fortel at det har vore arrangert fleire kurs i Karusbakken. Det har vore fleire kurs i lafting og tørrmuring der både grishuset og stabburet har vorte bygde opp att. Deltakarane her har kome frå prosjektet Ungt tradisjonshandverk. Det har også blitt gjennomført kurs i tilstandsregistrering. Stallen vart teke ned i fjor haust som eit kurs i merking, jekking og forflytting.
Det er stallen som er kursobjekt på kurset i laft og spuns, og dei sju deltakarane som fekk plass hadde ein god grunnkompetanse som lærling eller tømrar. Det merka gamle tømmeret låg klart til å bli teke i bruk og delvis bli spunsa inn med nytt virke.
Laftar, formidlar og musikar
Det er Audun Eken hjå Løken Bygg as som er kurshaldar og formidlar av tradisjonshandverket der barklaft, eggeverktøy, materialkvalitet og spuns er stikkord for dei tre kursdagane.
Audun sit inne med mykje kunnskap som han deler med kursdeltakarane sine. Han fortel at det er registrert rundt fire hundre lafteteknikkar tilbake til 1700-talet og at han legg stor vekt på å vidareføre dei lokale laftetradisjonane. Derfor er det barklaft som står i fokus i Karusbakken når han fortel og demonstrerer korleis dei ulike trinna i laftinga blir utførte og kalla. Han fortel og viser fram dei skarpslipte eggeverktøya som blir brukte. Kva som er god materialkvalitet innan gran og furu blir også gjennomgått, og når det nye tømmeret møter det gamle som ligg og venta på å bli brukt blir spunsing eit nytt tema – korleis dei reparerer gamle stokkar med nytt tømmer.

Fleire kurs i Karusbakken framover
Christine er spesielt oppteken av at elevane på eit tidleg tidspunkt må bli orienterte om korleis dei kan utdanne seg innan tradisjonshandverka. Ikkje berre for å skaffe seg kompetanse innan praktiske fag som eigeninteresse, men også for å kunne ta vare på og føre vidare tradisjonshandverka og bygningskulturen.
To av deltakarane
Morten Heljar Strand frå Averøy er med sine 19 år den yngste deltakaren på kurset i laft og spuns. Han gjekk vidaregåande skule i Kristiansund og er nå andre året som tømrarlærling hjå ei lokal verksemd på Averøy.
– Eg er nok meir ein praktikar og set pris på å ta vare på dei gamle måtane å bygge hus på. Derfor tykkjer eg det er meir interessant å ta vare på den gamle bygningsarven framfor å bygge heilt nytt. Det var som å vinne i Lotto å få plass på dette kurset som eg tykkjer er svært interessant og lærerikt. Eg skal ut i fyrstegongsteneste i det militære i Nord-Norge i august, så får eg sjå kvar vegen min går vidare når eg er ferdig der, avsluttar Morten og høgg vidare på tømmerstokken med den gamle skarpe øksa si.

Morten Søbakk (27) kjem frå Nord-Odal der han driv eit enkeltmannsføretak som tømrar etter at han tok svennebrevet i 2017. Han er femte generasjon på eit småbruk frå 1860 og har ni hus som treng vedlikehald. I tillegg driv han som skogsarbeidar.

Simen Søbakk (27) frå Nord-Odal ønskjer å skaffe seg meir kunnskap om tradisjonshandverket for vidare formidling.
– Det har vore mykje nytenking i dalføre mitt der interessa for å ta vare på bygningskulturen har vore så som så. På 40- og 50-talet vart det bygt mange nye bygg, så det er langt mellom å sjå lafta bygg. Eg ønskjer å skaffe meg meir kunnskap om tradisjonshandverket innan m.a. lafting som eg kan formidle vidare i lokalmiljøet mitt i Odalen. Fleire tek over gardar og blir buande der med heimekontor, og det er positivt. Eg har vore med på seks kurs dei siste åra, m.a. på Hjerleid på Dovre. I oktober skal eg arrangere eit kurs innan tørrmuring i Nord-Odal med ekstern formidlar, og eg ser etter kvart for meg å halde eigne kurs sjølv og. Det er ei stor glede å vera med på slike fagkurs og møte folk med same interesse for tradisjonshandverket.
Morten er ein kursdeltakar som har som visjon og klåre planar om å dele kunnskapen han opparbeider seg med andre.


