Operalåven i Hallingdal
Det hundre år gamle fjøset vart i 2024 gjort om til ein konsertsal. Herfrå ser ein utover dalen og fjella rundt … også når ein er inne i salen
Sted
Ål kommune
Verdiskaping
Operalåven – kulturarv og musikk i hjarta av Ål
Tekst: Simen Bjørgen Foto: Privat
Låven på garden Nørdre Sehl i Votndalen i Ål vart bygd i 1933 av Marit Sehl sin oldefar Halvor Sehl. Han romma kyr, hest og sau. Ein staseleg gard frå byrjinga av 1700-talet. Det har ikkje vore landbruksdrift på garden på 50 år. Garden har vore brukt som feriestad for familien, og låven stod tom frå 1968 og fram til 2018 då Marit tok over og familien busette seg der. Ho er songar/musikar/dirigent og ønskte å ta med seg kompetansen sin til sitt nye heimstad. Sidan 2019 har låven vore brukt som kulturarena, med arrangement drivne av Marit Sehl Musikk.
Nye tonar i tidlause omgjevnader
Det hundre år gamle fjøset vart i 2024 gjort om til ein konsertsal. Herfrå ser ein utover dalen og fjella rundt … også når ein er inne i salen! Den 7 meter lange glasveggen gjev deg kjensla av å vere ute i naturen, sjølv om du sit varmt og godt innandørs.
Operalåven er den einaste aktøren innan opera i Buskerud. Faste konsertseriar er Nyttårskonsert, Påskeklang og Sommaropera. I tillegg held dei andre konsertar gjennom året, gjerne i samarbeid med andre arrangørar.
Operalåven kan leigast til ulike arrangement. Salen har plass til inntil 140 personar. Det finst kjøkken, garderobe og toalett, alt med universell utforming.
Når gamalt og nytt smeltar saman i Ål
Søknaden til Kulturminnefondet omfattar berre arbeid med fasaden – altså det som er synleg utanfrå. Ål kommune si byggjesaksavdeling har gitt klare signal om at dei ønskjer at låvens ytre ikkje blir endra vesentleg i samband med ombygginga, sidan området og landskapet har eit tradisjonelt preg som dei ikkje ønskjer store avvik frå.
Middel til den øvrige ombygginga er tildelt frå Kulturdepartementet, Kulturdirektoratet, Bergesenstiftelsen, Eckbos legat, Ål kommune og private gjevarar.
Husk du kan også søke støtte til ditt prosjekt.