Kulturminnefondet er ei tilskotsordning for private eigarar av ulike typar kulturminne.
Vi vart oppretta av Stortinget i 2002 og er underlagt Klima- og miljødepartementet.
Her finn du forskriften for vedtektene.
Visjonen vår er vern gjennom aktiv bruk. Sjå vår strategiplan her »
Kulturminnefondet får kvart år ein instruks frå Klima- og Miljødepartementet gjennom eit tildelingsbrev der instruksen er vedlagt.
Føremål
Vi skal bidra til å styrke arbeid med å bevare verneverdige kulturminne slik at eit mangfold av kulturminne og kulturmiljø kan nyttas som grunnlag for framtidige opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping.
Kven kan søke?
Private eigarar av kulturminne, frivillige organisasjonar, lag og foreningar, anten dei eig kulturminna sjølv, eller forvaltar dei på vegne av andre private eigarar.
Kva kan det søkast om?
Kulturminnefondet kan støtte
- faste kulturminne
- fartøy og båtar
- sikringstiltak
- rullande og bevegelege kulturminne
- kurs og fagseminarar
- formidling